Forskingsdagane 2025 handlar om tryggleik
Velkomne, store og små, til Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda 18.–28. september! Årets festival er fylt med gratisarrangement om alt frå snøskred og heimefødsel til skjermbruk og formidling om krig til barn.

Illustrasjon utforma for Forskingsdagane. Forskingsrådet.
Den årvisse festivalen Forskingsdagane blir arrangert over heile Noreg i regi av Forskingsrådet.
Temaet i år er tryggleik, og ved Høgskulen i Volda (HVO) kan både studentar, familiar og forskingsinteresserte oppleve over tjue arrangement heilt gratis frå torsdag 18. september til søndag 28. september.
Tryggleiken i alt vi føretek oss
Kva tenkjer du når du høyrer ordet tryggleik? Handlar det om familien og staden du bur på, eller kanskje politikken som formar samfunnet, teknologien i lomma di og naturen rundt oss?
Under Forskingsdagane kan du bli med og utforske tryggleik frå mange ulike perspektiv i møte forskarane som fordjupar seg i tematikken – kanskje på måtar som gir deg nye tankar om kva tryggleik inneber.
– Vi har sydd saman eit festivalprogram som viser fram det mangfaldige forskings- og utviklingsarbeidet Høgskulen i Volda står for. For oss er Forskingsdagane ein viktig arena for å formidle vitskap til samfunnet, seier HVO-forskingssjef Geir Tangen, som er koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda.

Familieaktivitetar med smak og rørsle
Den offisielle opninga av festivalen skjer med utdelinga av prisen for forsking og utvikling (FoU) fredag 19.9. Prisvinnarane møter du også under seminaret «Trygge profesjonsutøvarar og trygge brukarar» tysdag 23.9.
Sidan det er tett mellom godbitane på programmet, «tjuvstartar» vi festivalen allereie torsdag 18.9. med tre arrangement, mellom anna ein fagdag om korleis kommunikasjon kan byggje tillit i ei utrygg verd.
Laurdag 20.9. kan dei minste få boltre seg i trygg og spennande rørsleleik i Idrettsbygget ved HVO. Dagen etter kjem eit populært høgdepunkt for mange: matkultur i Volda bygdetun, der små og store kan smake og skape matopplevingar i lag i stemningsfulle omgivnader. Søndagen byr vi også på både temakveld i Aasentunet og foredrag og konsert i Fyrlykta kulturhus i Dalsfjorden.

Rikhaldig meny med aktuelle debattar
I festivalveka som følgjer, kan du krydre kvardagen både på dagtid og i haustkveldane: Det blir animasjonsfilm, filosofisk kafé, forskingskviss, samlesing om tryggleik, strikkekino og mykje meir – her er noko for kvar smak!
Likar du foredrag og panelsamtalar, har du mykje å glede deg til. Tysdag 23.9. kan du til dømes starte dagen med å høyre korleis det står til med demokratiet vårt, og bli med på ein engasjert samtale og debatt om barn og skjermbruk på Volda samfunnshus om kvelden.
Onsdag 24.9. opnar med eit høgaktuelt arrangement om det å formidle om krig til barn, der du mellom anna får innsikt i korleis NRK Supernytt jobbar med tematikken. Om kvelden set vi skred på agendaen: Høyr erfarne fjell- og redningsfolk dele kunnskap om trygg ferdsel i variert terreng.
I høgskulebiblioteket torsdag kveld 25.9. er du velkomen til ein panelsamtale som utforskar debatten om heimefødsel frå fleire faglege vinklar – ein kveld for deg som er nysgjerrig og ønskjer å forstå meir enn overskriftene i avisene fortel oss.

Opplevingar gjennom innblikk i forskinga i Volda
– Vi er glade for å kunne samle eit solid lag av fagkunnige formidlarar under årets utgåve av Forskingsdagane ved HVO, både frå eigne rekkjer og med eksterne fagfolk, fortel ein nøgd koordinator Geir Tangen.
Mange av arrangementa finn stad på Høgskulen i Volda, men Forskingsdagane har også fleire programpostar andre stader i nærområdet, mellom anna Hjørundfjord filmteater på Sæbø, Aasentunet i Hovdebygda, Aktivitetshuset Vikholmen i Ulsteinvik, Volda bygdetun og Studenthuset Rokken.
– Vi er takknemlege for å kunne byggje vidare på det gode samarbeidet og engasjementet som Forskingsdagane møter hos lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar, understrekar Tangen.
Under Forskingsdagane 2025 er mange fagtilsette ved høgskulen i aksjon for skape gode festivalopplevingar for både familiar, studentar og bygdefolket. Prorektor Eirik Søvik ved HVO er glad for at forskinga i Volda blir synleg og tilgjengeleg gjennom formidlinga på Forskingsdagane:
– Med eit spennande festivalprogram vil eg oppmode alle om å få med seg Forskingsdagane i år! Her kan både store og små bli kjende med alt det interessante vi forskar på ved høgskulen, og få inspirerande opplevingar og påfyll av kunnskap. Vi ser fram til at Forskingsdagane ved HVO kan bidra til å gi folk nye, kunnskapsbaserte perspektiv på tryggleik.





