Forskingsdagane 2018

 

I 2018 vert Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda arrangert 19.– 27. september, med det nasjonale temaet "Oppvekst".

Ta kontakt med koordinator Geir Tangen for meir informasjon om Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

 

PROGRAM FORSKINGSDAGANE 2018:

 

 

 

Onsdag 19. september 2018

Mastermøte - Kulturmøte. Kl. 09.15 - 11.00.

Stad: Aasen-huset, rom 108, Høgskulen i Volda.

 

Mastermøte – Kulturmøte

"...det vi alle føler vi skylder Finland."

I denne masteroppgåva tek Nils Einar Rye føre seg Finlandsambulansen, Foreningen Norden og Norges Røde Kors sitt krigssjukehus i Finland under Vinterkrigen mellom Finland og Sovjetunionen 1939-40.

Oppgåva undersøker bakgrunnen for krigen, den sterke opinionen og engasjementet som danna seg i Noreg for Finlands sak, og korleis dette resulterte i ei rekke praktiske og konkrete hjelpetiltak. Finlandsambulansen var eitt av dei viktigaste uttrykka for nordisk solidaritet. Oppgåva viser korleis Finlandsambulansen kom i stand og opererte, og gjer også greie for den humanitærhistoriske konteksten det norske krigssjukehuset opererte innanfor.

I tillegg rettar Rye søkelyset på dei norske Røde Kors-søstrene som var med på ambulansen, og prøver å skissere kva faktorar som kan ha bidrege til at dei frivilleg melde seg til teneste i Finland. Her kjem mellom anna dåtidas kallstanke og sjukepleieideal inn i biletet.

Universell utforming. Konferanse. Kl. 10.15-15.30.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 161, Høgskulen i Volda.

Inkluderande fellesskap - universell utforming

«Forståeleg informasjon»

Barnehagen er ein viktig arena for barn sin oppvekst. Ein viktig grunnleggjande verdi er å sikre alle muligheiter for god deltaking. Barn, foreldre og personale skal, uavhengig av funksjonsevne, oppleve barnehagen som ein inkluderande arena som fremjar kjensla av fellesskap.

Universell utforming handlar om løysingar som tar omsyn til variasjonar i funksjonsevna til barn, foreldre og personale. Når vi lagar noko som er universelt utforma, lagar vi løysingar som er enklare og betre for alle og behovet for spesialløysingar blir mindre.

Medan fjorårets konferanse hadde fokus på barn og medverknad, rettast årets konferanse årets fokus for konferansen mot informasjon: Korleis kan vi legge til rette for at viktig informasjon når fram til alle, uavhengig av funksjonsevne? Fokus rettast mot tekst og mot arkitektoniske verkemiddel som mellom anna lys, fargar, kontrastar og lyddemping.

Fagleg ansvarleg for arrangementet er høgskulelektor Hilde Muren, Avdeling for samfunnsfag og historie.

Arrangementet er i samarbeid med Universell*, Universell Utforming AS og Grom AS.

Program:

1000-1015: Velkomst.

1015-1100: Universell utforming; kva og korfor. Prosjektleiar Kjetil Knarlag, Universell*

1100-1200: Universell utforming av tekst. Prosjektleiar Kjetil Knarlag, Universell*

1230-1330: Enkel servering.

1330-1530: Alt. 1) Når norsk ikkje er morsmål. Dagleg leiar Synnøve Tveito og grafisk designar Inger Høj, Grom AS.

1330-1530: Alt. 2) Rommet som den 3de pedagog: Korleis legge til rette for at alle kan forstå og finne fram i rommet. Fagleg leiar Trine Presterud, Universell Utforming AS.

Nynorsk digital oppvekst. Paneldebatt. Kl. 18.00.

Stad: Biblioteket, Høgskulen i Volda.

Nynorsk digital oppvekst

Korleis skal ungane lære seg å skrive nynorsk når alt på iPaden dei får på skulen er på bokmål? Onsdag den 19. september kl. 18.00 er det panelsamtale og tips til foreldre og lærarar om digitale nynorske verktøy.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås deltek i panelet saman med førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl (Høgskulen i Volda), lærar Øyvind Festø (Ørsta kommune) og oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik (Volda kommune). Panelet skal både peike på stoda, syne utfordringane og kome med framlegg til tiltak. Kva finst på nynorsk i dag? Kva plikt har kommunane til å gjere dette tilgjengeleg for elevane? Kva trengst av lovar, tilskott og haldningar for at ungane kan vakse opp med nynorsk, også digitalt?

