Vidareutdanning (bachelornivå)

Kunstig intelligens og vurderingsprosessar

Emnet skal gi deg ei innføring i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i formative vurderingsprosessar. Målgruppa er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. 

Bruk av kunstig intelligens i studiesituasjon
Start: 
Haust
Omfang: 
Nettstudium
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Du skal få innsikt i korleis KI kan støtte og påverke ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, praktiske oppgåver og gruppeprosjekt. Målsettinga er å sette deg i stand til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. 

I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. 

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr, i tillegg til semesteravgift.

Kvifor studere i Volda

Studiet skal gi deg kompetanse til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt
og i grupper. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.

Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning