
Trygve Selnes Nielsen
Institutt for film og animasjon
Høgskulelektor
Doktorgradsprosjekt
Animasjon og noter: Prosjektet vil gjennom kunstnariske eksperiment med animasjonsfilm skape uttrykk som er egna til å presist kommunisere musikalske komposisjonar, idear eller konsept.
Animerte bilete som guide til framføring av musikk kan sporast tilbake til 20-talet og Fleischer Studios bouncing ball karaokefilmar. Dei siste tiåra har utviklinga skutt fart, og animasjon har til dømes blitt brukt i ei rekke digitale musikkopplærings-reiskap, og nytta eksperimentelt av samtidsmusikk-komponistar. Den seinare utviklinga har i stor grad skjedd frå eit dataingeniør- eller musikarperspektiv. Dette prosjektet ønsker å utvikle feltet frå eit animasjonsperspektiv; korleis nytte dei unike eigenskapane som animasjonmediet har til å gje uttrykk for musikk. Til dømes eigenskapen til å kunne framstille metamorfosar, ein illusjon av liv, eller gjere usynlege eller umoglege rørsle mogeleg.
Prosjektet bygger på visuell-musikk-film tradisjonen, der utøvarar som blant anna Hans Richter, John Whitney, Norman McLaren og Mary Ellen Bute har lagt musikalske strukturar til grunn for det visuelle/filmatiske uttrykket.
Student ved NTNU, Ph.d. utdanninga i kunstnarisk utviklingsarbeid
Interesser og forskingsfelt
Visuell musikk
Teiknefilm
Musikk og lyd i animasjon
Dokumentarfilm
Filmteori
Arbeid
Film:
Jon Fosse åt trekkspelet (2018)
The Pianoplayer, the Cowboy and the Singing Housewife (2007)
Filmmusikk: