Årsstudium

Friluftsliv

Årsstudium i friluftsliv gir deg kompetanse i undervisning og rettleiing i friluftsliv med den spektakulære sunnmørsnaturen som klasserom. Studiet er svært relevant for lærarar og andre yrkesgrupper som vil arbeide med barn og unge. 

Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
60
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Årsstudium
Søk frå:
06.02.2025 - 15.04.2025

Du får kunnskap om og allsidig kjennskap til ferdsel i ulike former for natur under vekslande tilhøve. Du får mellom anna:

  • kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid

Ved fullføring av dette studiet skal du kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Du skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar.

Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. 

Liste over personleg utstyr for studiet.

Følg oss på Facebook og Instagram

Innblikk i studiekvardagen

Kunnskap om skred er ein viktig del av undervisninga til studentane på friluftsliv. Vi vart med til Standaleidet som byr på eit fantastisk læringsterreng.
Vis mer
For Sol Idland vart friluftsliv ein livsstil og karriere. Vi vart med vår tidlegare student på jobb i Odda der ho arbeidar for Trolltunga Active.
Vis mer
Mange kjenner Eilev Bjerkerud frå Farmen og Skal vi danse. Vi besøkte vår tidlegare friluftslivstudent på Norefjell der han blant anna driv med hytteservice. 
Vis mer
Velkomen til digitalt ope hus på Friluftsliv! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 
Vis mer
Studieinnhald

Ny student? 

Informasjon om personleg grunnutrustning for studiet:
Denne lista er meint som utgangspunkt for vurderingar som du sjølv må gjere. Vent med nye og dyre innkjøp til etter studiestart! Og særleg vintertstyret bør du vente med. Du får likevel ein liste her slik at du allereie nå har ein oversikt over kva du bør ta med hit og kva du må skaffe.

Personleg utsyr som ein må ha:
 

Ryggsekk

Minst 65 ltr, gjerne større

Dagstursekk

Ca. 40-50 liter, Dette kan også vere same sekken som over.

Sovepose

Til vinterturane må denne tole -20C (Vi kjem med gode råd utpå hausten)

Liggeunderlag

Ikkje kun oppblåsbart, dei kan punktere

Ullundertøy

Også eit sett som skift

Ytterklede, jakke og bukse

Vind og vanntett (regntøy er best når det regnar!) 

“Arbeidstøy” til skog og hei og kystsamlingane - regn med å bli skitten!

Lue, vottar, hals og sokkar

Ull! 

Tjukk ullgensar/fleccejakke el.

 

Fjellstøvlar

Inngått!

Kopp, skei, tallerken

 

Drikkeflaske og termos

 

Kniv

Spikking mm. Skarp!

Hodelykt

 

Kompass

Kompass bør ha klinometer til å måle brattheit

Kartmappe

 

Notisblokk og blyant

Til å ha i kartmappa 

Personlig førstehjelpsutstyr

Vi kjem nærmare tilbake til innhald

Solbriller

 

Skiutstyr

Fjellski, sko og stavar. Vi kjem med gode råd utpå hausten

Snøspade og søkestang

Vi kjem med gode råd utpå hausten


Personleg utstyr som ein bør ha:
 

Gummistøvlar og solid vasstett regntøy

(Oljehyre/ tjukt regntøy er best når det regnar!)

Gamasjar

 

Fotposar

 

Kortbukse/badetøy

 

 

Personleg utstyr som kan vere kjekt å ha:
 

Tursag og turøks

 

Fiskestong

 

Kikkert

 

Myggnett/ flottfjerner

 

Kokeapparat, kaffikjele

 

Tarp (gapahukduk) 

 

Fjellduk/ jervenduk/ bivypose

 


Krav til utstyr eller ferdigheter 

Friluftsliv og naturguidestudiet er eit praktisk og fulltids studium der ein er veldig mykje ute på tur gjennom året. Frå studiestart til og med veke 41 er vi borte på tur heile eller delar av vekene, bortsett frå veke 37, der undervisninga foregår i Volda. 

Som student på friluftsliv og naturguidestudiet må du vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på deg sjølv i variert natur. Du må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. 


Studenter må:

  • vere symjedyktig (også i kaldt vatn). 
  • kunne ferdast til fots i ulendt terreng. 
  • kunne ferdes på ski (fjellski) med full oppakning under varierte forhold.
  • kunne bo i telt eller andre former for bivouak. 


Krav til obligatorisk deltakelse

Normal undervisning på studiet har obligatorisk deltaking og krev eit oppmøte på minst 80 %.

Studiet består av fleire praktiske eksamener («ferd»/tur eller samling). Desse krev 100 % deltaking for bestått eksamen. Dersom du går glipp av heile eller delar av eksamenssamlingar kan du bli nødt til å ta samlinga på nytt påfølgjande studieår. Ved manglende deltaking på eksamenssamlingar kan du miste retten til å fortsette på studiet. 


Individuell tilrettelegging

Har du utfordringer i form av sykdom/ skader eller anna som kan gjere det utfordrande for deg å studere på Friluftsliv og Naturguidestudiet?

Hensikta med individuell tilrettelegging er å gje alle studentar dei same utdanningsmoglegheitene og å fjerne unødige hindringar. Viss du har behov for tilrettelegging, er usikker på om du har rett på tilrettelegging eller har spørsmål knytta til tilrettelegging av studiekvardagen vil vi gjerne høyre frå deg! Ta kontakt på tilrettelegging@hivolda.no

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. 

Enkelte ferdigheitsprøver er lagt inn. Les meir i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverket, reiselivet og organisasjonar. Det kan godskrivast i Bachelor i friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart for alle nye studentar er tysdag 19. august 2025.

Studiestart (uke 34)

Tirsdag 19. august

11.00 -                  Offisiell åpning, fadderveka, studieprogram / avdelingsvis oppstart https://www.hivolda.no/studiestart 

Onsdag 20. august

10.00 – 15.00      Introduksjon til friluftsliv og naturguidestudiet. Obligatorisk deltakelse.

11.00- 12.00       AKF lunsj (gratis lunsj for studentene)

Torsdag 21. august

09.30 – 16.00     Studie- og emneinformasjon IKF106 friluftsliv 1. Obligatorisk deltakelse.

Fredag 22. august

09.30 – 16.00     Undervisning, turplanlegging «Skog og hei» samling. Obligatorisk deltakelse.

«Skog og hei» samling (uke 35)

Mandag 25. august

09.30 – 16.00     Undervisning, ferdråd og forberedelser til «Skog og hei» samlinga. Obligatorisk deltakelse. (Ferdrådet og hele samlingen er obligatorisk eksamen.)

Tirsdag 26. august – fredag 29. august

Tur – overnatting i telt i fast leir

«Fjell- og brelandskap» ferd (uke 36)

Mandag 1. september

10.30 – 16.15     Ettertanker, undervisning, ferdråd og forberedelser til «Fjell- og brelandskap» ferden. Obligatorisk deltakelse. (Ferdrådet og hele samlingen er obligatorisk eksamen.)

Tirsdag 2. september – fredag 5. september

Forflyttingstur – overnatting i telt

 

Pensum
Studieplan

Friluftsliv - årsstudium

Studieprogram: 
Friluftsliv - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • har kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
  • har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • har solide grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
  • Kan organisere og leie grupper i ulike naturtypar under vekslande forhold
Generell kompetanse

Studenten 

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng. Emne IKF107 byggjer på emne IKF106.
Arbeidsmengda skal vere omlag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Undervisninga baserar seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Enkelte ferdigheitsprøver er lagt inn. 

Studieprogresjon 

Studiet er bygget opp slik at studentane stegvis beveger seg mot meir krevande oppgåver. Vi kan dermed arbeide med ”Tur/oppgave etter evne”. Den ”eigenaktiviteten” studentane har i form av praksis og turar skal være innen rammar, område- og aktivitetstype som er gjennomgått i undervisning. 

Friluftsliv - årsstudium
Navn: 
Friluftsliv - årsstudium
Informasjon

Studiet er sett saman av to emne på 30 studiepoeng. 

Friluftsliv årsstudium kvalifiserer deg til å arbeide med grupper i varierte naturtypar. Studiet gir deg moglegheit til å vere fysisk aktiv, og studenten lærer å ha ansvar for og leie grupper med tanke på tryggleik, oppleving og læring.  

IKF 106  Friluftsliv 1.
Det første emnet har vekt på basisferdigheiter og kunnskapar for å kunne arbeide med grupper i naturen. Studiet er bygt opp rundt friluftsliv ved kysten, friluftsliv frå fjøre til fjell, kanopadling og ferdsel i fjell- og brelandskap. I tillegg til dagsturar blir det ca fem veker til saman med overnatting ute. Det er lagt inn ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur. I tillegg til dette er det ca. ei veke med observasjonspraksis. Viktige tema er veglederlære og turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.

IKF 107 Friluftsliv 2.
Det andre emnet har hovudtema snø, ski og fjell. Faglig målsetting er å gjere studentane i stand til å ha med seg ulike grupper ute om vinteren. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren, før studieturar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling. I tillegg til rundt tre veker med utandørs overnatting med vegleiar, kjem ein til å ha ei veke med veglederpraksis og ei veke med eigenferd.

Emne2025 Haust2026 Vår
30
30
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Praksis

Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.

Kostnader

Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Ansvarleg
Audun Røhnebæk Stikbakke