Musikk

Bachelorgrad

Bachelor i musikk gir deg ei solid og allsidig musikkutdanning. Utdanninga kvalifiserer for arbeid i både skuleverket og kultursektoren, til dømes som musikklærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. Studiet vektlegg konkrete praktiske ferdigheiter innan samspel, improvisasjon, låtskriving og musikkteknologi.

Du får praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk og leie andre i musikalsk samspel.  Kunnskap om læringspsykologiske, musikkpedagogiske og helsemessige dimensjonar er også ein viktig del av studiet.

Som student ved Bachelor i musikk får du tilgang til svært gode fasilitetar med profesjonelt musikkstudio og øvingslokale. Høgskulen i Volda har eige kor og sympfoniorkester.

Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som gir deg undervisningskompetanse i skulen. Denne ordninga vil truleg bli vidareført til 2028.

Om du ønskjer å ein mastergrad, har Høgskulen i Volda under planlegging Master i natur, kultur og sosial berekraft. Studiet har fokus på sosial berekraft og kva rolle praktisk/estetiske kulturfag og sosialt entreprenørskap kan ha i arbeidet for eit berekraftig samfunn.

Fullført mastergrad vil også kvalifisere for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og gi deg undervisningskompetanse i skulen.

Følg oss på facebook og instagram!

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Sjå musikkstudent Bodils Instagram-takeover for å lære meir om studiet

I løpet av studietiden arbeidet Kato Adolfsen med lyd og lys på Studenthuset Rokken. I dag har han drømmejobben på Nationaltheatret der han får bidra til scenekunst på et nasjonalt nivå.

Stein Helge Solstad jobbar som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Han underviser i musikk, og meiner det berre er eigen fantasi som stopper ein frå å kome vidare.

Åge Staurset er dagleg leiar på Studenthuset Rokken og jobbar saman med frivillige frå heile studentmiljøet. Med ein Bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda, står Åge side om side med artistar som Xzibit, Julie Bergan og Dagny for å skape liv og gje gode opplevingar til studentane på fritida. Se studietilbodet

Velkomen til digitalt ope hus på Musikk! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 

Linn Jeanette Tennebekk syng.

Linn Jeanette Tennebekk (21) hadde aldri trudd ho skulle dirigere eit kor på rundt 40 personar. Men studentlivet ved Høgskulen i Volda (HVO) har gitt bergensaren uventa moglegheiter.

Linn Jeanette Tennebekk (21) hadde aldri trudd ho skulle dirigere eit kor på rundt 40 personar. Men studentlivet ved Høgskulen i Volda (HVO) har gitt bergensaren uventa moglegheiter.

Studieinnhald

Studiet har som mål å gi studentane gode kunnskapar og ferdigheiter innanfor musikkutøving og formidling, komponering og arrangering, musikkpedagogikk og instrumentaldidaktikk. Gjennom individuell hjelp og rettleiing ønskjer vi at du skal kunne utvikle deg som utøvar på eit instrument eller som songar.

Praksis og utveksling i utlandet

Delar av musikkutdanninga kan takast i utlandet. Vi rår til dømes til musikkonservatoriet i Riga eller våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Irland, Latvia, New Zealand, Storbritannia og USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning. Undervisninga vekslar mellom førelesing, øving og arbeid i grupper eller individuelt, og vert tilpassa den enkelte student. Studentane får også høve til å opptre på både lukka og offentlege konsertar, arrangert av Høgskulen i Volda. Det vert det arrangert ulike kurs og ekskursjonar, blant anna ein studietur til Ole Bull-akademiet på Voss der du får kurs i folkemusikk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda kvalifiserer for arbeid i både privat og offentleg sektor. Du vert kvalifisert for jobbar i både i skule- og kultursektoren. 

Bachelor i musikk legg også grunnlaget for vidare studium på masternivå.

Høgskulen i Volda har under planlegging Master i natur, kultur og sosial berekraft. Studiet har fokus på sosial berekraft og kva rolle praktisk/estetiske kulturfag og sosialt entreprenørskap kan ha i arbeidet for eit berekraftig samfunn.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Offisiell opning for studieåret 2024/2025 ved Høgskulen i Volda er 20.august kl 11:00, sjå nyhendebrev frå Høgskulen i Volda. Programvis opning for Bachelor i musikk og Årsstudium i musikk er same dag kl 12:30 i Konsertsalen (Henrik Kaarstad-huset, underetasje).

Studieplan

Musikk - bachelor

Studieprogram: 
Musikk - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Om studiet

Bachelor i musikk er eit studium som gir deg eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk og leie andre i musikalsk samspel. Studiet gir deg brei musikkfagleg kompetanse der du vil få høve til å velje fordjuping innan utøvande og skapande retningar, og relevant forskings- og utviklingsarbeid. Studiet vektlegg konkrete praktiske ferdigheiter innan samspel, improvisasjon, låtskriving og musikkteknologi. Vidare er kunnskapar om læringspsykologiske, musikkpedagogiske og helsemessige dimensjonar, og om musikken sin plass historisk sett og i eit fleirkulturelt samfunnsperspektiv ein del av studiet. 

Utdanninga gir grunnleggade kompetanse for arbeid innan kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring.

Bachelorgraden gir grunnlag for vidare studiar på masternivå ved andre utdanningsinstitusjonar, eventuelt i kombinasjon med praktisk pedagogisk utdanning (PPU).

Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studium:   

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om utøving av musikkfaget i ulike samanhengar i samfunnet
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
  • har innsikt i sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verktøy
  • har kunnskap om musikken si betydning for fysisk og psykisk helse og bruk av musikk i helsefaglege samanhengar
  • har kunnskap om musikkteori og høyrelære og ulike komponerings- og improvisasjonsteknikkar
  • har kunnskap om musikkproduksjon og studioarbeid
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan utøve og formidle musikk til ulike målgrupper
  • kan nytte eit valt fordjupingsinstrument og ulike band- og akkompagneringsinstrument i ulike utøvingskontekstar, reflektere over eigne ferdigheiter og ha evne til fagleg fornying
  • kan nytte musikkfagleg kunnskap i praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala sine og analysere relevante samanhengar mellom praksis og teori 
  • kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i komponering og utøvingssamanhengar
  • kan nytte ulike pedagogiske metodar som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå 
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan formidle sentralt fagstoff både skrifleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstilingar i tillegg til nytenking og innovasjonsprosessar innan fagområdet
  • har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode, og gjennom kritisk tenking og refleksjon grunngi vala sine i bacheloroppgåva
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan fagområdet og slik bidra til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesningar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, video og loggskriving, samspel og gruppediskusjonar. 

Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesningar. 

Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen. 

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest. 

Internasjonalisering

Det inngår ikkje engelskspråklege emne i graden, men deler av musikkutdanninga kan takast i utlandet.

Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med samarbeidsinstitusjonar i Storbritannia, Irland, Latvia, Australia, New Zealand og USA.

I tillegg vert det gitt tilbod om studietur til utlandet i løpet av studietida. 

Anna
Eit kurs i folkemusikk er ein obligatorisk del av studiet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del på studieturar, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.
Ansvarleg
Hildegunn Hovde
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk no!

Søknadskode : 223 437

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt