Ta PPU med bachelorgrad

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Med ein bachelorgrad i praktisk-estetiske fag er du kvalifisert til å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda. For Liv Berit Sørhage er det den beste måten å bli lærar på.

Frå hausten 2019 må dei som skal ta PPU allmennfag minimum ha ein mastergrad for å vere kvalifisert. Unnataket er for kandidatar som har teke ein bachelorgrad i praktisk-estetiske fag, som ved Høgskulen i Volda gjeld design, kunst og handverk, idrett og kroppsøving, musikk og teater og drama.

I Volda tilbyr ein PPU allmennfag både på heiltid og deltid. Søknadsfrist er 15. april.

Best kvalifisert

Aud Folkestad, dekan ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda, er ein av dei som har kjempa for at bachelorkandidatar i praktiske og estetiske fag også i framtida skal vere kvalifiserte for opptak til PPU. Stortinget gjorde våren 2018 vedtak om at desse studentane framleis skal få opptak fram til 2025. No gler ho seg over at bachelorkandidatane frå hennar avdeling framleis kan verte faglærarar. Folkestad meiner kandidatane med 180 studiepoeng gjennom tre år i eitt fag vert svært så kvalifiserte lærarar.

– 180 studiepoeng i eitt fag er det svært få av lærarane som går grunnskulelærarutdanning som får, sjølv om dette no er ei masterutdanning. Dei som no tek ei bachelorgrad i dei praktisk-estetiske faga våre med PPU på toppen, ser eg på som nokon av dei best kvalifiserte lærarane i skulen.

Finst arbeid

Skulen treng lærarar med kompetanse i alle fag, men i dag er det mange som underviser i praktiske og estetiske fag utan å ha fagkompetanse. Det er behovet for kvalifiserte lærarar i praktiske og estetiske fag departementet har lagt vekt på når dei har gått inn for ei særordning for desse faga.

Aud Folkestad
Dekan ved Avdeling for kulturfag Aud Folkestad

– Det vi ser i dag, er at dei som tar utdanning i praktiske og estetiske fag, blir viktige ressurspersonar rundt om i kommunane. Mange går i kombinerte stillingar og kombinerer arbeid i skulen med kulturskulen, i frivillige organisasjonar eller SFO. Nokre er også utøvande kunstnarar i tillegg til at dei er i undervisingstillingar, poengterer Folkestad.

Valde fag først

Liv Berit Sørhage siktar seg inn på ei lærarstilling anten på ungdomsskulen eller i vidaregåande skule. Dei siste vekene har PPU-studenten hatt praksis med elevar frå Volda vidaregåande skule og deira kunst, design og arkitektur-line. Skummelt tenkte Liv Berit på førehand, givande synest 27-åringen når praksisperioden no er over.

– Eg grudde meg til denne praksisen med elevar frå vidaregåande, men det har vist seg å bli ei veldig god oppleving. Før praksisen tenkte at eg ikkje ville strekke til, det stemte ikkje, seier Sørhage med fingernemme elevar rundt seg på leireverkstaden på høgskulen.

Etter å ha funne ut at barnehagelærarutdanning ikkje var heilt for ho, valde Liv Berit å ta til på bachelorgraden i kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Det utan at læraryrket den gong skein som ei stjerne framfor ho.

– Eg var usikker på kva eg ville bli då og valde noko eg hadde interesse for. Først ei stund ut i bachelorgrada vart eg bestemt på at lærarvegen var noko for meg.

«Kasta» ut i det

Dermed vart PPU eit naturleg val for Lom-kvinna som har gjort volding av seg. Ho tek utdanninga på heiltid over eitt år.

– Det er eit komprimert og arbeidsomt år som eg har lært mykje av. Det er fokus på pedagogikk og didaktikk, og ein fin måte å bli lærar på om du startar å studere fag og fordjupar deg i det først.

I både haust- og vårsemesteret skal studentane på PPU heiltid gjennom seks veker med praksis, tolv til saman.  – Det er ganske mykje praksis og det har både sine fordelar og ulempar. Ein blir «kasta» rett ut i det i klasserommet, men eg har først og fremst fått mykje god læring ut av det.

Læring Liv Berit Sørhage heilt sikkert kan ta med seg når ho straks er ferdig med PPU, skal ut i arbeidslivet og kalle seg faglærar.

Tags

Del på