Semestre

TOD107 Voice acting

Emnekode: 
TOD107
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng i teater og drama.

Om emnet

TOD107 er eit emne med fokus på stemmeskodespel, og gir ei innføring i arbeid med lydbok, podcast, voice og radioteater.
Undervisinga er eit samarbeid med praksisfeltet og tildels bestå av gjestelærarar frå ulike institusjonar og arbeid i studio.
Studentane vil jobbe med:

  • Grunnteknikkar for stemmeskodespel.  
  • Lyttetrening, og drøfting og analyse av ulike uttrykk.
  • Praktisk-teoretisk innføring i arbeid med lydbok, podcast, voice, og radioteater.
  • Grunnleggjande innføring i studioarbeid og mikrofonteknikk.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskapar om metodar og verkemiddel for stemmeskodespel i arbeid med lydbok, podcast, voice og radioteater
  • har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi innan stemmeskodespel
  • har kunnskap om skodespelaren sine dramatiske verkemiddel og arbeidsmåtar innan lydbok, podcast, radioteater og arbeid med stemmeskodespel
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte stemma til å formidle ei dramatisk tekst og rolletolkning med stemma som dramatisk verkemiddel
  • har grunnleggjande ferdigheiter i praktisk studioarbeid, mikrofonbruk, og enkel lydteknikk for sjølvstendig lydbokinnspeling og voiceoverarbeid
  • kan ta stemmeregi i ein praktisk opptakssituasjon
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan planleggje, gjennomføre og drøfte stemmeskodespelarbeid åleine, og som deltakar i ei gruppe
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • individuelt arbeid
  • oppgåver
  • lyttingar
  • gruppearbeid
  • studioarbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet krev aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk.
    Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • To innspelingar på omlag 3-5 minutt

Alle arbeidskrav har 2 forsøk

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Raymond Corrado Knutsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Digital eksamen. Eit Voice-reel (i mp3-fomat).
Alle
5-7 minutt.
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Ei skriftleg heimeoppgåve.
Alle
1500-2000 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen