Design, kunst og handverk

Bachelorgrad

Bachelor i design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Det praktiske og skapande arbeidet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. 

Du vert ein del av eit engasjert og inspirerande fagmiljø som skal bidra til at du kan realisere eigne idear, utøve og formidle kunst og kultur. Utdanninga er lokalisert i nyoppussa og velutstyrte verkstadar. 

Bachelor i design, kunst og handverk kvalifiserer mellom anna for å jobbe i kulturskulen, med formidlingsarbeid i museum og galleri eller med kulturarbeid i kommuner. 

Følg oss på Facebook!

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Som student på design, kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Robert Steinnes er tilsett ved Høgskulen i Volda, Design, kunst og handverk og ynskjer å formidle skaparglede til studentane.

Student ved Design, kunst og handverk

Teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst er noko av det Stine Hatlebakk får drive med i heilt nyoppussa verkstadar i Volda. Her får du vite meir om Bachelor i design, kunst og handverk og Stine sin veg til å bruke utdanninga til å bli lærar.

Teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst er noko av det Stine Hatlebakk får drive med i heilt nyoppussa verkstadar i Volda. Her får du vite meir om Bachelor i design, kunst og handverk og Stine sin veg til å bruke utdanninga til å bli lærar.

Hei! Mitt namn er Stine og eg går tredje året Bachelor i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Ved dette studiet blir ein introdusert for veldig mykje forskjellig innan skapande arbeid. Vi lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Studiet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Det vil seie at ein kan kvalifisere til å arbeide i skulen gjennom bachelorutdanninga ved Høgskulen i Volda. Vi jobbar med teikning, både på papir og digitalt, keramikk, måling, trearbeid, og installasjonskunst for å nemne noko.

Min plan er å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter bacheloren, og få kompetanse som faglærar frå 5. trinn i grunnskulen og til og med vidaregåande skule. Å kunne vere med på å gi barn og unge eit rom for å uttrykke seg kreativt og å løfte fram verdien av kunst og handverk i skulen, er noko eg er svært opptatt av. Om du er glad i å jobbe kreativt, vil eg så absolutt anbefale deg å søke!

Student ved Design, kunst og handverk

Praksis og utveksling i utlandet

Som student ved Bachelor i design, kunst og handverk kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia og USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i studiet er ein kombinasjon av forelesingar, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. I tillegg er det fleire studiereiser i løpet av studietida. Studentar får prosessevaluering i arbeidsøktene og i presentasjonssituasjonar.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Med ein Bachelor i design, kunst og handverk er du mellom anna kvalifisert for å jobbe i kulturskule, med formidlingsarbeid i museum og galleri eller med kulturarbeid i kommunar. 

 

Pensum

Pensumlister for våren 2023 finn du her.

Studieplan

Design, kunst og handverk - bachelor

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. 

Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing. Kunst- og formkultur er berande innhald gjennom alle tre åra.

Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunst- og designfaglege utdanningar og masterprogram. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om materiale, teknikkar, og verkty knytt til fagområdet design, kunst og handverk
  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal kunst- og formkultur
  • har inngåande kunnskap om visuell kommunikasjon i vid tyding
  • har inngåande kunnskap om idèutvikling
  • har kjennskap til faget som skule-, kultur- og forskingsfag
  • har kunnskap om gjenbruk og berekraftig utvikling
  • har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og kjennskap til gjeldande planverk for grunn- og vidaregåande skule
  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar, gjennom praktisk arbeid og teori
  • har kunnskap om fagdidaktikk i kunst- og handverk.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan nytte teknikkar, verkty og materialar på ein tilsikta måte
  • kan nytte og vurdere kunst- og formkultur som referanse for eige skapande arbeid, og i formidlingssituasjonar for barn og unge
  • kan kommunisere gjennom fysiske og visuelle produkt, bestemte bodskapar eller funksjonar
  • kan utvikle kreative produksjonar ved hjelp av kritisk bruk av problemløysingsmetodar
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan nytte faghistoria som referanse for gjeldande planverk for skulen, og vurdere faget sin verdi i eit framtidsperspektiv
  • kan leggje til rette for estetiske opplevingar gjennom ulike typar aktivitetar og presentasjonar
  • kan nytte teori om estetiske læringsprosessar i relevante samanhengar
  • kan nytte fagdidaktisk teori og erfaring i relevante samanhengar.
Generell kompetanse

Studenten.

  • kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
  • kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og formidling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområde, materiale og verkstader
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet går over 3 år og utgjer 180 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng:

Det er høve til å velje eit semester hos internasjonal utdanningsinstitusjon, i haustsemesteret 3. studieår (sjå: https://www.hivolda.no/utveksling).

Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

 

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studentane må pårekne innkjøp av litt basisutstyr.

Internasjonalisering

HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.

Kostnader

Studentane betalar ei materialavgift pr. emne. Denne dekkjer felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna. Kostnader ved studieturar må studenten dekkje sjølv. Dersom ein ikkje har høve til å delta kan ein søkje om alternativt opplegg i samråd med lærar. 

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. Det er forventa grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Janne Heggvoll, Janne.heggvoll@hivolda.no, 700 75 262
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 223 472

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt