Vidareutdanning (bachelornivå)
Introduksjon til skaparverkstad
Emnet skal gi deg innsikt og forståing av skaparverkstad som læringsarena. Du skal få grunnleggande kjennskap til designprosessar som fremjar samarbeid og skaparglede, og lære å arbeide tverrfagleg med ulike verktøy og teoriar.
Emnet har ei studieavgift på kr. 3000,-.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Nettstudium
- Studiepoeng:
- 10
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.11.2025
Emnet er svært relevant for dagens skule, og set teori og praksis i tett samanheng med læring og undervisning.
Studentane skal mellom anna få kompetanse til å kunne reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til skaparverkstad, i tillegg til å kunne vurdere etiske aspekt og utnytte skaparverkstaden sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og arbeidskrav.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er svært relevant for dagens skule, og set teori og praksis i tett samanheng med læring og undervisning.