Får 10 millionar til språkforsking i Volda
HVOs førsteamanuensis Jade Sandstedt har nådd opp i den knallharde konkurransen om midlar til banebrytande forsking. No ventar fire år med nyskapande gransking av korleis dialektvariasjon påverkar lesing og språkprosessering i hjernen.

Jade Sandstedt (t.v.) under førebuing til eit eksperiment med EEG (elektrisk registrering av hjerneverksemd). I det nye forskingsprosjektet MInDReading vil forskarar ved Høgskulen i Volda undersøkje korleis hjernen prosesserer språkleg innputt på ulike norske språktypar: dialektar, nynorsk og bokmål. Foto: Jason Rothman, UiT.
Nålauget er trongt når Noregs forskingsråd deler ut midlar til banebrytande forsking (FRIPRO-ordninga). Blant 112 søknader denne runden deler dei 19 sterkaste prosjekta ein pott på 203 millionar kroner.
Førsteamanuensis Jade Sandstedt ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda (HVO) er mellom dei utvalde og får nær 10 millionar kroner i støtte til prosjektet «MInDReading».
Dei neste fire åra skal eit forskarteam med Sandstedt i spissen undersøkje korleis dialektvariasjon påverkar måten vi forstår språk på, anten vi les eller lyttar. Det er ein glad prosjektleiar som tek imot nyheita under eit forskingsopphald ved Waseda University i Tokyo.
– Det kjennest som ein enorm lette. Søknader som denne, og forskinga dei byggjer på, er alltid produktet av tusenvis av timar hardt arbeid over mange år. Så det er fantastisk å sjå at alt arbeidet har lønt seg til slutt.
«Eplene er brune – eplan e brun»
Forskarane skal undersøkje korleis språkleg variasjon – både mellom dialektar og mellom tale og skrift – blir representert og prosessert i hjernen. Dei er særleg interesserte i korleis grammatiske skilnader mellom dialektar, nynorsk og bokmål påverkar språkprosessering, slik det er vist i illustrasjonen nedanfor.
Eit døme er nordnorske dialektar der ein seier «eplan e brun», medan ein skriv «eplene er brune» på bokmål. Slike grammatiske skilnader mellom talemål og skriftspråk gjer at lesarar må handtere variasjon der dei seier éin ting, men les og skriv noko anna.
Kan slike grammatiske forskjellar mellom tale og skrift gjere det vanskelegare å lære å lese, spesielt for barn frå dialektområde der talemålet ikkje samsvarer med skriftspråket?
– Vi veit framleis relativt lite om korleis hjernen tilpassar seg og prosesserer slik variasjon, og kva det kan ha å seie for til dømes lese- og skriveferdigheiter blant ulike dialektgrupper. Resultata frå dette prosjektet vil difor truleg ha vidtrekkande konsekvensar, ikkje berre for språkforskarar og psykologar, men også for elevar, foreldre, lærarar og avgjerdstakarar, forklarer Sandstedt


Stolt rektor: – Stort for høgskulen
FRIPRO-tildelingane frå Noregs forskingsråd går til prosjekt som held svært høg vitskapleg kvalitet.
Mellom gratulantane finn vi difor ein særs nøgd HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim, som meiner prosjektet set høgskulen på kartet som forskingsinstitusjon:
– Dette er stort for høgskulen. At vi kjem gjennom det prestisjefylte nålauget for midlar til banebrytande forsking, viser at vi har styrke i fagmiljøa våre. For HVO er det også viktig å setje språk på agendaen og vere framme i skoa på dette fagfeltet. På tvers av fag viser Sandstedts prosjekt at det er fullt mogleg å få til store forskingssatsingar her i Volda.
Hjernemåling og augesporing
For å finne svar skal forskarane bruke ein kombinasjon av EEG og augesporing under lesing. Slik vil dei teste korleis dialektbakgrunn påverkar leseåtferda i sanntid under naturlege leseforhold. Eksperimenta skal gjennomførast Volda, Tromsø og Oslo i samarbeid med forskarar ved UiT og UiO, med deltakarar frå heile landet:
– Det spesielle med prosjektet er kombinasjonen av nyskapande nevro- og psykolingvistiske metodar og det unike språklege landskapet vi har i Noreg, og spesielt på Sunnmøre. Kvar elles i verda finn du ein plass der folk snakkar så mange ulike dialektar og samtidig må forhalde seg til to skriftspråk og dialektskriving?
All denne multilektaliteten (eksponering for og bruk av ulike dialektar og skriftspråk) som er vanleg for norske språkbrukarar, ser forskaren på som eit skattkammer.
– Dette gjer Noreg til eit perfekt naturleg laboratorium for denne typen forsking – vi kunne rett og slett ikkje gjort dette andre stader.

Om prosjektet
- Namnet «MInDReading» står for «Multilectal Individual Differences in Reading: Neurocognitive and Behavioral Effects of Dialect Exposure on Literacy Development» (multilektale individuelle forskjellar i lesing: nevrokognitive og åtferdsmessige effektar av dialekteksponering på lese- og skriveutvikling).
- Prosjektet har fått ei tildeling på 9,96 mill. kr frå Forskingsrådet, noko som mellom anna går til to nye treårige forskarstillingar ved HVO (stipendiat og postdok).
- Prosjektleiar Jade Sandstedt ved HVO vil samarbeide med forskarar fleire stader i landet. Mellom anna blir det feltarbeid i Nord-Noreg og på Austlandet gjennom samarbeid med forskarar ved UiT og UiO.
- MInDReading har planlagt oppstart våren 2026.
Vil gjere HVO til sentrum for norsk psykolingvistisk forsking
Med ti millionar i forskingsstøtte ser Sandstedt store moglegheiter for prosjektet og HVO som forskingsinstitusjon.
– Samtidig er det eit stort ansvar. Målet mitt med prosjektet er å leggje grunnlaget for å gjere HVO til eit av dei viktigaste sentera for psyko- og nevrolingvistisk forsking på norsk og norske dialektar, med særleg fokus på nynorsk og den unike multilektaliteten vi har i Vest-Noreg.
Sandstedt er sjølv frå Minnesota i USA med norske anar. Med fleirkulturell bakgrunn ser han tydeleg kva verdi den særeigne norske språksituasjonen har for internasjonal språkforsking – og han gler seg til å brette opp ermene.
– Gjennom MInDReading får vi samarbeide med eit team av ekspertar frå heile verda, i tillegg til å skape nye forskarstillingar i Volda. Mange av studiane i prosjektet har vore planlagde lenge: No får vi endeleg infrastrukturen, støtta og teamet vi treng for å gjennomføre dei. Eg er veldig spent på å kome i gang med arbeidet.
Kva håpar du at de får til med prosjektet?
– Det vi verkeleg håpar på, er å få klarleik i kvar multilektalitet faktisk passar inn i det større biletet av fleirspråklegheit. Er det eigentleg så ulikt å gå mellom dialekt og skriftspråk som å gå mellom heilt ulike språk? Det veit vi rett og slett ikkje i dag.
Med forskinga ønskjer Sandstedt også å bidra til betre språkopplæring.
– Håpet er at vi kan hjelpe lærarar å forstå kva som skjer når eit barn snakkar ein dialekt som kan vere ganske ulik skriftspråka hen møter på skulen. Og ikkje minst håpar vi at dette prosjektet vil vise fram verdien av den unike språksituasjonen vi har her i Noreg: Både dialektmangfaldet og begge skriftspråka våre utgjer viktige delar av den norske språkarven, ikkje minst nynorsken, avsluttar han.






