Årsstudium

Idrett og kroppsøving

Heiltid

Programmet gir grunnleggjande innføring i arbeid med idrett og kroppsøving. Høgskulen har gode fasilitetar: idrettssalar, symjehall, ulike treningsbaner, treningsrom og testlaboratorium. Sunnmørsnaturen dannar ei naturleg ramme rundt ulike uteaktivitetar.

Følg oss på Facebook

Stengt for søking

Søknadskode : 223 649

Innblikk

Marte Stubbrud Frikstad

Marte Stubbrud Frikstad har alltid vore glad i å vere på tur. Vi besøkte den tidlegare studenten vår i Sauda der ho arbeidar som lærar på Villmarkslinja. 

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 15.04.2019

Studieinnhald

Du får erfaring og innsikt i idretts- og kroppsøvingsaktivitetar og eigenutvikling. Studiet er sett saman av teoretiske emne, praktiske aktivitetar, undervisnings- og instruksjonspraksis. Du skal tileigne deg dugleik, erfaring, kunnskap og innsikt i fagområdet med dei tilpassingane som er nødvendige for å møte barn og unge med ulike føresetnader. I tillegg skal du få erfaring og innsikt i dei idrettsaktivitetar som er forpliktande for kroppsøvingsundervisninga i skulen, og dessutan få praktisk røynsle med idrett, dans og friluftsliv.

Ny studieplan er under arbeid.

 

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert veksla mellom førelesingar, praktisk arbeid, gruppearbeid, eigentrening og ekskursjonar/kurs. Ein må rekne med utgifter til reiser og kurs og diverse turutstyr. Studentane skal anten gjennomføre skulepraksis eller instruksjonspraksis i idrettslag eller frivillige organisasjonar.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet i idrett og kroppsøving er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som t.d. i frivillig organisert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd.

Studiet kan takast som vidareutdanning for lærarar, eller det kan innpassast i Bachelor i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda eller inngå som valfri del i andre bachelorgradar

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Elisabeth Innselset

Studieplan

Idrett og kroppsøving årsstudium

Studieprogram: 
Idrett og kroppsøving årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
45
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Årsstudium i idrett og kroppsøving er eit studium for deg som vil bli kvalifisert til å jobbe med undervisning i kroppsøving. I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett og kroppsøving. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag 
  • har innsikt i idrettshistorie, idrettssosiologi, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper knytt til kroppsøving og idrett 
  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelser
  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
  • har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
  • kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
  • presenterer problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg, digitalt og gjennom andre uttrykksformer
  • reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • formidlar og drøftar sentralt fagstoff
  • er oppdatert på forskingsbasert kunnskap innan fagområdet
  • har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

Navn: 
Idrett og kroppsøving årsstudium
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider. 

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis, og det skal leverast politiattest.

 

Praksis

Studentar på årsstudium idrett skal gjennomføre praksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis.

Kostnader

Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr pr. semester som skal dekke bruk og slitasje på fellesutstyr.

Ansvarleg
Elisabeth Innselset (210)