Forskingsdagane

Pecha Kucha-arrangement under Forskingsdagane i Volda.
Pecha Kucha-arrangement på Studenthuset Rokken. Foto: Olav Standal Tangen.

Forskingsdagane gjev kvart år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. 

Det nasjonale temaet for Forskingsdagane i 2024 er "Helse".

Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda i 2024 vert arrangert i perioden fredag 20. september til torsdag 26. september.

Ta gjerne kontakt med koordinator og regionkontakt Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.