Forskingsdagane 2017

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane
på nasjonalt plan. I 2017 er det nasjonale temaet «Verdiar».

Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i 2017 arrangert for 23. gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med uni­versitet, høg­skular, forskings­institutt, bibli­o­tek, museum og næringsliv står bak.

Arrangementa er gratis og opne for alle.

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

 

Programheftet for Forskingsdagane 2017: