Avverjeplikt-forskarar fekk FoU-prisen under opninga av Forskingsdagane 2025
Korleis kan samfunnet betre avverje partnarvald? Forskarar i Volda leitar etter viktige svar gjennom det store samarbeidsprosjektet MANREPORT-IPV. No har forskinga deira vunne årets FoU-pris ved Høgskulen i Volda.

Tre av forskarane som fekk FoU-prisen 2025 ved Høgskulen i Volda (f.v.): professor Silje Louise Dahl, professor og prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen og forskar Anita Dyb Linge. Foto: HVO / Lill Amalie Berntsen.
– Partnarvald er eit stort samfunnsproblem. At avverjeplikta er ei viktig moglegheit til å førebyggje og gripe inn ved mistanke, har vore ein sterk motivasjon til å forske på dette. Det motiverer at vi kan få fram betre moglegheiter i lovverket og finne ut ting som hjelper menneske i vanskelege situasjonar, seier professor Silje Louise Dahl ved Høgskulen i Volda (HVO).
Ho er ein av fleire bidragsytarar i HVO-forskingsmiljøet som kunne ta imot årets FoU-pris under den offisielle opninga av Forskingsdagane 2025 ved HVO fredag 19. september.
Tryggleik er det nasjonale temaet for Forskingsdagane i år. Fram til 28. september kan nysgjerrige sjeler i alle aldrar få med seg over tjue spennande gratisarrangement på HVO og i nærområdet.
HVOs største forskingsprosjekt nokosinne
Målet med den årlege prisen for forsking og utvikling ved HVO (FoU-prisen) er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.
Årets prisvinnar er altså forskingsmiljøet ved HVO knytt til prosjektet «Avverjeplikt i møte med partnarvald» (MANREPORT-IPV) – HVOs største forskingsprosjekt nokosinne.
MANREPORT-IPV varer til 2026 og er eit tverrfagleg samarbeid mellom Oslo universitetssjukehus HF (OUS), Politihøgskolen (PHS), Høgskolen i Molde (HiMolde) og Høgskulen i Volda.
Prosjektet blir leia av HVO-professor Kjartan Leer-Salvesen og Solveig Karin Bø Vatnar, som er psykologspesialist ved OUS og professor ved HiMolde.
– Prosjektet vil bidra breitt i samfunnet gjennom publisering og formidling. Sidan forskingsresultata deira kan direkte omsetjast i førebygging, er det godt å sjå kor mykje av innsatsen forskarane har retta mot det å nå ut til dei som avverjeplikta vedkjem i det daglege. MANREPORT-IPV er eit førebilete som viser kva ein kan få til når fleire forskarar dreg i same retning, sa prorektor Eirik Søvik, som delte ut prisen på vegner av høgskulestyret.

Forskingsmiljøet ved HVO som får FoU-prisen 2025:
- Kjartan Leer-Salvesen, professor og prosjektleiar
- Silje Louise Dahl, professor og forskar
- Susanne Tilke Thon Kristiansen, stipendiat
- Astrid Gravdal Vølstad, stipendiat (HVO og OUS)
- Anita Dyb Linge, ph.d. og forskar
- Veronica Kvalen Pilskog, stipendiat
Desse deltek i MANREPORT-IPV ved andre institusjonar:
- Solveig Vatnar, professor og prosjektleiar (HiMolde og OUS)
- Thea Brevik, ph.d. og forskar (HiMolde)
- Christine Nordby, stipendiat (HiMolde)
- Petter Laake, professor emeritus og statistikar (HiMolde og UiO)
- Stål Bjørkly, professor emeritus (HiMolde)
- Morten Holmboe, professor og prosjektgruppedeltakar (PHS)
- Ingrid Løining Ørum, stipendiat (PHS)
- Kevin Douglas, professor, rettleiar og forskar (OUS og Simon Fraser University)

Etisk, juridisk og praktisk forsking
MANREPORT-IPV byrja i 2021 med støtte frå Forskingsrådet. Målet med prosjektet er å få fram forskingsbasert kunnskap om plikta til å avverje partnarvald, slik at både hjelpeapparatet og samfunnet evnar å førebyggje dette folkehelseproblemet betre.
Vi fekk ein prat med nokre av prisvinnarane før tildelinga. Tematikken i prosjektet har forskarane interessert seg for lenge, fortel HVOs prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen:
– Eg fekk ideen til prosjektet fordi eg ønskte å gå vidare med nokre resultat frå ph.d.-avhandlinga mi i 2016, der eg mellom anna forska på meldingar til barnevernet, men også undersøkte avverjeplikta. Eg hadde ein case om vald i nære relasjonar med så interessante resultat at eg ville gå djupare i tematikken.
Ph.d.-programmet i helse- og sosialfag, som HVO og HiMolde har tilbydd i fellesskap i ti år, har vore ei viktig brikke i det omfattande forskingsarbeidet til MANREPORT-IPV.
– Med eit samarbeidsprosjekt som var både etisk, juridisk og praktisk retta, kunne vi styrkje forskinga i doktorgradsutdanninga vår saman, forklarer Leer-Salvesen.
Ei avverjeplikt som gjeld oss alle
Om alt dette høyrest teknisk ut, er det viktig å hugse at plikta til å avverje partnarvald faktisk ikkje berre gjeld profesjonelle. Ved fleire former for vald og overgrep har vi alle plikt etter straffelova til å prøve å avverje det dersom vi finn ut eller skjønar at noko kjem til å skje.
Forskarane har tilnærma seg temaet på mangfaldig vis. Mellom anna har dei analysert juridiske dokument systematisk for å avdekkje kva som gjeld i eit krevjande rettsleg landskap, og kartlagt kva både profesjonsutøvarar, valdsutsette og valdsutøvarar veit, trur og har erfart når det gjeld avverjeplikta i møte med partnarvald.
– Aller først ville vi få oversikt over kva kunnskap som fanst på dette feltet. Vi såg fort at dette var eit omstridd område med veldig sterke meiningar for og imot, men det fanst lite forskingsbasert kunnskap, og ingen i Europa hadde tidlegare gjort nokon studie om avverjeplikt knytt til partnarvald, seier Leer-Salvesen.
Ei av dei største utfordringane ved det komplekse prosjektet har vore omfattande datamengder frå alle dei ulike innfallsvinklane – studiane undersøkjer alt frå legar, barnevern og politi til krisesenter og dei valdsinvolverte sjølve.
– Det har vore ein utruleg stor rigg som har teke tid og kravd innsats for å samle inn alle dataa på ein skånsam og varetakande nok måte. Her har forskarane vore veldig dyktige, men vi har også hatt stor hjelp av institusjonane som har bidrege i prosjektet, rosar Leer-Salvesen.
Hittil har forskarane publisert tolv vitskaplege artiklar om dei ulike studiane dei har gjennomført, og fleire er på veg.
Når dei er i mål, er planen å presentere alle funna samla på ein sluttkonferanse ved Politihøgskolen i april 2026.
– Her skal alle hovudforskarane i prosjektet leggje fram det viktigaste. Politisk leiing blir med, og vi skal ha eit internasjonalt hovudinnlegg, så dette blir ei storsatsing vi håpar kan treffe relevante aktørar på feltet og interesserte tilhøyrarar, seier Leer-Salvesen.

Gir partnarvaldsoffer eit betre liv
Eit av dei gjennomgåande funna i forskinga så langt er mangelfull kunnskap og bevisstheit om avverjeplikta, både hos profesjonsutøvarar og dei som sjølve har vore involverte i partnarvald. Dette kan gjelde alt frå haldningar til rolleforståinga av kven som har kva slags ansvar når.
Astrid Gravdal Vølstad er ein av HVO-stipendiatane i prosjektet. Som del av ph.d.-arbeidet sitt har ho mellom anna forska på kva erfaringar dei partnarvaldsutsette har med avverjeplikta.
– Alt i alt ser vi at dei fekk det betre etter at avverjeplikta blei brukt. Nokre av dei rapporterte også negative konsekvensar, og det er viktig å få fram at erfaringa kan vere begge delar samtidig. Både partnarvald og hjelpesøking for dette er komplekse situasjonar.
Forskinga viser også at dei sårbare ikkje ser på rapporteringa som eit tillitsbrot – heller tvert om.
– Dei fleste sa at dei ikkje mista tilliten til hjelpeapparatet eller den profesjonsutøvaren dei forheldt seg til. Dette er viktig å få fram, fordi ein har frykta at bruk av avverjeplikta vil svekkje denne tilliten. Når vi i tillegg ser at mange som har vore utsette for alvorleg partnarvald, ikkje har opplevd at nokon har gripe inn, viser dette tydeleg potensialet for å avverje meir vald.
Påverkar det dykk forskarane å jobbe tett på eit så alvorleg tema som partnarvald?
– Det fungerer helst som motivasjon å stadig vekk bli mint på kor viktig dette er å forske på. Det blir meiningsfullt å jobbe med noko ein tenkjer har ein klar samfunnsmessig relevans og eit forbetringspotensial, seier Dahl.
Vølstad stemmer i:
– Fleire vi har snakka med, gir også sterkt uttrykk for at dei synest det er bra vi forskar på dette. Og det gir veldig motivasjon. Temaet er ikkje berre noko vi forskarane har funne spennande å «nerde på», men dei dette vedkjem, synest òg forskinga vår er viktig og bra – både dei valdsutsette, valdsutøvarane og profesjonsutøvarane som kanskje har vore i ein posisjon til å bruke avverjeplikta.

Stor interesse frå profesjonsfeltet og internasjonalt
Forskarane har ingen enkle svar på kvifor plikta til å avverje ikkje blir brukt meir. Men det handlar ikkje om at dette er noko nytt.
– Avverjeplikta har eigentleg vore del av norsk lov sidan 1600-talet, så det er ikkje så lett å vite kvifor ho er lite kjend. Ho har vore omtalt som ein sovande paragraf før, men no blir denne plikta ein stadig tydelegare del av verkemidla mot vald i nære relasjonar, og det er veldig viktig at plikta blir meir praktisert også framover, seier Leer-Salvesen.
Som del av prosjektet har forskarane vore mykje rundt og halde foredrag og delt kunnskap frå studiane. Nyleg hadde dei også heile fire innlegg på den viktige konferansen ECDV i Barcelona.
– Vi får tilbakemeldingar om at folk følgjer med på nettsidene våre og er spente på kva vi kjem fram til. Vi ser også at dei mest sentrale tidsskrifta på valdsfeltet tek inn fleire artiklar frå oss, så vi opplever ei stor internasjonal interesse for resultata frå forskinga vår – og det motiverer, understrekar Leer-Salvesen.
Håpar forskinga skal kunne hjelpe fleire sårbare
Kan plikta vi alle har til å avverje partnarvald, bli allmennkunnskap på sikt? Forskarane er optimistiske.
– Ja, dersom vi ser til teieplikta og det å melde til barnevernet når ein er redd for at eit barn blir utsett for vald, er dette to plikter som er veldig godt kjende. Vi tenkjer derfor at det burde vere mogleg å få opp kunnskapen generelt også om den viktige avverjeplikta, meiner Dahl.
Dersom fleire veit om at ein har ei plikt til å gripe inn når ein er bekymra for at noko alvorleg kan skje, og at fleire av oss får vite om kva ein skal gjere, kven ein skal melde frå til, og kva som kan vere relevante avverjande handlingar, meiner forskarane at dette kan forhindre alvorlege hendingar og gi sårbare enkeltmenneske eit betre liv.
Når dette forskingsprosjektet er fullført, kva håpar de å ha fått til?
– Vi håpar at opplæring i avverjeplikta skal bli ein integrert del av fleire profesjonsutdanningar, slik at fleire profesjonsutøvarar kjenner til dette i framtida og føler seg trygge på korleis ein handterer dette, kva ein skal sjå etter, kvar grensegangane er – at dei blir tryggare i profesjonsrolla si, seier Dahl.
Forskarkollega og prosjektleiar Kjartan Leer-Salvesen vonar kunnskapen frå prosjektet gjer at fleire får betre hjelp i framtida:
– Vi håpar at avverjeplikta, som er eit viktig tryggleiksnett, kan bli meir kjend og meir brukt, sånn at folk kan bli verna i det som er utruleg sårbare og farlege situasjonar. At folk ikkje berre sit og veit om høg risiko for svært alvorleg vald, men at dei samhandlar, deler informasjon og prøver å stoppe det. Det er det verkelege ønsket.
- Tysdag 23. september kl. 12.30–15.30 under Forskingsdagane 2025 er du velkomen til seminar om trygge profesjonsutøvarar og brukarar. Her kan du mellom anna høyre meir om tryggleik og avverjeplikt i møte med partnarvald ved professor Silje L. Dahl og professor Kjartan Leer-Salvesen. Sjå utfyllande informasjon i festivalprogrammet.