Prosjektleiar for DigiGLU - Digital kompetanse i grunnskulelærarutdanninga, Synnøve Amdam, Avdeling for mediefag, ynskjer velkomen og introduserer temaet.

Ordstyrar under panelsamtalen vert redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark, Allkunne.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Volda mållag, Nynorsk kultursentrum og det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne.

Torsdag 20. september 2018

Barnehagen i endring og utvikling. Seminar. Kl. 09.15 - 11.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 159, Høgskulen i Volda.

 

Barnehagen i endring og utvikling

Høgskulelektor Silje Ims Lied: Eit kritisk syn på lokalt utviklingsarbeid

Formålet med studien er å diskutere korleis barnehagebasert kompetanseutvikling kan styrke personalet si faglege rolle og korleis deltaking i utviklingsarbeid kan påverke det daglege arbeidet.

Førsteamanuensis Gerd Sylvi Steinnes og høgskulelektor Kristin Rostad Gangstad: Vurdering i barnehagen - personalet si rolle og barns medverknad

Presentasjon av to forskingsprosjekt. Gjennom det eine prosjektet utvikla barnehagen sin vurderingspraksis, med eit særleg fokus på personalet si rolle i vurderingsarbeidet. Det andre prosjektet er eit mindre forskingsarbeid om barns medverknad i planlegging og vurdering av barnehagens verksemd.

Dosent Bente Vatne: Studentar sine grunngjevingar for val av tema i bachelortekstar

Formålet med prosjektet er å auke kvaliteten i bachelorrettleiinga gjennom å synleggjere rettleiar sine moglegheiter.

Heilskap og samanheng i opplæringa for elevar som strevar. Seminar. Kl. 13.30 - 15.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 161, Høgskulen i Volda.

 

Heilskap og samanheng i opplæringa for elevar som strevar

Forskingsgruppa for spesialpedagogikk og inkludering arrangerer fagseminaret «Heilskap og samanheng i opplæringa for elevar som strevar».

Seminaret består av fire ulike delpresentasjonar med ny forsking frå grunn- og vidaregåande skule. Felles for alle innslaga er at dei tek opp korleis ein gjennom tilpassing og tilrettelegging av skulekvardagen, kan bidra til ein god oppvekst for elevar som av ulike grunnar strevar fagleg og/eller sosialt. Vi vil også kome inn på førebygging, og kva som er viktige risiko-/ og beskyttande faktorar i skulen sitt psykososiale miljø.

Det er fire fagpersonar frå Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, som vil formidle funn frå forskinga si på dette seminaret:

Høgskulelektor Anne Randi Fagerlid Festøy: Koherens i oppfatninga av vilkåra for læring i spesialundervisninga hos elevar, foreldre og lærarar.

Stipendiat Gunhild Nordvik Reite: «Han sa det kom ikkje til å verte noko av meg». Om lærar - elev-relasjonen som risiko eller beskyttande faktor for elevar med spesialundervisning.

Høgskulelærar Reidunn Tvergrov Øye: Ein kvalitativ studie om korleis føresette til barn med skulevegring opplever skulen si oppfølging.

Førsteamanuensis Stine Ekornes: «Spør oss korleis vi har det». Om utvida rådgivarteneste og arbeid med psykisk helse i vidaregåande skule.

Tidleg litterasitet i barnehagen. Seminar. Kl. 12.15-15.00.

Stad: Henrik Kaarstad-huset, rom 204, Høgskulen i Volda.

Tidleg literacy i barnehagen

Dei siste åra har det vorte større merksemd på kor viktig arbeid med språklege ferdigheiter er i barnehagen. Dette gjeld òg rolla til skriftspråket. Forskingsfeltet vert kalla tidleg literacy.

På seminaret under Forskingsdagane blir det presentert ny forsking gjennomført av tilsette ved Høgskulen i Volda: Høgskulelektorane Hege Holmquist Synnes (Avdeling for kulturfag) og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning) har undersøkt korleis ein kan gå frå bok til leik med dei yngste i barnehagen. Førstelektor Anne Steinsvik Nordal (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning) har sett nærare på fagbøker for barn medan førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning) har studert barns bruk av skrift og tekstar i heim og barnehage. Høgskulelærar Anne Marta Vinsrygg Vadstein (Nynorsksenteret) og førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg (Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning) har kvar for seg undersøkt samlingsstunda som arena for arbeid med språklege ferdigheiter.

Til saman gir dei ulike forskingsprosjekta ei tverrfagleg tilnærming til arbeid med tidleg literacy i barnehagen.

Filmvising: «Boyhood». Kl. 19.00.

Stad: Hjørundfjord Filmteater, Sæbø.

Filmkveld i Hjørundfjord Filmteater

«Boyhood»

Denne kvelden viser vi den prislønna filmen "Boyhood", eit unikt og originalt filmprosjekt laga over 12 år. Oppvekstfilmar, eller “coming of age” som det vert kalla på engelsk, er ein filmsjanger med mange klassiske forteljingar.“Boyhood” skil seg derimot ut då den fylgjer dei same skodespelarane over fleire år. Det er ikkje eit augeblinksbilete av ein barndom som ein ofte ser i oppvekstfilmar, typisk sommaren han eller ho møtte vaksenlivet. I Boyhood er vi med heile vegen, med dei same skodespelarane.  Ein heil barndom på film, ei oppveksthistorie med kvardagar og høgdepunkt. Om ein heilt ordinær gutt, dog fortalt på ein ekstraordinær måte. Filmkritikarar har trekt fram at filmen i større grad enn andre filmar i sjangeren faktisk syner korleis «coming of age» - eller oppvekst – går føre seg i den verkelege verda: gradvis og kumulativ, men med nokre definerande hendingar som ein først i etterkant ser signifikansen av. The Guardian slår fast at det er med denne filmen «coming of age»-filmar faktisk «grows up»!

Regissør Richard Linklater har tidlegere laga "Before"-trilogien og har ofte eit nostalgisk og stemningsfullt innhald i filmane sine, og «Boyhood» er intet unntak. Det er ein film som i stor grad manglar den narrative strukturen vi er vant med frå sjangeren – og er kanskje i større grad ein antologi av kortfilmar, der vi returnerer til hovudpersonen, Mason Jr., i ulike faser av oppveksten. Filmen ble nominert til hele seks Oscar-priser og vann nærare 140 (!) internasjonale filmprisar.

Før filmen blir det føredrag av Endre Eidså Larsen, filmvitar og stipendiat ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda. Han er tidlegare mangeårig styremedlem av Norsk Filmklubbforbund, der også Hjørundfjord Filmteater er medlem. Framsyninga blir gratis og med enkel servering, og er eit samarbeid mellom Filmsalongen ved Hjørundfjord Filmteater, Forskingsdagane og Høgskulen i Volda. Filmsalongen ynskjer å setje fokus på aktuell og relevant film, der målet ikkje berre er å underhalde, men å setje avtrykk: «Ein film skal vere som ein stein i skoen» (Lars von Trier).

Fredag 21. september 2018

Opning av Forskingsdagane 2018 og utdeling av FoU-prisen. Kl. 11.00.

Stad: Biblioteket, Høgskulen i Volda.

 

FoU-prisen 2018

Prisutdeling med opning av Forskingsdagane 2018

 

FoU-prisen for 2018 går til førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Gamlem yter ein framifrå innsats for forsking på eit strategisk viktig felt ved Høgskulen i Volda. Ho publiserer og formidlar i vitskapelege kanalar, for praksisfeltet og for ålmenta, og forskinga hennar vert lagt merke til og nytta både nasjonalt og internasjonalt. Gamlem har også vorte forskingsleiar for det NFR-finansierte prosjektet DigiHand.

Gamlem inspirerer og løfter kollegaene sine, og ho er også leiar av forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar.

Alle er hjarteleg velkomne til FoU-prisutdelinga og opninga av Forskingsdagane 2018.

Laurdag 22. september 2018

Voldadagen 2018. Kl. 11.00-14.00.

Stad: Propellhallen, Volda.

Voldadagen 2018 i Propellhallen

Voldasamfunnet er eit mangfald av menneske som jobbar, bur eller studerer her. Mange engasjerer seg i lag og organisasjonar på fritida, eller er på anna vis aktive innbyggjarar. I sum er det menneska som held Voldasamfunnet i gang.

Men veit vi egentleg om kvarandre? Kva finst eigentleg av næringsliv og frivillige aktivitetar i Volda?

Volda Næringsforum og Sparebanken Møre ønskjer å auke kunnskapen om mangfaldet i Volda, og er ansvarlege for Voldadagen 2018.

Høgskulen i Volda og Forskingsdagane tek del under Voldadagen 2018 med ein eigen stand der fagpersonar frå Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, tek del.

Høgskulelektor Kim André Stavenæs Refvik vil vise fram det gamle kinesiske puslespelet «Tangram». Puslespelet får ein ny og moderne dimensjon gjennom samhandling med Ipad. Tangram gir deg moglegheit til å lage mange fine figurar, samt bli kjent med geometriske figurar. Det vert vidare moglegheit til å prøve ut ulike små fysikkeksperiment med høgskulelektor Øyvind Halse.

Førsteamanuensis Erik Fooladi inviterer, som del av eit samarbeid med dei to finske forskarane Anu Hopia og Mari Sandell (Universitetet i Turku), besøkande til å smake på ein alkoholfri cocktail med eit spesialdesigna lydbilete, og slik vere med i forskingsprosjektet ved å svare på spørsmål om korleis dei opplever forholdet mellom smak og lyd.

12-konsert. Kl. 12.00.

Stad: Volda kyrkje, Volda.

 

12-konsert i Volda kyrkje

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda framfører eksamenskomposisjonane til årets studentar i emnet «Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi», Volda Vokal framfører to songar av tidlegare student Kolbjørn Støyle, og Høgskulekoret går saman med orkesteret i Faures smektande Pavane.

Dei korte eksamensverka er skrivne av Nikolas Frimannslund, Hanne Ringstad, Martin Aasprong, Erik Jokstad, Mari Samsonstuen, Erik Jørgensen, Guro Topphol, Niklas Eggesvik, Trygve Taranger, Anders Horvei, Christian Alhaug og Torgeir Espedal.

Parallelt med den kreative praksisen som komponering og improvisering inneber, har studentane vorte utfordra på å reflektere over eksistensielle spørsmål. Å sjå samanhengen mellom den opne, skapande haldninga som komponering og improvisering odlar og ei open, løysingsorientert haldning til det å leve, er eitt av hovudmåla med emnet. Slik kan det i tillegg til å gi viktig musikkfagleg ballast også vere eit bidrag til personleg sjølvrefleksjon og modning.

Koding for barn. Kl. 14.00-16.00.

Stad: Biblioteket, Høgskulen i Volda.

 

Kodeklubb

I fjor var Forskingsdagane med på å starte Kodeklubb i Volda og eitt år seinare er klubben godt i gong. Også i skulen er programmering eit stadig viktigare tema og i prosessen med dei nye læreplanane til 2020, Fagfornyinga, er programmering framheva som viktig kompetanse i mange fag frå grunnskulen til vidaregåande skule. Kva er det slags programmering vi snakkar om og kvifor er dette viktig i oppveksten og for framtidig deltaking i arbeidslivet?

I år som i fjor vil Kodeklubben legge til rette for ei leikande tilnærming til desse spørsmåla. Ved å kombinere det digitale med omverda, via elektroniske kretsar, vil vi hjelpe den oppveksande generasjon til å verte skaparar.

Ta med: berbar datamaskin om du har, hodetelefonar og nysgjerrigheit.

Fagleg ansvarleg for arrangementet er høgskulelærar Torbjørn Frantsen, Avdeling for mediefag.

Arrangementet er i samarbeid med Kodeklubben Volda.

Oppvekst og utdanning - før og no. Kl. 14.00 - 17.00.

Stad: Gamlegymnaset, Volda.

 

Oppvekst og utdanning - før og no

Arbeidet for opplysning og skulegang for born og unge har prega og spegla samfunnsutviklinga. Kvifor kom praksisen med å sende borna på skule nasjonalt og internasjonalt? Korleis var det å vekse opp som barn i Volda kring 1900? Og kva syner forsking om barndom i lys av utdanningssamfunnet nyare tid?

Volda er kjend som skulestaden i vår region. Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda inviterer til føredrag som kan gi varierte innblikk i temaet oppvekst og utdanning før og no. Arrangementet er i samarbeid med Stiftinga Sunnmøre Museum og Gamlegymnaset i Volda.

Her vert også framsyning av gamle skulebilete frå Voldasamfunnet, utstilling av skulehistorisk materiale, samt kafé til inntekt for arbeidet med vedlikehaldet av Gamlegymnaset.

 

Program:

Kl. 14.00-14.15: Den første skulen på Sunnmøre – Borgund fri- og fattigskule. Line Iversen, regionkonservator ved Stiftinga Sunnmøre Museum.

Kl. 14.15-14.30: Barndom i Volda kring 1900. Eivind Indresøvde, tidlegare historiedidaktikar ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

Kl. 14.30-14.45: Kvifor sende borna på skule? Om skulens samfunnsoppdrag i eit historisk perspektiv. Førstelektor Elisabeth Teige, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

Kl. 14.45-15.00: Oppvekst og utdanning i nyare tid. Professor Peder Haug, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

Kl. 15.00-17.00: Framsyning av gamle Voldabilete. Glimt frå utviklinga av skulestaden i Volda. Kari A. Hasle, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

 

Utstilling: Då klokka klang

Kafé

Velkomne!

Søndag 23. september 2018

Gudsteneste under Forskingsdagane. Kl. 11.00.

