Årsstudium

Design, kunst og handverk

Heiltid

Årsstudium i design, kunst og handverk gir deg grunnleggande innsikt og kompetanse i teknikkar innanfor mange ulike materialområde. Studiet har som mål å skape samanheng mellom deg som student i ulike roller som praktisk utøvar, lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar.

 

Stengt for søking

Søknadskode : 223 630

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2020

Studieinnhald

Årsstudiet gir deg innføring i visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Du lærer om ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar. Studiet gir deg mogelegheit til å jobbe med eigne idear og prosjekt, og dannar grunnlag for undervisning i kunst, design og handverk i skuleverket, eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir fagleg og didaktisk kompetanse som er relevant for arbeid i skulesektoren eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt. Det kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i design, kunst og handverk.

Kontakt

 

Åshild Sævik ashs@hivolda.no

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

VELKOMEN SOM NY STUDENT HOS SEKSJON FOR DESIGN, KUNST OG HANDVERK!


TYSDAG 18.08: Offisiell opning av studieåret ved Høgskulen i Volda

ONSDAG 19.08: Avdeling for kulturfag og Seksjon for design, kunst og handverk ynskjer nye studentar velkomne.

Meir detaljert informasjon knytt til tid, stad og form for velkomstarrangementa vil kome på eit seinare tidspunkt, grunna koronasituasjonen. 

Som student på årsstudium i design, kunst og handverk, skal du i haust ta emna KOH131 Visuell kommunikasjon og KOH133 Kunst - skaping og formidling. Les meir om studieinnhald, organisering av undervisninga og arbeidsmåtar i studieplan og emneplanar her:

https://www.hivolda.no/studieplaner/2020/KOHAR/Haust

https://www.hivolda.no/emne/KOH131/7327

https://www.hivolda.no/emne/KOH133/7326

Undervisninga startar opp i løpet av veke 34 og 35. Nærare info om kva dagar undervisninga i dei enkelte emna vil gå på, vil bli kunngjort her på eit seinare tidspunkt. Semesterplanar vil bli presenterte i møte med emneansvarlege, og i Canvas, så snart undervisninga startar opp.

Vi ser fram til å møte deg!

Studieplan

Design, kunst og handverk (årsstudium)

Studieprogram: 
Design, kunst og handverk årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom studenten i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar.

Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

Årsstudiet kan byggjast på til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein i tillegg ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Generell kompetanse

Studenten: 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Organisering og arbeidsmåtar

Studieprogrammet er bygd opp av 4 obligatoriske emne à 15 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar, frå andre høgskular og universitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

 

Kostnader

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Ansvarleg
Åshild Sævik

Last ned studiet som PDF

Innblikk

Ingeborg Eikenæs

Som student på design, kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Kunst og hadverk

Bachelor i design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst.

Utveksling i Australia - Hopper i fallskjerm

Utveksling i Australia

Vi kjører forbi skilt hvor det står «Careful, Koalas crossing», og det begynner å gå opp for oss at vi faktisk er kommet til Australia. Vi vet ikke hvor vi skal bo og har ikke peiling hvor vi skal sove i natt.