Studentane skal gjennom studiet utvikle seg til sjølvstendige og skapande scenekunstnarar, gjennom arbeid i ensembler og åleine. Utdanninga er arbeidslivsrelevant og har etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar.
Er du kreativ og trivst med praktisk arbeid saman med andre? Har du ein draum om å uttrykke deg som scenekunstar? Då kan reisa di starte hos oss.
Bachelor i skodespel og scenekunst er ei breiddeutdanning med seks emne i teaterproduksjon med ulike fokus. Vidare har studiet undervisning i teaterkunnskap, spel for kamera og voice acting. Siste semesteret vel du eit fagområde du vil fordjupe deg i gjennom kunstbasert forsking, og skapar di eige framsyning.
Alle studentar tek del i ei rekkje bransjedagar, felles grunnlagstrening, arbeidslivsrelevante prosjekt samt ”Husteater”. Prosjekta testar og utviklar studentane sine kreative og handverksmessige evner, i tillegg til samarbeidsevne. Høgskulen har eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad.
Lærarane ved studiet har alle eit bein i praksisfeltet, som utøvande skodespelarar, forteljarar, dramatikarar og scenografar/lysdesignarar, noko som gir deg som student mange moglegheiter til å finpusse ferdigheitene dine. Vi har som mål å gje deg ei arbeidslivsrelevant utdanning og har difor etablert samarbeid med mange lokale, nasjonale og internasjonale institusjonar. Vi reiser og på fleire studieturar og opplev teater saman.
Følg oss gjerne på Facebook, Instagram eller TikTok!
Innblikk i studiekvardagen
Velkomen til digitalt ope hus på Teater og drama! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april!
Vis mer
HVO-lektor Borghild Otelie Aasebøstøl er mellom fleire som kombinerer undervisning ved høgskulen med å vere aktiv scenekunstnar. Den karismatiske nordlendingen reiser landet rundt som forteljar i eit populært Rorbua-show, der både Erna Solberg og Else Kåss Furuseth har vore med.
Teater og drama-studentene ved Høgskulen i Volda mener utdanninga gir dem en helt unik mulighet til å nå målet om å jobbe på eller rundt en scene når de skal ut i arbeidslivet.
Når du kjem til Høgskulen i Volda (HVO) for å studere skodespel og scenekunst, kan du vere trygg på at du vil få ei utdanning som gjer deg klar for yrkeslivet. For nyutdanna Khaled Moussa har studiet gitt han meir enn berre fagkunnskap – det har ført han rett ut i arbeidslivet som profesjonell skodespelar.
Generell studiekompetanse og motivasjonsbrev. Frå og med 6. februar finn du skjema for motivasjonsbrev her.
Praksis og utveksling i utlandet
Det vert lagt til rette for utanlandsopphald på eit semester ved institusjonar i Norden, Europa, Amerika, Asia, Afrika eller Australia.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, med m.a. seminar, workshops, prosjektarbeid, framføringar, teaterproduksjonar, sjølvsstudium, gruppearbeid og rettleiing.
Aktuelle yrke og vidare studium
Teater og dramastudiet gir grunnlag for arbeid som:
Scenekunstnar i det frie kulturlivet
Teaterpedagog/Kulturskulelærar
Forteljar
Museumsformidlar
Manusforfattar
Stemmeskodespelar
Filmskodespelar
MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på bachelorgraden med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestart for alle nye studentar er tysdag 19. august 2025.
Studieplan
Skodespel og scenekunst - bachelor
Studieprogram:
Skodespel og scenekunst - bachelor
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
180
Studielengd:
6 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
10
Studietype:
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og motivasjonsbrev
Om studiet
Ønskjer du å sjå, spele, skape og nytte teater i ulike samanhenger, og med ulike målgrupper? Da kan reisa di starte hos oss. Bachelor i skodespel og scenekunst vil gje deg erfaring med m.a. teaterproduksjon, skodespelteknikkar, manusutvikling, anvendt teater, forteljarkunst og voice acting. Studentane utdannast til sjølvstendige, skapande scenekunstnarar, som gjennom arbeid i ensembler og åleine, utvikler sine personlege uttrykk og kreativitet.
Bachelorstudiet gir grunnlag for arbeid som:
Scenekunstnar i det frie kulturlivet
Teaterpedagog/Kulturskulelærar
Forteljar
Manusforfattar
Stemmeskodespelar
Filmskodespelar
Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet dannar grunnlag for vidare mastergradsstudium i drama og teater.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studenten
har kunnskap om sentrale teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
har kunnskap om utvalde teaterfaglege retningar og teaterfornyarar
har kunnskap om sentrale teaterfaglege teoriar og problemstillingar på ulike arenaer
har kunnskap om utvalde retningar innan manusutvikling, stemme- og filmskodespel
har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media
kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter
Studenten
har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media og uttryktformer.
kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
kan nytte teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer, og grunngje vala sine
kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre
kan nytte teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer til kunstnarleg formidling for ulike målgrupper
Generell kompetanse
Studenten
har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
kan formidle fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre teaterfaglege uttrykksformer
kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver
Organisering og arbeidsmåtar
a)Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
seminar og workshops
praktisk undervisning og øvingar
digitale leksjoner
framsyningar
regiarbeid
studioarbeid
innspelingar
gruppearbeid
individuelt arbeid
førelesingar
masterclasses
Det er lagt inn studiereise(r) i løpet av studiet, til eigen kostnad. Alternativt opplegg etter søknad.
b) Progresjon
For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Bachelorstudiet har 120 obligatoriske studiepoeng. Resterande 60 studiepoeng er valbare. 4.semester er mogleg utreisesemester for studentane i bachelorløpet. Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad.
Emna i første studieår tilsvarar Årsstudium i skodespel og scenekunst. Studentar som har fullført årsstudiet kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og krev aktiv deltaking. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
Teaterproduksjonar
Forteljar framsyning
Manusarbeid
Analysar
Munnlege samtalar
Lydfiler og filmer
Føredrag
Seminar/workshops
Bachelorprosjekt med kunstnarleg utviklingsarbeid
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
ha eigen bærbar PC/MAC eller nettbrett.
b) Ferdigheiter
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig. Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev aktiv deltaking, medansvar og evne til samarbeid. Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Praksis
Ulike arbeidskrav kan innehalde opphald i ulike praksisfelt som td. teatre, skule, aldersheim eller anna. Omfanget vil variere.
Internasjonalisering
Studiet legg opp til utlandsopphald i 4. semester ved eit av våre partnaruniversitet.
Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 valfrie emner i teater og drama, eller støttefag.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av tekst, bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.