Over 1000 har fått tilbod om studieplass

Høgskulen i Volda (HVO) har gjennom Samordna Opptak sendt ut tilbod om studieplass til 1025 studentar. Mediefaga er spesielt populære, HVO gler seg også over oppgang i søkinga til lærarutdanningane.

Studiestart ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Då hovudopptaket til Samordna Opptak gjekk rundt 20. juli fekk 1025 søkarar tilbod om studieplass ved Høgskulen i Volda. I tillegg har om lag 2700 søkarar fått det same gjennom det lokale opptaket ved høgskulen, som omfattar mastergradprogramma samt alle etter- og vidare utdanningstilbod.

– Volda er etter opptaket framleis den største studiestaden i Møre og Romsdal – det er vi glade for, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Ventelister

Då søkartala til Samordna Opptak vart kjend i april viste dei ei auke på sju prosent målt mot fjoråret. Med det gjekk ein mot straumen i Volda – for etter fleire år med oppgang i tal søkarar til Samordna opptak nasjonalt, er det i 2025 ein liten nedgang på 0,3 prosent.

Mediefaga ved HVO held fram med å vere populære. Journalistikkutdanninga har ein oppgang i søkarar på 27 prosent frå 2024, og godt over 100 søkarar på venteliste til denne utdanninga. For ordinær kvote er karaktergrensa for å kome inn på studiet 48,3. Også på bachelorgradsprogrammet i medieproduksjon er det venteliste.

– Vi har praksisnære og solide utdanningar som gir studentar som er attraktive i arbeidsmarkanden. Det ser vi eit resultat av her, meiner rektor Tonheim.

Lærarjubel

Etter år med nedgang og mykje nasjonal merksemd kring lågare søkartal til  grunnskulelærarutdanninga, er det i 2025 ein oppgang. Høgskulen i Volda opplever ein markant auke i søkarar, og heile 43 prosent fleire har fått tilbod om studieplass i år målt mot 2024. Til grunnskulelærarutdanning 1.–7. steg har 34 søkarar motteke tilbod, medan for 5.–10. steg er talet 26. Det sistnemnde betyr ein oppgang på heile 86 prosent målt mot fjoråret.

– Vi har ei gledeleg auke i søkartala til lærarutdanningane, og særleg gledeleg er jo auka i barnehagelærarutdanningane, der Volda går mot den nasjonale trenden med framleis nedgang i søkartala.

Høgskulen i Volda tilbyr barnehagelærarutdanninga både på heil- og deltid, samla sett hadde desse om lag 30 prosent fleire søkarar i år enn i 2024. Totalt for desse utdanningane har 63 søkarar fått tilbod om studieplass i år.

På toppen av det kjem den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga, som ikkje er ein del av Samordna opptak, men høyrer til det lokale opptaket ved HVO. Denne utdanninga blir no starta opp igjen etter ein pause, og har 29 søkarar.

Som vanleg er sosionomutdanninga ved HVO eit av studietilboda med høgast søkartal. I år har 132 søkarar motteke tilbod om studieplass, som er ein liten nedgang frå fjoråret.

Framleis ledige studieplassar

Er du sjølv, eller kjenner du kanskje nokon som kan vere interessert i å studere i Volda frå hausten av, treng det ikkje å vere for seint.

Vi har fleire studium med ledige studieplassar, anten du vil ta ein bachelor, eit årsstudium, ein mastergrad eller ei vidareutdanning. Sjekk dei ut under her!

Del på: