God auke i søkarar til Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda går mot den nasjonale trenden når dei opplever ein auke på sju prosent i tal søkarar målt mot fjoråret. – Vi er svært glade for denne oppgangen og at studietilboda våre er populære, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Søkartala frå Samordna opptak blei offentleggjort måndag. Dei viser at 968 søkarar har HVO som førsteval i år, som er ein oppgang på 6,96 prosent frå 2024.
Med det går ein mot straumen i Volda – for etter fleire år med oppgang i tal søkarar til Samordna opptak nasjonalt, er det i 2025 ein liten nedgang på 0,3 prosent.
– Dette viser at vi har aktuelle studium som søkarane vil ha. I fagmiljøa våre er det jobba bevisst for å gjere studia nyttige og attraktive i dagens samfunn. Tala kan også tyde på at søkarane ser at vi har eit godt studentmiljø i Volda, peiker Mjellem Tonheim på.
Etter nokre år med fallande søkartal i Samordna opptak, ser det betre ut for Høgskulen i Volda no.
– Det er gledeleg at vi har snudd den trenden, så skal vi fortsette med å utvikle oss, tilby framtidsretta studium med kvalitet og jobbe for at studentane får ei god studietid i Volda.
Fleire vil bli lærarar igjen
Langt fleire vil bli barnehagelærarar ved å studere i Volda enn på mange år. HVO tilbyr utdanninga både på heil- og deltid, begge har ein markant framgang frå fjoråret – samla sett har dei 31 prosent fleire søkarar målt mot 2024.
På toppen av det kjem den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga, som ikkje er ein del av Samordna opptak, men høyrer til det lokale opptaket ved HVO. Denne utdanninga blir no starta opp igjen etter ein pause, og har fått 27 søkarar.
Auken i søkarar til barnehagelærarutdanninga er det stikk motsette av det ein ser nasjonalt, der det er ein nedgang på 16 prosent.
– Det er godt å sjå denne framgangen. Søkarane vil tre inn i eit yrke som er viktig for samfunnet, og vi veit det er stort behov for kvalifiserte fagfolk i barnehagane, fortel Mjellem Tonheim.
Høgskulen i Volda lanserte på nyåret ei satsing kalla LærariNordvest. Målsettinga er å rekruttere studentar og sikre kommunane i regionen nok kvalifiserte lærarar i framtida.
– Som eit ledd i det har tilsette og studentar frå oss reist rundt til kommunar i Møre og Romsdal og Nordfjord og møtt folk. Det meiner eg er viktig, og eg trur vi ser eit resultat av det i søkartala no, seier Mjellem Tonheim.
Når han seier det, tenker rektoren også på søkartala til grunnskulelærarutdanninga. Der er HVO ein del av ein positiv og etterlengta nasjonal oppsving. Etter år med nedgang og mykje nasjonal merksemd kring lågare søkartal til denne utdanninga, er det i 2025 om lag 15 prosent fleire søkarar nasjonalt. For grunnskulelærarutdanning 1.–7. steg er søkartalet det same som i 2024 ved HVO, medan for 5.–10. steg er det ein oppgang på 28 prosent.
– Lærarutdanningane har alltid vore og vil også vere viktige for oss i framtida. Difor er dette svært gode nyhende, synest Mjellem Tonheim.
Journalistikk skyt i veret
Journalistikkutdanninga har HVO vore landskjend for gjennom fleire tiår. Den har vore av dei med høgast poengsnitt for å kome inn på, og mange har reist langvegsfrå for å bli journalistar i Volda.
No opplever høgskulen igjen å få mange søkarar til denne utdanninga – heile 174 i talet, som er ein oppgang på 27 prosent frå 2024.
Medieutdanningane går generelt godt i Volda, og slår ein saman journalistikk med dei andre bachelorgradsprogramma; animasjon, medieproduksjon og PR, kommunikasjon og media, går dei fram med 13 prosent frå fjoråret.
Også det er mot den nasjonale trenden, mediefagene har en nedgang på landsbasis på 7 prosent.
– Vi har ein sterk og viktig posisjon med medieutdanningane våre. Det er praksisnære og solide utdanningar som gir studentar som er attraktive i arbeidsmarknaden. Lokala våre er nye og oppdaterte, det same med utstyret – når ein i tillegg har framoverlente og dyktige tilsette og studentar på avdelinga, gir det i sum ein total som er sterk, kommenterer rektor Mjellem Tonheim.

Oppsving for design, kunst og handverk
Talet på dei som vil ta ein bachelor i design, kunst og handverk har nesten dobla seg i løpet av det siste året. I år har 21 søkarar studiet på førsteplass. Nokre fleire har søkt seg til Bachelor i skuespill og scenekunst, medan færre vil inn på musikk.
Friluftsliv og naturguideutdanninga over tre år har også ein liten oppgang, talet for idrett og kroppsøving er så vidt mindre.
Bachelorgradsprogramma i sosialt arbeid, sosionom og barnevernspedagog, er framleis utdanningar med mange søkarar for HVO. Dei har ein liten nedgang frå 2024, som er på linje med dei nasjonale tala, og føyer seg inn i ein trend som har vore nokre år. Bacheloren i samfunnsutvikling har ein liten oppgang frå fjoråret.
Bacheloren i religion og kultur blei nettbasert for to år sidan. Det opplevde ein sterk auke i fjor, søkartala er gode også i år, med ein liten nedgang frå 2024.
Solide tall for lokalt opptak
Det lokale opptaket ved Høgskulen i Volda er der søknadar til alle mastergradprogramma, samt alle etter- og vidare utdanningstilboda til høgskulen blir behandla. Det lokale opptaket er ikkje knytt til Samordna opptak på nokon måte.
Det lokale opptaket er der majoriteten av HVO-studentane kjem frå. Per 16. april hadde det lokale opptaket 2416 søkarar med ei HVO-utdanning på førsteplass.
Å studere på nett er populært blant ein del, mange av nettstudia til HVO har høg søking. Skuleretta samfunnsfag, norsk og engelsk er studium med godt over 100 og opp mot 200 søkarar.
Det same kan seiast om pedagogiske studium HVO tilbyr. Spesialpedagogikk i ulike variantar og praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er studium mange søker seg til.