Stad: Volda kyrkje, Volda.

 

Gudsteneste under Forskingsdagane

Far – barn og sterk gudstru.

Bibelen er ei mangfaldig bok der vi også møter utfordrande tekstar og forteljingar. Her er til dømes forteljingar om «heilag krig», og om menneskeoffer eller barneoffer, tilsynelatande med Guds godkjenning. Mest kjent er den om Abraham og Isak. Faren som lasta ved på eselet og gjekk ut i ørkenen for å ofra løftesonen til Gud. Men her er fleire tekstar som tematiserer relasjonen far – barn og sterk gudstru. Utgangspunkt for denne preika er forteljinga i Dommarboka 11 om korleis krigsherren Jefta enda med å brenne opp den einaste dottera si som offer til Gud. Korleis kan vi forstå ei slik forteljing?

Førstelektor Bente Afset, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, held lærepreike denne søndagen.

Matkultur i Volda Bygdetun. Kl. 13.00 - 16.00.

Stad: Volda Bygdetun, Volda.

 

Matkultur i Volda Bygdetun

Matkulturelle opplevingar har vorte ein tradisjon under Forskingsdagane i Volda. Søndag 23. september kan små og store leggje turen til Volda Bygdetun.

Der vil studentar frå Høgskulen i Volda vere på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og matkulturelle opplevingar. Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting.

Studentane går på studiet Mat, kultur og konservering, som er eit tverrfagleg studium ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Studiet er retta mot dei som er interesserte i praktisk og teoretisk kunnskap om matkultur, mattradisjonar og konservering. Studiet er populært og har mange søkjarar.

Om lag tjue studentar vil vere i aktivitet denne søndagen. Tidlegare år har deltakarane fått vore med på maling av korn, steiking av potetkaker og flatbrød, kinning av smør, smaking av jordskokksuppe eller konservering av produkt som plommer eller nype.

Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag i Volda Bygdetun!

Det er førsteamanuensisane Ammar Ali Hassan og Erik Fooladi ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning som er fagleg ansvarlege for arrangementet.

Måndag 24. september 2018

Foredrag ved Gunnhild Bergset. Kl. 14.00 - 15.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 159, Høgskulen i Volda.

 

Kommunikasjon mellom barnehagetilsette og fleirspråklege foreldre

Gunnhild Bergset er høgskulelektor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Tidlegare har ho vore høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Før det hadde ho nær 30 års erfaring med arbeid i barnehage og har ei særleg interesse for det fleirkulturelle mangfaldet.

Foredraget bygger på ei kvalitativ undersøking der heile personalet i ein barnehage er blitt intervjua om tiltak dei har gjennomført for å betre kommunikasjonen med dei fleirkulturelle foreldra.

Arrangementet er i samarbeid med Eldreuniversitetet i Volda og Ørsta.
 

Friviljug sosialt arbeid. Kl. 12.15 - 14.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 161, Høgskulen i Volda.

 

Friviljug sosialt arbeid - treng sosialarbeidarar dei friviljuge?

Det humanitære arbeidet og friviljug innsats har djupe historiske røtter - frå enkelt- ildsjeler, til meir organisert verksemd, til meir lausleg knytta organiseringar som til dømes Frivillighetssentralene representerer. Det er interessant å sjå korleis friviljug innsats var i går og korleis det er i dag.

Professor Inger Marie Okkenhaug, Avdeling for samfunnsfag og historie, og Nancy Herz frå Frivillighet Norge vil halde kvar si førelesing. Tidlegare førstelektor Hallgerd Conradi vil binde dette saman.

Arrangementet er i samarbeid med Humanistisk Uke og Frivillighet Norge.

Filmkveld på Rokken. Kl. 19.00 - 22.00.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.

 

Filmkveld på Studenthuset Rokken

 

Mastermøte – Media Practices

Gjennom forskingsprosjektet Algae to Future, har masterstudentar ved Avdeling for mediefag laga webdokumentar og animasjonsfilmar om berekraftig matproduksjon ved bruk av mikroalgar. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, og er eit av fleire prosjekt innan forskingsformidling ved avdelinga. Silje Glosli, Veronika Madsen, Pepe Garcia, Christoffer Blomvik, Alida Nielsen og Jens Villa vil vere mellom studentane som deler sine erfaringar frå den praktiske mediemasteren etter at dei mellom anna har laga tre animerte sit-com episodar med algar i hovudrollene, ein kunstnerisk 3D-animasjon om fotosyntesen og ein webdokumentar om korleis mikroalgar kan løyse utfordringar med matforsyning på makronivå.

Animert oppvekst

For fjerde gong presenterer dosent Gunnar Strøm, Avdeling for mediefag, korte animerte filmar relatert til årets tema på Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

«Animert oppvekst» er eit filmprogram med svært ulik tematikk og uttrykk om kor fint/vanskeleg/trist/brutalt/moro det er å vekse opp og finne sin eigen identitet.

Programmet vil vere i utvikling heilt fram til visninga, men forvent filmar av Anita Killi, John Lasseter, Caroline Leaf, Knut Eide, Ron Wrake og fleire tidlegare Volda-studentar. Og ein Donald-film!

Dokumentarfilmvising

Vising av dokumentarfilm: «Bjarne vil ikke på film». Regi: Weronika Nitsch.

«Bjarne vil ikke på film» er en fortelling om hvordan en utenlandsk kvinne med filmkamera invaderer livet til sin nabo Bjarne. Hvem er han egentlig? Hun spør om liv og død, håp og drømmer. Han spør om hun ikke snart kan holde opp. Men når kvinnen bak kamera nekter å gi seg, oppstår et samspill sjelden sett på film - fullt av absurditeter, varme, alvor og humor. Og stort sett bare ubesvarte spørsmål.

Introduksjon av dokumentarfilmen og fagleg ansvarleg for filmkvelden er høgskulelærar Hans Martin  Dypvik, Avdeling for mediefag.

Samtalekafe. Kl. 18.00 – 19.00.

Stad: Studenthuset Rokken, Volda.

 

Samtalekafe med Nancy Herz

Å få fram dei alternative stemmene

«Vi er de skamløse arabiske jentene, og vår tid begynner nå», sa Nancy Herz. «Vi er ikke et konsept. Vi er vår egen person, og vi krever å bli tatt på alvor: Både på norsk og på morsmålet vårt».

Sjølv om det er eit stykke fram, tek desse stemmene til å verte høyrde i debattar i media, i bøker, og ved tildelingar av fleire prisar, mellom anna Fritt Ords Honnørpris i 2017. Nancy Herz snakkar gjerne om skam og kulturell stempling. Under Forskingsdagane kan du møte henne på Studenthuset Rokken. Der blir det samtalekafe og dialog med student Ragnhild Telise Kristoffersen, Høgskulen i Volda.

Arrangementet er i samarbeid med Humanistisk Uke.

Tysdag 25. september 2018

Mastermøte - Undervisning og læring. Kl. 10.15 - 12.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 161, Høgskulen i Volda.

 

Mastermøte – Undervisning og læring

 

Eilev Øyjordet Rossehaug: Skulelivskvalitet ved alternative skular

Prinsippet om den inkluderande fellesskulen står sterkt i Noreg. I fellesskulen skal alle barn - uavhengig av bakgrunn - få like rammer for god opplæring. Likevel er det i underkant av 4000 elevar som får spesialundervisning i eigne, faste avdelingar. Mange av desse har skulekvardagen sin ved alternative skular, noko som går mot tanken om ein inkluderande fellesskule for alle. Det er skrive lite om desse skulane og desse elevane. Kven er dei, og korleis har dei det? Ved å forstå skulelivskvaliteten til desse elevane kan vi lære mykje om korleis dei har det, i tillegg til at vi kan lære om korleis dei alternative skulane og den inkluderande fellesskulen fungerer.

Målet med studien var å rette merksemd mot eit tema som har fått særs lite merksemd tidlegare - skulelivskvaliteten ved alternative skular. Studien blei gjennomført ved å intervjue tidlegare elevar ved alternative skular.

Helge Gjerde: Elever i matematikkvansker

Å mestre matematikk er en viktig del av det å danne seg et godt livsmestringsgrunnlag.

Sett i lys av en bred definisjon av matematikkvansker vil mellom 10-15% av elevene i grunnskolen danne seg en kvalitativt dårligere kunnskap i matematikk enn det som er forventet på det aktuelle årstrinn.

I denne sammenheng kan en se vansker på to måter: Eleven har vansker og det er noe i individet som skaper vanskene, eller en kan se eleven som er i vansker, det er noe i samspillet mellom elev og opplæring som hindrer læring. Min studie har det sistnevnte perspektivet. En kan spørre seg hva det kan være som gjør at eleven du traff i 2. klasse som elsket matematikk, i 6. klasse har utviklet et «hatforhold» til det samme faget.

Å være i vansker er ikke bra for noen elever, så hva kan en som lærer gjøre og hvor skal en begynne?

Formålet med min studie var å finne ut hvordan lærere på mellomtrinnet kartlegger elever de opplever er i matematikkvansker og hvilke tiltak de vurderer med hensyn til elevens læringsforutsetninger, matematikkens innhold og undervisningsform.

DigiHand

Førsteamanuensisane Wenke Mork Rogne og Siv M. Gamlem, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, vil presentere NFR-prosjektet DigiHand (2017-2021). Prosjektet skal undersøkje 1. klassingar si skriftspråksutvikling ved bruk av digitale verktøy. DigiHand er eit samarbeid med Lesesenteret/Universitetet i Stavanger.

Det gode liv – heile livet. Seminar. Kl. 10.00 - 15.30.

Stad: Strøm-huset, rom 244, Høgskulen i Volda.

 

Det gode liv – heile livet

«Oppvekst – frå fragmentering til samskaping»

Kvart år under Forskingsdagane arrangerer Avdeling for samfunnsfag og historie eit seminar med hovudoverskrifta «Det gode liv – heile livet». Årets tema «Oppvekst» kom som bestilt – det er klare samanhengar mellom ein trygg oppvekst og det gode liv.

Institusjonaliseringa av barndommen byr på nye utfordringar – særleg for dei barna som av ulike årsaker strevar. Hjelpetenestene syner seg som spesialiserte og fragmenterte. Såleis vert det skapt nye behov for barn og familiar: samordning, samarbeid, samhandling mellom ulike aktørar for at eit godt liv også skal kunne realiserast – både i eit her og no-perspektiv og med tanke på framtida.

Program:

10.00: Velkomen

10.05: Kva utfordringar møter vi i kommunane i Sjustjerna v/helse- og omsorgssjef Bård Dalen, Sande kommune.

10.15: Frå fragmentering til samskaping – ein urealistisk visjon? v/professor Roar Amdam, Høgskulen i Volda.

11.00: Beinstrekk

11.15: Kven er vi – kva gjer vi – kvar vil vi? Presentasjonar av hjelpetenester

11.15: Barnehabiliteringa v/seksjonsleiar Anne Helene Marøy Ulvestad, Ålesund sjukehus.

11.35: Psykisk helsevern for barn og unge v/seksjonsleiar Kari Standal, BUP poliklinikk, Volda sjukehus.

11.55: Barneverntenesta v/barnevernskonsulent Kjellfrid Hovdenakk, Volda kommune.

12.15: Enkel lunsj

13.00: Omtanke – å tenke om (igjen)? Eksempel på omorganiseringar

13.00: Barneblikk i Møre & Romsdal - Samskaping av tilbod til familiar i utfordrande livssituasjonar v/førsteamanuensisane Silje Dahl og Roar Stokken, Høgskulen i Volda.

13.20: Ressursbasen i Ålesund kommune v/teamleiar Sylvia Våge, Ålesund kommune.

14.00: Beinstrekk

14.15: Ei radikal omorganisering – Stadt 2020 v/rådmann Åslaug Krogsæter, Eid kommune.

15.00: Det vil helst gå godt! Det resiliente barnet v/førsteamanuensis Bente Hasle, Høgskulen i Volda.

15.30: Vel heim

Avhandlingsforum. Kl. 12.15 - 14.00.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 159, Høgskulen i Volda.

 

Avhandlingsforum

 

Kaja Åslid Enge:

Musikk og oppvekst: Barneperspektiv på musikkterapi

Kaja Elise Åslid Enge er stipendiat ved Avdeling for kultur, og forskar på musikkterapi i skulen for barn med erfaringar som flyktningar. Det er godt dokumentert at det å vere flyktning inneber livssituasjonar som kan vere ein trussel for helse og utvikling. Samtidig veit vi framleis for lite om korleis barna sjølve opplever kvardagen. Ein viktig del av studiet er difor å utforske barneperspektivet. Sosial læring og deltaking, traumesensitiv omsorg og nyare hjerneforsking er viktige teoretiske haldepunkt.

Forskinga er basert på eit utviklingsprosjekt på ein mottaksskule (barneskule som tek i mot flyktningar) der musikkterapi er integrert i skuledagen. Musikkterapi i denne samanhengen handlar om tilgang til deltaking på ein musikkarena som tilbyr ressursar og opplevingar som støttar positiv utvikling og trivsel i kvardagen.

Eit mål for studiet er å få meir kunnskap om korleis deltaking i musikkterapi kan vere ein støttande og helsefremmande praksis i skulekontekst for barn i utsette livssituasjonar.

 

Stein Conradsen:

Kunnskap og tillit i kirurgien

I helsevesenet som i mange andre systemer i det moderne samfunnet, må vi ofte stole på fremmede og ukjente systemer for å fungere. Dette henger sammen med hvordan vi danner kunnskap. Doktorgradsprosjektet til stipendiat Stein Conradsen, Avdeling for samfunnsfag og historie, handler om hvordan informasjon og pasientopplæring forholder seg til hvordan vi får tillit til helsepersonell.

