Nytt emne gir jobbmoglegheiter

Voice acting

Vidareutdanning (bachelornivå)

Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater? Voice acting er retta mot deg som vil arbeide med stemmeskodespel. 

Studiet gir kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kunstnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. Lydbokforlaget, Nordubb og NRK).

 

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    60 studiepoeng i teater og drama, med minimum 30 studiepoeng i teaterproduksjon/skodespelarteknikk.

Studieinnhald

Studiet set fokus på stemmeskodespel, og gir ei innføring i arbeid med lydbok, dubbing og radioteater.

Studentane skal jobbe med:

  • Grunnteknikkar for stemmeskodespel.  
  • Lyttetrening, og drøfting og analyse av ulike uttrykk.
  • Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med lydbok, dubbing og voice over, og radioteater.
  • Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.

Les meir i emneplanen her.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga er praksisrelatert og vil i stor grad bli gitt av gjestelærarar frå ulike institusjonar, som til dømes Lydbokforlaget, NorDubb og NRK Radioteatret. I tillegg  skal studentane gjennomføre sjølvstendig arbeid i studio.

Studentane skal delta på seminar og verkstader, gjennomføre oppgåver, lyttingar og studioarbeid.

Ei vekessamling er lagt til Oslo.

Du kan lese om arbeidskrav og eksamen i emneplanen.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Voice acting gir kompetanse som dannar grunnlag for arbeid som lydbokopplesar, dubbar og stemmeskodespelar.


Last ned studiet som PDF

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    60 studiepoeng i teater og drama, med minimum 30 studiepoeng i teaterproduksjon/skodespelarteknikk.

Løpande opptak

Søknadskode : 4238