Høgskulen i Volda får ein million kroner til rekruttering av fleire barnehagelærar
Regjeringa trappar opp innsatsen for å få fleire til å velje barnehagelærarutdanning. For Høgskulen i Volda betyr det ein million kroner som skal gå til rekrutteringstiltak.

Noreg manglar over 2 700 barnehagelærarar for at barnehagane skal kunne oppfylle pedagognorma. Eit av fleire tiltak regjeringa har sett i gang, er å tildele midlar til barnehagelærarutdanningane for at dei kan samarbeide med kommunar og private barnehagar om å rekruttere fleire studentar.
Tidlegare i år fekk fem utdanningsinstitusjonar med barnehagelærarutdanning ein million kroner kvar. No får resten av dei åtte utdanningsinstitusjonane som tilbyr barnehagelærarutdanning, inkludert Høgskulen i Volda (HVO), same summen.
– Ein jobb å gjere
Som i resten av landet har talet på søkarar til barnehagelærarutdanninga gått ned ved HVO dei siste åra også. Unntaket er i 2025 for HVO, der ein på samla på heil- og deltid for utdanninga gjekk fram 31 prosent frå året før.
I tillegg kom den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga, som vart starta opp igjen etter ein pause og fekk 27 søkarar.
Med det gjekk HVO mot straumen nasjonalt, samla sett var det ein nedgang på 15,8 prosent i søkarar til barnehagelærarutdanninga på landsbasis.
– Dette var gledelege tal for oss. Men talet på studentar på heil- og deltid er framleis eit godt stykke bak det vi hadde for fem-seks år sidan til dømes. Det betyr at vi har ein jobb å gjere og at pengane til rekruttering kjem godt med. Det er eit svært viktig yrke for heile samfunnet som søkarane vil tre inn i, slår rektor Odd Helge Mjellem Tonheim fast.
Erfaringar med turné
Det er for tidleg å seie noko om korleis høgskulen ønsker å bruke pengane enno. I fjor starta HVO opp satsinga LærariNordvest, med mål om å rekruttere studentar og sikre kommunane i regionen rundt Volda nok kvalifiserte lærarar til skule og barnehage.
Då reiste tilsette ved HVO rundt og besøkte kommunane i Møre og Romsdal og Nordfjord, der dei møtte tilsette i kommunane og potensielle studentar.
– Det var ein god jobb som vart gjort der, og kanskje spelte det inn på oppsvingen i søkinga til barnehagelærarutdanninga. Vi har gjort oss nokre erfaringar med den turneen, så får vi sjå kva rekrutteringstiltak vi landar på med den millionen vi no har fått, seier Tonheim.
Ministeren: – Avgjerande og meiningsfull jobb
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun peikar i ei pressemelding på at «barnehagelærarar har ein av våre aller viktigaste jobbar».
– Grunnlaget for moglegheitene til barna seinare i livet blir forma her. Skal vi få fleire til å velje ei barnehagelærarutdanning må vi løfte fram kor avgjerande og meiningsfull denne utdanninga og dette yrket er, seier Nessa Nordtun.
Ho får følgje av forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland:
– Vi må motivere fleire til å søke barnehagelærarutdanninga. Universiteta og høgskulane speler ei nøkkelrolle i dette arbeidet, saman med kommunar og private barnehageeigarar, seier Aasland.