Som en del av dette arbeidet er det gjort to undersøkelser, en med intervju av pasienter og en bredt anlagt spørreundersøkelse på flere sykehus. Vi skal se på funnene fra disse undersøkelsene og dessuten diskutere om tillit til helsepersonell er bare et gode, eller om vi bør ha med oss noe sunn mistillit. Og når blir mistilliten egentlig usunn?

 

Fagleg ansvarleg for Avhandlingsforum er professor Jan Inge Sørbø, Avdeling for samfunnsfag og historie.

Fagseminar for praksislærarar. Kl. 14.30 - 17.30.

Stad: Berte Kanutte-huset, rom 161, Høgskulen i Volda.

 

Fagseminar for praksislærere

Det er krav om at grunnskolelærerutdanningene skal være forskningsbaserte, og videre at undervisningen også skal være det. I grunnskolelærerutdanningene ved Høgskulen i Volda er dette et viktig område. I årets fagseminar har vi valgt å sette fokus på veiledningsteknologi i lærerutdanningenes praksisveiledning.

Foredragsholder og tema under fagseminaret:

Petter Mathisen er dosent i pedagogikk ved Universitetet i Agder. Hans faglige interesser knytter seg særlig til mentorskap, universitetspedagogikk og veiledning og teknologi i høyere utdanning. Mathisen har gitt ut flere bøker og publisert artikler nasjonalt og internasjonalt innenfor feltet veiledning, rådgivning og mentoring.

Veiledningsteknologi i lærerutdanningenes praksisveiledning

  • Hva skjer når digital teknologi og tradisjonell veiledning møtes i praksisveiledningen?
  • Hvilke nye veiledningspedagogiske spørsmål reiser seg?
  • Hvordan kan programvaren MOSO bidra til kvalitetesutvikling i praksisveiledningen?

Onsdag 26. september 2018

Bilete av barndom. Barn i fotograf A. Berge sine bilete. Kl. 18.00.

Stad: Herøy Folkebibliotek, Fosnavåg.

 

Bilete av barndom

«Bilete av barndom. Barn i fotograf A. Berge sine bilete.»

Førstelektor Magnar Hjertenæs, Avdeling for samfunnsfag og historie, vil halde eit foredrag illustrert med bilete frå samlinga etter fotograf A. Berge (1886 – 1960).

Gjennom bileta sine dokumenterte fotograf A. Berge kvardagslivet i Herøy kommune gjennom ei periode med rivande utvikling. I samlinga finnes det bilete av landbruk og fiskeri, fiskeforedling og tidleg skipsbygging, handel, næringsliv og byutvikling. Eit trekk ved desse bileta er at borna ofte er ‘usynleg til stades’. Dei er ikkje hovudmotiv, men er der innimellom dei vaksne eller i utkanten av aktiviteten.   

Arrangementet er i samarbeid med Herøy Senioruniversitet.

Onsdagskviss på Rokken. Kl. 20.00.

Stad: Studenthuset Rokken, Høgskulen i Volda.

 

Onsdagskviss på Rokken

Kviss med spørsmål om både forsking og andre tema.

Onsdagskvissen på Rokken brukar å vere eit populært arrangement, så her er det lurt å vere tidleg ute!

Vinnarane kan stikke av med ekstra fine premiar.

Arrangementet er i samarbeid med Studentsamfunnet Volda og Studenthuset Rokken, Volda.

Alle er hjarteleg velkomne!

Torsdag 27. september 2018

Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst. Kl. 19.00.

Stad: Aktivitetshuset ved Småbåthamna, Vikholmen, Ulsteinvik.

 

Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst.

I alle kulturar har fellesskapen og vaksenverda hatt ei sams oppgåve overfor barnet: å hjelpe det til å vekse inn i kulturen og «bli som oss». I samsvar med framveksten av moderne vestleg individualisme og verdien av sjølvrealisering, har dette endra seg. Målet er no at barnet skal «bli seg sjølv». Men ingen kan «bli seg sjølv», eller skape ein identitet utan i forhold til ein fellesskap. I moderne oppvekst har misforholdet mellom fellesskap og individ blitt eit kulturelt problem. I foredraget vil mange av dei vanskane ungdom slit med, bli sett i lys av dette.

Tor-Johan Ekeland er professor dr.philos. i sosialpsykologi ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda, og professor II ved Høgskolen i Molde.

Arrangementet er i samarbeid med Senioruniversitetet i Ulstein.