Forskingsdagane 2021

Forskingsdagane 2021

I 2021 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 24.- 28. september (23.- 30. september), med det nasjonale temaet "Fred og konflikt".

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Torsdag 23. september

Seminar: Undervisning i kontroversielle tema

Seminar om undervisning i kontroversielle tema.

For lærarstudentar og andre, og for samfunnsfaglærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule. 

Førstelektor Elisabeth Teige og førsteamanuensis Chalak Kaveh, ASH.

Tid: Torsdag 23. september 2021 kl. 14.30 - 17.00

Stad: BK 161, HVO.

 

 

Fredag 24. september

Utdeling av FoU-prisen 2021 og opning av Forskingsdagane 2021

Utdeling av FoU-prisen 2021 og opning av Forskingsdagane 2021.

FoU-prisen for 2021 går til professor Roar Amdam ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag, Avdeling for samfunnsfag og historie.

Musikalsk innslag ved Hildegunn Hovde.

Tid: Fredag 24. september 2021 kl. 11-12.

Stad: Biblioteket, HVO.

 

Laurdag 25. september

12-konsert i Volda kyrkje

12-konsert.

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda framfører eksamenskomposisjonane til årets studentar i emnet Intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi.

Dirigent er professor II Magnar Åm (AKF). 

Tid: Laurdag 25. september kl.12.

Stad: Volda kyrkje, Volda.
 

Søndag 26. september

Gudsteneste under Forskingsdagane

Gudsteneste.

Tid: Søndag 26. september 2021 kl. 11.

Stad: Volda kyrkje, Volda.

 

Matkultur i Volda Bygdetun

Matkultur i Volda Bygdetun.

Matkultururelle opplevingar for små og store.

Høgskulelektor Kari Ryslett og førsteamanuensis Erik Fooladi, AHL.

Tid: Søndag 26. september 2021 kl. 13-16.

Stad: Volda Bygdetun, Volda.

Måndag 27. september

Foredrag: Inger Marie Okkenhaug

Foredrag.

Armenske flyktningar og norsk bistand under og etter første verdskrig.

Professor Inger Marie Okkenhaug, ASH.

I samarbeid med Senioruniversitetet i Volda og Ørsta.

Tid: Måndag 27. september kl. 14-15.

Stad: BK 161, HVO.

Animerte metaforar - Animasjonsfilmkveld på Studenthuset Rokken

Animerte metaforar.

Tid: Måndag 27. september kl. 19-22.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.
 

 

Tysdag 28. september

Avhandlingsforum

Foredrag.

Stipendiatar ved HVO vil presentere avhandlingsprosjekta sine.

Elin Førde (AHL): Ein kvalitativ studie av barnet sin posisjon sett i lys av ein evidensbasert barnehagepraksis.

Ingeborg Berget (AHL): Undervising av matematisk modellering i matematikkfaget.

Tid: Tysdag 28. september kl. 12.15-14.

Stad: BK 159, HVO.

Konfliktkafe på Studenthuset Rokken

På konfliktkafé inviterer studenthumanisten og studentpresten til å undre seg over kva konflikt er.

Kva er ei konflikt egentlig? Er det uenigheit, og noko som er vanskeleg eller kanskje noko konstruktivt? Kva ligg det i å vere konfliktsky? Når er det eigentleg nødvendig å gå inn i ei konflikt?

Vi møtast over ein kopp kaffe/te og noko godt attåt, og samtalen skjer i mindre grupper.

Kanskje kan vi ved å reflektere over kva ei konflikt er, bli meir bevisste om det i liva våre, og kanskje gjere oss betre til å takle uenighet?

Arrangementet er i samarbeid med Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda og Studenthuset Rokken.

Arrangementet er gratis og open for alle!

 

 

Hans Nielsen Hauge-kveld

«Hans Nielsen Hauge-kveld».

Velkomst.

Anne Marta Vadstein: Synger salmen «Jeg er hos Gud i nåde».

Dosent em. Birger Løvlie: Hvem ville Hans Nielsen være (og hva ville han på Sunnmøre)?

Gunnar Stave: Synger salme av Berte Kanutte Aarflot.

Stipendiat Jostein Garcia de Presno: Er det den konfliktskapende eller fredssøkende Hauge som bør feires?

Tid: Tysdag 28. september kl. 19-21.

Stad: Fru Svendsen kunst og kulturkafe, Ørsta.

Fagseminar for praksislærarar

Fagseminar. 

Praksislærarar.

Tid: Tysdag 28. september kl. 14.30-17.

Stad: BK 161, HVO.
 

Onsdag 29. september

Onsdagskviss på Studenthuset Rokken

Onsdagskviss.

I samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Studenthuset Rokken, Volda.

Tid: Onsdag 29. september 2021 kl.20.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.

Shared reading i biblioteket

Shared reading.

Det nasjonale temaet for Forskingsdagane 2021 er Fred og konflikt. Onsdag 29. september kan du lære meir om og oppleve shared reading. Dette skjer i biblioteket ved Høgskulen i Volda.

Shared reading er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Lesinga skjer nær deg, og nær der du er. Ein blir nær litteraturen og nær kvarandre. Ein kan kanskje seie at det er ei nærande form for lesing. I ein shared reading er ein personleg og kjenslemessig orientert, og metoden passar både for deg som har lese mykje eller lite.

Lesemetoden opnar for samtalar om tema ein kanskje ikkje snakkar så ofte om. Dette kan vere med å skape perspektiv og empati. Kvar enkelt deltakar møter litteraturen på sin måte.  Lesinga utvidar seg etter kvart som deltakarane bidreg med sine synsvinklar. Møtet med metoden og litteraturen kan også utfordre. Målet er at ein kan få ny innsikt eller ei ny forståing kring seg sjølv og andre. Såleis er det også ein metode som i høgste grad støttar opp om demokrati og medborgarskap. Shared reading er ein stad for vekst.

Nye relasjonar kan gi nye tankar, undring og meistring. Litteratur kan gi språk for det ein ikkje er vant med å sette ord på. Ein kan kanskje finne eit språk gjennom litteraturen. Ein shared reading er også ein stad ein kan vere stille. Ein deler berre dersom ein har lyst.

Metoden har overføringsverdi til fleire område. Den gir øving i å lese, leie, lytte og vere til stades. Ein kan oppleve å finne konsentrasjon og ro. Shared reading er også ei estetisk og deltakande oppleving.

Lesemetoden kan vise kva høgtlesing kan vere, både som formidlingsmetode og som ein måte å verte kjent med seg sjølv på. Å verte lesen høgt for er noko ein set pris på også som vaksen!

Ein shared reading krev ingen førebuingar. Du er velkomen!

Sertifisert leseleiar og litteraturformidlar er høgskulelektor Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret.

  • 11.30 – 12.00: Om shared reading. Ope for alle.
  • 12.15 – 13.45: Shared reading. Maks 10 deltakarar. Te/kaffi, lett servering.
  • Påmelding: Nynorsksenteret.

Vi tek omsyn til gjeldande smittevernreglar.

 

Torsdag 30. september

Foredrag: Arnljot Løseth

Foredrag: Professor Arnljot Løseth, ASH. 

Foredrag.

I samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid.

Tid: Torsdag 30. september 2021 kl.19

Stad: Aktivitetshuset ved Småbåthamna, Vikholmen, Ulsteinvik.