Lær om praktisk bruk av kunstig intelligens

I haust startar høgskulen ei ny vidareutdanning i kunstig intelligens (KI). I det samlingsbaserte studiet får du oppdatert, forskingsbasert kunnskap og handfast kompetanse innan KI.

Illustrasjonsfoto av samarbeid ved datamaskin.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock. Med lisens.

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: Shutterstock

- Oppdatert

Del på:

Kunstig intelligens (KI) er eit aktuelt tema på stadig fleire samfunnsområde – ikkje minst gjeld dette korleis arbeidslivet og etterspurd kompetanse vil endre seg i tida framover.

For å møte dette behovet tilbyr Høgskulen i Volda (HVO) frå hausten 2025 det nye vidareutdanningstilbodet «Kunstig intelligens i praksis». Studieprogrammet på 20 studiepoeng er samlingsbasert og går over to semester.

Studium knytt til nasjonal storsatsing på KI-forsking

Du treng berre generell studiekompetanse for å søkje opptak til vidareutdanninga. I haustsemesteret er det fire samlingar for dei to første emna i studietilbodet: 22. september og 3. november (innføring i kunstig intelligens) og 13. oktober og 24. november (data for kunstig intelligens). Emna i vårsemesteret blir maskinlæring og vurdering av kunstig intelligens.

Sommaren 2025 blei det kjent at HVO deltek i regjeringa si prestisjetunge milliardsatsing på KI-forsking som partnar i eit av dei nye nasjonale forskingssentera for KI, «The Norwegian Centre for Trustworthy AI». Dette vil også kome studentane i den nye vidareutdanninga ved HVO til gode.

– I senteret for truverdig KI skal vi mellom anna forske på korleis KI-system kan gjerast meir nøyaktige, tolkbare, inkluderande og rettferdige. Eit viktig moment for å få til robuste system som tek i bruk KI i bedrifter, er kompetanseheving blant tilsette, også dei som ikkje har tekniske arbeidsoppgåver. Derfor startar HVO opp dette studieprogrammet, som knyter seg tett til KI-senteret, fortel førsteamanuensis Runar Lie Berge, som er ansvarleg for det nye KI-studiet saman med førsteamanuensis Andreas Brandsæter.

Runar Lie Berge.
Førsteamanuensis Runar Lie Berge ved Institutt for realfag. Foto: Høgskulen i Volda / Lea Albertsen.

Framtidsretta KI-kompetanse for alle, uansett bakgrunn

Det høgaktuelle studiet er relevant for ei brei målgruppe og gir grunnleggjande innføring i KI og korleis KI påverkar samfunn og næringsliv.

– Du får mellom anna lære korleis du kan forhalde eg til usikkerheita i KI-system, og du får innsikt i korleis systema verkar, og lærer å tolke svar frå systema. I tillegg lærer du å vurdere, planleggje og gjennomføre KI-prosjekt heilt frå idéfasen til implementering av systemet, forklarer Berge.

Som «KI i praksis»-student ved HVO byggjer du kompetanse for framtida. Du får kunnskap om alt frå maskinlæring og databruk til risiko og rammeverk for KI. Du lærer både å lage dine heilt eigne KI-modellar og korleis du bruker desse i reelle datasett og prosjekt i jobben din.

Dersom alt dette høyrest avskrekkande avansert ut, understrekar KI-forskaren i Volda at han og kollegaene vil leggje opp studiet på ein måte som ikkje krev teknisk forkunnskap.

– Studiet gir ei forståing av KI som er tilgjengeleg for alle, uansett kva du jobbar med til dagleg. Vi organiserer også undervisninga fleksibelt med samlingar for å gjere det lettare å kombinere dette med jobb, avsluttar Berge, som oppmodar alle med interesse for KI – uansett bakgrunn – til å sjekke ut den nye vidareutdanninga ved HVO.

Del på: