Klima- og miljørapporten for HVO: lågare energiforbruk og mindre reising

Energiforbruket ved Høgskulen i Volda (HVO) nådde eit botnpunkt i 2024 og reduksjonen i klimagassutslepp frå flyreiser gjennomført av HVO-tilsette er betydeleg, viser klima- og miljørapporten for HVO.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Som sertifisert Miljøfyrtårn leverer HVO ein årleg rapport som dokumenterer miljøarbeid og målingar. Høgskulen vart i 2024 resertifisert som Miljøfyrtårn, eit sertifikat som er gyldig i tre år.

Det betyr at HVO vil halde fram med klima- og miljørapportar, og no er 2024-utgaven klar.

Halvert energiforbruk

Den viser at energiforbruket ved HVO i 2024 var på 115 kWh/m2, som er ein reduksjon på 14 prosent frå året før. Dette gjer at trenden med stadig lågare energiforbruk held fram, og det er meir enn ei halvering av forbruket frå 2017, då ein starta med målingane.

I Berte Kanutte-huset og Henrik Kaarstad-huset er ventilasjonsanlegga oppgradert, noko som bidreg til meir miljøvennleg drift og mindre energiforbruk.

Flyg og køyrer mindre

I 2024 vart reisepolicyen for alle tilsette ved HVO oppdatert. Det kan sjå ut til å ha gitt utslag i løpet av kort tid, for talet på flyreiser har gått ned. Reduksjonen i klimagassutslepp på flyreiser gjennomført av HVO-tilsette er på 19 prosent, det har gått frå 120 tonn CO2e i 2023 til 96 tonn CO2e i 2024. Ein god del av dette skuldast at tilsette deltek digitalt på møte i staden for å reise.

Det er ikkje berre flyreiser det har blitt mindre av for dei tilsette ved HVO. Dei reiser også mindre med bil. Reduksjonen i køyregodtgjersle er på 23 prosent frå 2023 til 2024. I 2024 vart det registrert 191 385 km i køyregodtgjersle, mot 146 264 km i 2023.

For å få dei tilsette til å reise enda meir miljøvenleg vart i fjor gjennomført sykle til jobben-kampanje.

Mindre avfall

Fleire sorteringsstasjonar for avfall kom på plass ved HVO i 2024. Film om sortering blir vist regelmessig på skjermar rundt om på høgskuleområdet.

Avfallsmengda har gått ned 19 prosent, men er framleis litt høg, dette skuldast rydding i samband med ombygging. Det er venta ytterlegare nedgang i 2025, men der er framleis opprydding på gang.

Fleire tiltak

HVO har gjort enda meir i 2024 for å betre klima- og miljøforholda, sjå under her for noko av det.

  • Deler av plen er omgjort til blomstereng, og blir no slått ein til to gongar per år.
  • Det er etablert eit biehotell på høgskuleområdet.
  • Ny sandvolleyballbane har blitt laga til.
  • Berekraft er tatt inn i deler av utdanningane og er tema i arbeidet med studieporteføljen.
  • Møblar som har vore til overs har blitt levert til Volda kommune for gjenbruk.

Del på: