Masterstudentar laga profileringsfilmar for Runde Forsking: – Ein unik læringsarena
Master in Media Practices-studentar ved Høgskulen i Volda har denne hausten fått svært relevant praksiserfaring og haustar ros for profileringsfilmane dei har laga for Runde Forsking.

Veronika Teresa Blazejewski markerer opptaket med clapper. Forsker Ørjan Sørstrønen Vabø sitter klar til intervju. Vegard Sander Billing og Øyvind Bach Igland står bak kamera. Foto: Dag S. Roland
Prosjektet har gitt både studentar og forskarar eit sjeldan innblikk i kvarandre sine arbeidsmetodar – og resultatet er fem ferdige filmar som skal bidra til å synleggjere arbeidet ved forskingssenteret.
Filmane har studentane laga som ein del av emnet MMP301 Storytelling i masterstudiet Master in Media Practices. Dei har arbeidd i tverrfaglege grupper på tvers av fagområde som journalistikk, design, film og medieproduksjon, kommunikasjon og animasjon.
Tverrfagleg samarbeid frå første semester
Programansvarleg for masteren Dag S. Roland fortel at prosjektet er ein del av den praktisk-teoretiske tilnærminga som gjer studiet unikt.
Masterstudiet er toårig og har ei praktisk-teoretisk innretning, der studentane også kan velje å levere ei kombinert praktisk og teoretisk masteroppgåve.
– Dette er førsteårsstudentar i sitt første semester, og dei blir kasta rett ut i tverrfagleg samarbeid. Arbeidsmengda har vore stor, men studentane opplever likevel dette som svært verdifullt og som ei god førebuing til det profesjonelle arbeidslivet, seier Roland.
Årets kull består av både norske og internasjonale studentar frå ei rekke land, mellom anna Kina, Tyskland, Spania, Nederland, Iran, Russland og Romania. Om lag halvparten av studentane i emnet er studentar som tek heile mastergraden i Volda, medan resten er internasjonale studentar på utveksling.

Resultatet av arbeidet blir levert i desember og omfattar fem filmar: ein overordna presentasjon av institusjonen og fire filmar som løfter fram ulike forskingsområde ved Runde Forsking.
Roland meiner prosjektet treff kjernen i Avdeling for mediefag sitt arbeid. – Dette er midt i blinken for fagmiljøet vårt, både som forskingskommunikasjon og som praksisnær utdanning. Saman med praksisfeltet utviklar vi metodar som skal møte framtidas behov, fortel Roland.
– Ei god løysing for oss
For Runde Forsking kom initiativet frå Høgskulen på eit tidspunkt då institusjonen lenge hadde ønska å vere meir synleg i offentlegheita.
Dagleg leiar Inge Bruheim fortel at økonomiske rammer har gjort det vanskeleg å gjennomføre profesjonell profilering for forskingssenteret. Dei held til ved Runde Miljøsenter, ligg på øya Runde med det kjende fuglefjellet – ein times køyring ut mot havet frå Volda.
– Etter at eg starta som dagleg leiar har eg stadig møtt folk som spør kva vi held på med, kva tema vi arbeider med og kva vi kan tilby. Da Dag Roland tok kontakt og tilbaud sin kompetanse og eit samarbeid, blei det ei svært god løysing for oss, seier Bruheim.
Arbeidet med studentane har gitt institusjonen nyttig innsikt – ikkje berre i korleis dei kan formidle forskinga si, men også korleis dei blir oppfatta av andre.
– Dette har vore ein god læringsprosess. Vi har blitt meir bevisste på innhaldet vi presenterer og korleis vi set forskinga vår i ein større samanheng. Studentane har imponert oss både fagleg og metodisk, seier han.

Bruheim håper filmane vil bidra til at fleire får auga opp for institusjonen som samarbeidspartnar.
– Vi er små og blir ofte gløymde når større forskingsmiljø planlegg å samarbeide om prosjekt, til dømes for EU-utlysingar eller Noregs forskingsråd-prosjekt. Eg forventar at fleire vil ta kontakt framover. I tillegg har dette vore inspirerande for dei tilsette og gitt dei nyttig erfaring som dei set stor pris på, forklarar Bruheim.
Historieforteljing som forskingsformidling
Prosjektleiar og forskar ved Runde Forsking, Annelise Chapman, peikar på at filmprosjektet synleggjorde behovet for ei tydelegare strategisk ramme for kommunikasjon.
– Studentane møtte oss med same profesjonalitet som om vi var ein bedriftskunde, noko som gjorde oss merksame på at vi først må definere kva vi vil formidle, til kven og kvifor. Dette hadde vi ikkje arbeidd systematisk med før, seier Chapman.
Samarbeidet gav også eit viktig fagleg løft i korleis forskarar kan formidle komplekst innhald.
– Vi ser at vi kan bli mykje betre til å fortelje historier rundt forskinga vår. Studentane hjelpte oss å finne gode balansepunkt mellom å forenkle for forståing og samtidig formidle naturens kompleksitet. Dei fekk oss også til å jobbe meir bevisst med patos, etos og logos som verkemiddel i formidlinga, fortel prosjektleiaren.

Chapman understrekar at forskarar ofte står åleine i formidlingsarbeidet, og at samarbeid med fagmiljø som Høgskulen i Volda kan vere avgjerande for å formidle komplekse prosessar på ein måte som bevarer både fagleg integritet og engasjement.
Filmane vil bli viktige verktøy både for rekruttering, samarbeid og ekstern kommunikasjon.
– Dei viser ikkje berre kva vi forskar på, men også arbeidsmiljøet vårt, engasjementet og den unike arbeidsplassen vi har. Vi håper dei vil vekke nysgjerrigheit og gi fleire lyst til å samarbeide med oss, strålar Chapman.
Ser fram mot vidare samarbeid
Både Roland, Bruheim og Chapman er tydelege på at dei ønsker meir samarbeid i framtida. Runde Forsking ser særleg potensial i prosjekt som kan utvikle nye metodar for god forskingsformidling.
– Det hadde vore spennande å jobbe vidare med formidling retta mot eit breitt publikum. Her har vi mykje å hente, og Høgskulen i Volda har kompetansen vi treng, seier Chapman.

Bruheim peiker også på moglegheiter for samarbeid på tvers av avdelingar ved høgskulen.
– Kommunal planlegging og naturkartlegging i Storfjorden er døme på område der samarbeidet kan utvidast, seier han.
Roland understrekar at prosjekt av denne typen ikkje berre er nyttige for studentane, men også for regionen.
– Når forsking, formidling og utdanning møtest i eit felles prosjekt, skaper det verdiar for alle partar. Vi ser fram til å utvikle dette vidare.











