Reisebrev frå PPU-praksis i Linz

– Det var fantastisk å sjå kor godt dei arbeida saman med kollegar med å utveksle aktivitetar og undervisningsopplegg, og sjølv lærarar som hadde arbeidd på skulen i fleire tiår, lærte nye aktivitetar ofte. Dette forklarar Hege Ringdal. Ho er ein av fleire studentar ved praktisk pedagogisk-utdanning som har hatt tre veker praksis i Linz, Austerrike.

Kroppsøvingstime i gymsal

Undervisning i kroppsøvingsfaget i Austerrike. Foto: Privat

Tekst: Hege Ringdal, Student ved praktisk-pedagogisk utdannning

- Oppdatert

Del på:

Vi var 3 studentar frå praktisk pedagogisk-utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda, som kom til Linz første søndag i starten av mars. Vi fekk sjekka inn på studenthyblane med ei nydeleg utsikt over by og åsar. I tillegg kunne vi sjå bort på praksisskulen vår, Europagymnasium Auhof, som vi skulle bruke mykje tid hos dei komande vekene.

Oppstarten var veldig fin, der vi måndagen vart tatt godt i mot på Pedagogische Hochschule. Her fekk vi informasjon om både skulen, og alt praktisk rundt praksisdelen, samt tips om spennande museum, bygg og fjellturar vi kunne utforske. Måndag kveld åt vi middag saman med ein av lærarane på Die Gelbe Krokodille, med påfølgande sightseeing i byen. Ein veldig fin start for å bli litt kjend med området.

Tysdag var første dag på praksisskulen vår, LISA (Linz International School Auhof). Det var overveldande å kome til ein så stor skule med rundt 1500 elevar frå 10-18 år, men vi blei tatt godt i mot av både lærarar og elevar. Dette gjorde at dei første dagane med observasjon både var spennande og lærerike. Lærarane var veldig inkluderande og eg følte uansett kva klasse eller lærar eg følgde så var dei interessert i kva bakgrunn eg hadde, kvar eg kom frå og korleis eg kunne få best mogleg utbytte av tida i Austerrike.

To bilder sammensatt av sightseeing i Linz
Foto: Privat

Dersom du får moglegheit til å reise anbefalar eg det på det sterkaste!

– Hege Ringdal

Nysgjerrig på praktisk-pedagogisk utdanning?
Les meir om tilboda våre, og søk her!

Undervisning og erfaringsutveksling i kroppsøving

Ettersom eg har kroppsøving som fag brukte eg mykje tid i den delen av skulen med hall og fekk her inspirasjon ikkje berre frå eigne lærarar, men også frå andre som hadde undervisning parallelt med mine timar. Det var fantastisk å sjå kor godt dei arbeida saman med kollegar med å utveksle aktivitetar og undervisningsopplegg, og sjølv lærarar som hadde arbeidd på skulen i fleire tiår, lærte nye aktivitetar ofte

I løpet av mine 3 veker på LISA fekk eg vere innom 7 ulike klasser, både gutar og jenter, samt vere med i symjeundervisning. Eg fekk også ganske frie moglegheiter til å legge opp undervisninga eg sjølv skulle gjennomføre, og dette var veldig kjekt!

Bilete av skulen og inne i gymsal
Foto: Privat

Forskjellar og likheiter i undervisninga

Den største forskjellen i kroppsøving mellom Austerrike og Noreg at dei har kjønnsdelt undervisning. Eg fekk inntrykk av at det fungerte godt, og at det er fordelar og ulemper med begge inndelingar. Likevel var mykje likt, der kanonball i alle variantar stod høgt på LISA school også. Dagane gjekk i eit med mykje innhald på skulen der vi også blei inkludert i aktivitetar på ettermiddag/kveldstid som ballsport med lærarane, sirkus arrangert av elevar og kunstutstilling. Vi deltok også på eit fag via den pedagogiske høgskulen i Linz, classroom management, saman med andre internasjonale studentar. Dette gav bra utbytte med ein flink forelesar som hadde gode oppgåver der vi fekk utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Via høgskulen vart vi også invitert med på både podcast-innspeling og live broadcast om praksisperioden og refleksjonar rundt forskjellar og likheiter mellom skulesystemet og undervisningsmetodar i Noreg og Austerrike.

Mykje å oppleve utanom skuletid

Utanfor skulen hadde ein meir enn nok å oppleve med perfekt plassering mellom bysentrum og åsar ut mot landet. Det var kort veg til fine stiar for å oppleve landskapet rundt byen med utsiktspunkt, kyrkjer og bygningar. I sjølve sentrum kunne ein rusle rundt å sjå på bygg og kunst, drikke god kaffi og smake fantastisk bakst.

Ein kveld reiste vi til Pöstlingberg for å sjå på solnedgangen, noko som verkeleg anbefalst, heilt nydeleg! I tillegg fekk vi med oss ein lokal guide til Ternberg for å vise oss ein rundtur i litt høgare fjellterreng. Den fantastiske byen Wien er også berre ein god time unna med tog og her kan ein planlegge ei helg eller ta ein dagstur som vi gjorde.

Anbefalar praksis i utlandet

3 veke gjekk unna på eit blunk. Eg er veldig takknemleg for denne moglegheita, for å bli tatt så godt i mot på skulen, få utfordra meg med undervisning på ein internasjonal skule og få lære veldig mykje. Både undervisningsmetodar og nye aktivitetar, som eg skal ta med meg inn i eigen kvardag som lærar. Det å få oppleve ein ny by ved sidan av praksistimane har også vore skikkeleg kult. Dersom du får moglegheit til å reise, anbefalar eg det på det sterkaste!

Auf wiedersehen, Linz!

Del på: