Tre kveldar, tre tema: Kva er tryggleik for deg?
Kva er ein god oppvekst i lyset frå skjermen? Korleis ferdast du trygt i variert terreng? Og kva betyr tryggleik for heimefødsel? Bli med og utforsk lærerike tema under Forskingsdagane i Volda.

Samansett illustrasjon: HVO. Foto t.v.: brukt med lisens frå Shutterstock. Foto i midten: Pernille Holsvik Ingebrigtsen. Etter avtale. Foto t.h.: brukt med lisens frå Shutterstock.
18.–28. september går Forskingsdagane 2025 av stabelen ved Høgskulen i Volda (HVO) og i nærområdet.
Det nasjonale festivaltemaet i år er tryggleik, og på programmet står massevis av gratisarrangement for både studentar, familiar og forskingsinteresserte.
Tre komande kveldar kan du til dømes bli med og utforske tre spennande tema gjennom presentasjonar, debattar og samtalar. Arrangementa er gratis og opne for alle:
- Skjerm(a) og trygg oppvekst – tysdag 23. september kl. 18–20 på Volda samfunnshus.
- Skredkveld: trygg ferdsel på tur – onsdag 24. september kl. 18–19.30 på BK 161 ved HVO.
- Tryggleik i fødsel: ein tverrfagleg samtale om val, tillit og etikk – torsdag 25. september kl. 19–20.30 i høgskulebiblioteket.
– Gjennom Forskingsdagane ønskjer vi å nå breitt ut med dyktige formidlarar frå fagmiljøa våre. Derfor er vi glade for å kunne invitere til tre arrangement med brei appell på kveldstid tysdag til torsdag, slik at det blir enklare for folk flest å få med seg forskingsfestivalen i ein travel kvardag, seier HVO-forskingssjef Geir Tangen.
Skjerm(a) og trygg oppvekst – tysdag 23. september
Korleis gir vi barna våre ein trygg og god oppvekst i 2025? Velkomne til ei lærerik økt om oppvekst og digitale verktøy på Volda samfunnshus tysdag.
Arrangement er eit samarbeid mellom Institutt for digital kompetanse (IDK) ved HVO, foreldregruppa Betre Saman, sektor for oppvekst i Volda kommune og ungdomsrådet i Volda.
Frå IDK stiller førsteamanuensis Synnøve Amdam, høgskulelektor Torbjørn Frantsen og høgskulelektor Trine Refvik Kupen.
Arrangørane vil først presentere sine perspektiv på temaet som foreldre, forskarar, skuleeigar og borgarar, og deretter blir det paneldebatt. Her kan alle stille spørsmål og bidra til samtalen rundt oppvekst og digitale verktøy.
Skredkveld – onsdag 24. september
Forskingsdagane byr på fire interessante innlegg om skred og trygg ferdsel i variert terreng på onsdag:
- «No fer vi til fjells». Generell tryggleik på tur i vinterfjellet. Einar Løken, tindevegledar og høgskulelektor ved Avdeling for kulturfag.
- «Varsom – Snøskredvarslinga». Om korleis ein finn tryggare skikøyring gjennom bruk av varsel og kartprodukt. Geolog og tindevegledar Gustav Pless, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
- «Redningsoppdrag i bratt terreng, sommar og vinter». Jan Peder Hoggen, nasjonal ressursgruppe skred i Røde Kors.
- «Frikøyring på Sunnmøre». Innlegg ved ein representant frå Sunnmøre frikøyringsklubb.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Noregs Røde Kors, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnmøre frikøyringsklubb, Sunnmørsk klatreklubb, Natura og Sunnmøre friluftsråd.
Tryggleik i fødsel – torsdag 25. september
Torsdagen er du velkomen til ein panelsamtale som utforskar debatten om heimefødsel frå fleire faglege vinklar.
Denne kvelden er for deg som er nysgjerrig og ønskjer å forstå meir enn overskriftene fortel oss. Vi skal ikkje velje side, men belyse temaet frå perspektiv som gjer at du kan gjere deg opp di eiga meining:
- Tryggleik i fødsel: Kva betyr det eigentleg, og for kven?
- Valfridom og tillit: Kva rolle speler kvinner sin rett til å velje kvar dei vil føde, og korleis kan tillit til helsevesenet påverke dette valet?
- Juss og etikk: Kvar går grensa mellom kvinner sin rett til sjølvbestemming og barnet sin rett til liv og helse?
Panelet består av dyktige fagpersonar som vil gje oss innsikt og nye perspektiv:
- Ellen Mundbjerg Synnes, jordmor og masterstudent ved Høgskulen i Volda (HVO).
- Kari Hasle, historikar og høgskulelektor ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) på HVO.
- Ellen Lexerød Hovlid, professor i medierett ved Avdeling for mediefag på HVO.
Ordstyrar er Carien Lærum, jurist og høgskulelektor ved ASH på HVO.
Spennande program fram til 28. september
Les meir om årets festival her: Forskingsdagane 2025 handlar om tryggleik
Heile festivalprogrammet finn du på denne nettsida: hivolda.no/forskingsdagane
Velkomen til Forskingsdagane 2025 ved Høgskulen i Volda!