Idrett og kroppsøving
Bachelorgrad
Som student ved Idrett og kroppsøving får du ein draumekvardag med varierte aktiviteter i eit engasjert og kunnskapsrikt fagmiljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt det finaste klasseromet i verda: Den praktfulle sunnmørsnaturen.
Med ein bachelor i Idrett og kroppsøving får du kompetanse som kan sikre deg jobb innan mange ulike bransjar. Alt frå læraryrket til rehabilitering, i forsvaret, arbeid med barn- og unge med særskilte behov og innanfor fritidssektoren.
Følg oss på Facebook og Instagram!
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Praksis og utveksling i utlandet
Studentane kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga og arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett- og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med born og unge med spesielle behov.
Bachelor i idrett og kroppsøving gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet.
Studieplan
Idrett og kroppsøving - bachelor
Bachelor i idrett og kroppsøving er eit studium som gir deg kompetanse innan kroppsøving og idrettsfag. Dette studiet vil kunne nyttast til arbeid innan idrett og andre frivillige organisasjonar, og i den kommersielle treningsbransjen. Om du ønskjer undervisningskompetanse i skuleverket, må du bygge på med Praktisk- pedagogisk utdanning (PPU), allmennfag. Merk at siste høve til å søke opptak til PPU på grunnlag av bachelor i praktiske og estetiske fag er haust 2024. Etter dette er det krav om mastergrad.
Bachelor i idrett og kroppsøving har minimum 180 studiepoeng i faget, med inntil 95 studiepoeng på fordjupingsnivå. Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved våre samarbeidande institusjonar internasjonalt. Ei mogleg utveksling ligg i 5. semester.
Første og andre året i bacheloren består av obligatoriske emne. Første året gir ei grunnleggjande innføring i idrett og kroppsøving. Kunnskap om treningslære, bevegelselære, idrett og samfunn, motorisk læring og undervisningslære er sentralt. Studentane får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning, samt reflektere rundt korles dette er eigna for å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for alle elevar. Den fagspesifikke kompetansen vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning. Andre året i bacheloren vil gi påbygging i idrett og kroppsøving og siktar seg inn mot prestasjonsutvikling, ernæring og fysisk aktivitet, ski og metode.
Tredje året i bacheloren har eit fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustsemesteret, og motivasjonspsykologi og bacheloroppgåve i vårsemesteret. Vårsemesteret er obligatorisk.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført bachelorutdanning i idrett og kroppsøving:
Kandidaten:
- har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, didaktikk, analyseverkty og metodar innanfor kroppsøvings- og idrettsfaglege kompetanseområde
- har fagkunnskap, didaktisk kunnskap, erfaringar og opplevingar knytt til dei ulike disiplinane innanfor fagfeltet idrett og kroppsøving
- ha kunnskap om ernæring knytt til fysisk aktivitet
- kan forklare bruk av fysisk aktivitet som helsefremjande aktivitet
- har kunnskap om motivasjonsprosessar
- kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- kan legge til rette for og gjennomføre helsefrejmmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på fysisk aktivitet
- kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetoder i faget, faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- kan identifisere og analysere faglige utfordringar innanfor kroppsøving og idrett
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon i teori og praksis
- presenterar problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg, digitalt og gjennom andre uttrykksformer
- reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- formidlar og drøftar sentralt fagstoff
- har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar. Det vekslar mellom forelesing, seminar, digitalt læringsarbeid, nettbasert undervisning, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø.
Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.
Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valemne | 30 | |||||
10 | ||||||
20 | ||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.
Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.
Bachelorstudiet har praksis på alle tre studieår. På første året er det instruksjonspraksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis. På andre året er praksis knytt til skiinstruksjon. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid.
Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidande institusjonar. Ta kontakt med studieprogramleiar for meir informasjon.
Materialavgift 400 kr pr. semester.
- Heiltid
- Varigheit 6 semester (3 år)
- 180 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 485