Vidareutdanning (bachelornivå)

Introduksjon til kunstig intelligens i skulen

Emnet gir ei innføring i kunstig intelligens (KI) og bruken av det i skulen. Det har som mål å setje lærarar i grunn- og vidaregåande skule i stand til å integrere KI i sin pedagogiske praksis. 

Digital kompetanse - Spel i læringsarbeid
Start: 
Vår
Omfang: 
Nettstudium Deltid
Studiepoeng: 
5
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Emnet dekker historia til KI, grunnleggjande prinsipp for maskinlæring og språkmodellar, og korleis desse teknologiane kan brukast i pedagogisk praksis. 

Det vert gitt ei innføring i etiske og juridiske implikasjonane av å bruke kunstig intelligens i utdanning, til dømes knytt til personvern, datasikkerheit, og skeivskapar (bias). Studentane skal vere i stand til å vurdere kvaliteten og relevansen av kunstig intelligens-verktøy for spesifikke pedagogiske formål, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning og arbeidskvardag.

Studentane får tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. 

Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.

 

Meir informasjon om studiet

Studiet skal sette læraren i stand til å vurdere kvaliteten og relevansen av kunstig intelligens-verktøy for spesifikke pedagogiske formål, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning og arbeidskvardag.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.

 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.