Kan juble for deltaking i KI-milliardsatsing
No er det klart: Høgskulen i Volda (HVO) blir partnar i eit av seks forskingssenter for kunstig intelligens (KI). Med dette er HVO del av regjeringa si prestisjetunge milliardsatsing på KI-forsking.

Nyheita 11. juni 2025 om at HVO deltek i eit av dei prestisjefylte KI-sentera, måtte feirast med marsipankake! Bak frå venstre står forskingssjef Henriette Hafsaas, konst. høgskuledirektør Oddrun Rangsæter og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Til høgre står ordførar Sølvi Dimmen og digitaliseringsleiar Paul Ottar Tornes frå Volda kommune. Framme frå venstre ser vi Andreas Brandsæter, Siv M. Gamlem og Runar Lie Berge, som saman med Kjetil Vaage Øie (ikkje til stades) utgjer kvartetten av HVO-forskarar i det nye KI-senteret.
Det har vore enorm interesse rundt den såkalla KI-milliarden, der Noregs forskingsråd (NFR) har lyst ut støtte til å opprette fire–seks nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens (KI).
NFR fekk heile 50 søknader, som involverte over 600 aktørar, og mellom dei var Høgskulen i Volda (HVO) partnar i to av søknadene.
I dag kom den gledelege nyheita frå regjeringa om at eit av seks KI-senter blir «The Norwegian Centre for Trustworthy AI» (TRUST), der HVO er mellom forskingspartnarane. Dei nye KI-sentera får inntil 200 millionar kroner kvar over fem år.
Det norske senteret for truverdig KI, på godt norsk, vil vere eit oppdragsorientert forskingssenter som utviklar ny KI-teknologi, studerer korleis teknologiane kan bli tilpassa behova i samfunnet, og undersøkjer dei samfunnsmessige konsekvensane av KI. Professor Arnoldo Frigessi ved Universitetet i Oslo (UiO) skal leie senteret.
- Les meir om alle KI-sentera her: «Regjeringens milliardsatsing: Dette er Norges seks nye forskningssentre for kunstig intelligens» (forskningsradet.no)

Kan skape uante moglegheiter
– Dette er utruleg kjekt og spennande, og ikkje minst er det med på å setje Høgskulen i Volda på kartet saman med UiO og dei andre samarbeidspartnarane. Eg trur ikkje vi enno ser alle moglegheitene dette kan skape for oss framover, seier ein glad og stolt rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Konstituert høgskuledirektør Oddrun Rangsæter meiner det store omfanget av aktørar i TRUST-prosjektet viser fagtyngda dette kan byggje vidare for HVO som partnar.
– Det er kjempeviktig at vi ved høgskulen vektlegg forsking, og at vi gjennom slike fellessatsingar hentar kunnskap inn i institusjonen. Slik viser vi oss også i eit distriktsperspektiv som ein attraktiv partnar i større samarbeid. Når vi får fleire ph.d.-stipendiatar i dette prosjektet, blir vi også med på å setje vårt preg på KI-senteret, seier Rangsæter.
Lagarbeid har vore eit viktig stikkord bak søknaden, og i vinter blei det klart at Sparebanken Møre gav 4,2 millionar kroner til KI-samarbeidet HVO søkte om – den største private tildelinga HVO har fått til forsking nokosinne.
HVO-leiarduoen vil framheve det å ha ein regional aktør som Sparebanken Møre med på laget:
– Skal ein finansiere forsking i dag, er det svært viktig å kunne stille med fleire finansieringspartnarar, både private og offentlege. Det er derfor ei uvurderleg støtte for høgskulen å ha ein slik samarbeidspartnar, seier direktør Rangsæter og rektor Tonheim.


Stor anerkjenning av kompetansen ved HVO
Frå HVO har fire forskarar vore med i NFR-søknaden til i senteret for truverdig KI (TRUST): professor Siv Gamlem, førsteamanuensis Andreas Brandsæter, førsteamanuensis Runar Lie Berge og førsteamanuensis Kjetil Vaage Øie.
HVOs forskingssjef Henriette Hafsaas er svært glad for at senteret med HVO-forskarar på laget kom gjennom nålauget i den prestisjefylte utlysinga av KI-milliarden.
– Vi er stolte over å vere partnar i TRUST-senteret! Dette er ei stor anerkjenning av den kompetansen forskarane våre har bygd opp innan kunstig intelligens, digital læring og samfunnsrelevant forsking. Gjennom samarbeidet i KI-senteret får vi tilgang til sterke fagmiljø og spennande forskingsarenaer, både nasjonalt og internasjonalt. Vi får også høve til å rekruttere to til tre ph.d.-stipendiatar som saman med dei etablerte forskarane skal bidra til utviklinga av ny kunnskap om inkluderande, rettvise og ansvarlege KI-system – med relevans for mellom anna politikkutvikling, rettsvesen, helse og utdanning. Dette er eit viktig steg i Høgskulen i Volda si vidare satsing på forsking og innovasjon, understrekar forskingssjefen.
Nyheita om at Høgskulen i Volda framover skal bidra i spissen av norsk forsking på kunstig intelligens, gjer også Volda-ordførar Sølvi Dimmen strålande nøgd:
– At Høgskulen i Volda no er del av eit nasjonale senter for kunstig intelligens, er ei viktig anerkjenning av den faglege kompetansen ved høgskulen. Dette styrkjer Volda si rolle som kunnskapskommune og opnar for nye moglegheiter innan både utdanning, næringsutvikling og offentleg samarbeid. Eg gratulerer høgskulen med tildelinga og ser fram til dei positive ringverknadene dette vil ha for regionen, avsluttar ordføraren.