Regjeringa tilrår kombinasjon av fysisk og digital undervisning i områder med lågt smittetrykk, og der det er mogleg å ha undervisning i små grupper. Difor byrjer Høgskulen i Volda delvis med fysisk undervisning att frå måndag i veke 4, 22. januar.
– Forskingsrapporten handlar om unge med risiko for å hamne «nedst ved bordet» i skulen, og kva konsekvensar dette kan ha for dei seinare i livet. Desse ungdommane har rett på særskilt tilrettelagd opplæring etter dei føresetnadene dei har, seier professor Finn Ove Båtevik ved Avdeling for samfunnsfag og historie.
For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Høgskulen. Neste testdag er måndag 18. januar kl. 15.00–16.00.
Den tverrfaglige mediemastergraden ved Høgskulen i Volda har åpnet for søking. Her kan du bli en del av et internasjonalt miljø med studenter og forelesere med bakgrunn fra ulike medieprofesjoner.
Tilsette ved Avdeling for mediefag er sterkt representerte i ei bok som nett har kome ut på forlaget Peter Lang: Themes in Issues, Risk and Crisis Communication. Redaktør for boka er Burcu Sabuncuoglu Peksevgen i samarbeid med Kristian Fuglseth, Erling Sivertsen og Jan Arne Halvorsen.
Har du lyst å bidra til at fadderveka ved Høgskulen i Volda i 2021 blir heilt magisk? Då kan du søke på eit av deg seks verva i faddervekestyret fram til og med 31. januar.
Etter pålegg frå Kunnskapsdepartementet vert all undervising digital fram til 18. januar. Det blir altså ikkje vanleg undervisning på Høgskulen i Volda. Føremålet med dette nasjonale tiltaket er å minke presset på offentlege kommunikasjonar, og studentar som kan utsette tilbakereisa til Volda vert oppmoda om å gjere det.
Alle studentar, både nye og dei i eksisterande studieløp, må registrere seg for nytt semester i 2021. Finn snarveg til registeringa her, saman med annan nyttig informasjon knytt til studiestart i januar.