Ny bok om lokaldemokrati med bidrag frå HVO-valforskar
Skal vi krympe kommunestyret? Og kva skjer med representasjonen etter geografiske samanslåingar? Dette er tematikkar som professor Bjarte Folkestad belyser i to ferske bokkapittel.

Foto: HVO. Bokomslag: Cappelen Damm Forskning.
I dag blir boka Lokalvalgene 2023: maktforskyvning og normalisering lansert på Cappelen Damm. Høgskulen i Volda (HVO) er representert i boka ved professor Bjarte Folkestad, som er med på to kapittel i boka.
- Heile boka kan lesast med open tilgang på nettstaden til forlaget (cdforskning.no).
Storleiken på eit kommunestyre
I kapittelet «Skal vi krympe kommunestyret? Folkevalgtes argumenter for og imot reduksjon av kommunestyrets størrelse» ser Folkestad saman med Dag Arne Christensen (NORCE) og Jacob Aars (UiB) på korleis kommunane argumenterer for og imot endring i storleiken på kommunestyret.
Frå 1979 til 2019 har talet på kommunestyrerepresentantar vorte redusert med meir enn 4000 representantar. I forkant av valet i 2023 var det 39 kommunar som valde å redusere kommunestyret, medan 3 kommunar valde å auke talet på representantar.
Kapittelet bruker mellom anna kunstig intelligens (KI) som forskingsverktøy for å finne argument for og imot denne endringa basert på analysar av kommunestyreprotokollar og saksutgreiingar.
Kapittelet finn at argument som støttar reduksjon, ofte handlar om økonomisk-effektive argument som typisk handlar om møteutgifter og langdryge politiske prosessar. Argument som går imot reduksjon, krinsar ofte rundt tema som representasjon og demokrati.
Vidare analyserer forfattarane om reduksjon i storleiken på kommunestyret får konsekvensar for kvinnerepresentasjon og talet på parti som vert representerte.
Forfattarane konkluderer med at kommunestyrereduksjon ikkje ser ut til å ha påverka talet på kvinner og parti i kommunestyra i 2023.
Geografisk representasjon i samanslåtte kommunar og fylke
I det andre kapittelet som Folkestad er medforfattar på, skriv han saman med Elisabeth Bakke (UiO) om korleis den geografiske representasjonen i samanslåtte kommunar og fylke har utvikla seg.
Kapittelet «Geografisk representasjon i samanslåtte kommunar og fylkeskommunar – framleis rause sentrumskommunar?» ser nærare på om kandidatar frå dei ulike geografiske delane av dei samanslåtte kommunane og fylka er ulikt representerte. Kapittelet byggjer på kandidatdata i dei 47 samanslåtte kommunane og dei 4 samanslåtte fylka.
Kapittelet finn at den dominerande sentrumskommunen, typisk den største gamlekommunen, generelt har auka sin representasjon sidan 2019. På same tid ser ein at veljarane frå dei mindre delane av kommunane i større grad endrar på listene og endrar den geografiske balansen.
Kapittelet undersøkjer også om kjønns- og alderssamansetjing har endra seg. Her finn forfattarane at det ikkje har vore store endringar, men at det er ein tendens til eit alders- og kjønnsskilje mellom sentrumsdelen og periferidelane av dei samanslåtte kommunane.