Årsstudium
Musikk
Heiltid
Som student ved Årsstudium i musikk, får du ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. I utdanninga vert det lagt individuelt til rette for at du skal kunne utvikle deg som utøvar på eit instrument eller som songar. Høgskulen i Volda har sitt eige kor og symfoniorkester, og kan tilby eit profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale til musikkstudentane sine.
Søknadskode : 223 667
Info og frister
Varigheit 2 semester (1 år)
Studiepoeng 60
Start Haust
Søknadsfrist 15.04.2020
Studieinnhald
Årsstudium i musikk gir deg grunnleggande kunnskapar innanfor musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver. Framføringspraksis er ein viktig del,av studiet, og du skal lære korleis du kan formidle musikk på varierte måtar. Som student skal du gjennom praktisk erfaring, utvikle god fagleg innsikt og evne til didaktisk og yrkesetisk refleksjon.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Ved Årsstudium i musikk får du ein variert kvardag. Undervisninga vekslar mellom førelesing, verkstadarbeid og arbeid i grupper eller individuelt. Studietur til Ole Bull-akademiet på Voss inngår i studiet. Du skal gjennomføre kurs i folkemusikk og ei veke med musikkdidaktisk praksis i grunnskulen.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i musikk er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velge å studere vidare og fullføre bachelorgraden. Gjennom årsstudiet får du eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør.
Kontakt
For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post
For faglege spørsmål:
Svein Hunnes
Studieplan
Musikk (årsstudium)
Årsstudium i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving og formidling. Studiet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen/SFO, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Årsstudiet er identisk med første året i bachelorstudiet i musikk ved Høgskulen i Volda og gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, er ein del av studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om
- musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike samanhengar i samfunnet
- musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
- musikkutøving og framføringspraksis
- sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
- grunnleggande musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver
Studenten kan
- formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
- nytte ulike metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og praksis
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum | 30 | 30 |
Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet.