Vidareutdanning (bachelornivå)
Spel i læringsarbeid
I denne vidareutdanninga vil du som lærar få kunnskap om og inspirasjon til å bruke dataspel i undervisning på ulike måtar - frå quizar og småspel, interaktive fortellingar, simuleringar, escape rooms eller å lage eigne spel saman med elevane.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Dataspel er eit viktig kulturuttrykk og en sentral del av barn og unges mediekultur. Spel vert også brukt meir og meir i undervisning.
Du vil lære å kjenne igjen typiske element frå spel, og bruke dei som verkemiddel for a spelifisere eigen undervisning. I emnet vert det også fokusert på etiske problemstillingar knytt til spel, og korleis ein kan vurdere spel som læremiddel.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr, i tillegg til semesteravgift.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Det er lagt opp til studentaktive arbeidsformer og spelifisering av undervisninga.
Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leiar fram mot arbeidskrav og mappevurdering.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
