Ikkje for seint å bli Volda-student til hausten
Frå 20. juli kan du søkje på dei siste ledige studieplassane for hausten. Rakk du ikkje søknadsfristen i april, har du sjansen igjen no til å bli student i den gode og inkluderande studiebygda Volda!

Alle som søkte på eit studium gjennom Samordna opptak i vår, har no fått svar på søknaden sin. Tilboda om studieplass eller plass på venteliste er sende ut til håpefulle over heile Noreg.
Ønskjer du å ta høgare utdanning til hausten, kan du frå og med søndag 20. juli kl. 9.00 søkje på det som finst av ledige studieplassar. Dette er altså ein ekstra sjanse dersom du ikkje rakk søknadsfristen til Samordna opptak i vår, ikkje kom inn på draumestudiet i første omgang eller berre ikkje hadde bestemt deg enno.
Hugs at det no er «først til mølla»-prinsippet som gjeld, så ikkje nøl med å sjekke ut ledige tilbod hos Høgskulen i Volda (HVO)!
Studia blir stengde for opptak når dei er fulle, så søk med det same etter 20. juli kl. 9.00, og last opp den nødvendige dokumentasjonen så raskt som mogleg for å vere sikker på at du kan skape minne for livet som Volda-student.
Volda tek godt vare på deg
Dersom Volda kan vere studiestaden for deg, har vi no ledige studieplassar innan fleire spennande og arbeidsrelevante studium – alt frå historie og musikk til språk og sosialt arbeid.
- Nysgjerrig på kva utdanningar som framleis har ledige studieplassar? Ta ein kik og søk i dag!
I tillegg til dei ledige studieplassane frå 20. juli på årsstudium og bachelorgradar har Høgskulen i Volda fleire masterutdanningar og nyttige etter- og vidareutdanningar med løpande opptak.
Uansett kva du er interessert i å studere, kan HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim trygt anbefale unge frå heile landet å velje Volda som studiestad:
– Studiebygda vår har eit samansveisa studentmiljø med mange moglegheiter og vakker natur rett utanfor skuledøra. HVO har ein fantastisk dyktig gjeng med fagtilsette som står klare til å ta imot studentane. Her på HVO har vi tett og god kontakt mellom studentar og tilsette, og mellom studentane på tvers av utdanningane, og det gjer at vi kan tilby ei ekstra god studietid til dei som vel Volda.
Mykje å gjere på fritida
Når skuledagen er ferdig, tek fritidstilboda og ikkje minst det inkluderande og samansveisa studentmiljøet i Volda over. For mange er studenthuset Rokken staden å bli kjent med medstudentar gjennom frivillig arbeid, og ikkje minst alt som skjer der av konsertar med mange av dei beste artistane i landet, kvissar, disco, stand up og ei rekke andre kulturelle arrangement. I tillegg til den koselege kafeen der ein kan skravle over ein kaffikopp eller kose seg med brettspel.
Fleire festivalar har også sin base på Rokken. Festivalar som gjerne er drivne av studentane, som er med på å fylle Volda med ekstra mykje liv.
Volda byr på breitt utval av studentlag – og organisasjonar, det er mogleg å drive med alt frå e-sport til ballidrett og klatring i Volda Campus Arena, surfing, gå i Sunnmørsalpane til ski eller fots og studentpolitikk.
Vi nemnde Volda Campus Arena, idrettshallen som for nokre år sidan blei næraste nabo til høgskuleområdet, no har vi også fått eit splitter nytt badeanlegg i Voldabadet, som ligg vegg i vegg. Og da sommaren kom til Sunnmøre i 2025, opna høgskulen ein sandvolleyballbane rett utanfor døra til høgskulen.
Gode auke i søkarar
Som søkartala i april viste, er det ein oppgang i søkarar til Høgskulen i Volda (HVO) gjennom Samordna opptak i 2025. Om lag sju prosent fleire har HVO som sitt førsteval i år målt mot 2024. Det i eit år der det er ein nedgang på 0,3 prosent på landsbasis.
Venteliste på det populære journalistikkstudiet har blitt ein vane ved høgskulen, i år de en god del lengre enn året før. Nærmare 30 prosent fleire søkarar opplever studiet i 2025 målt mot fjoråret. Slår ein saman journalistikk med dei andre bachelorgradsprogramma; animasjon, medieproduksjon og PR, kommunikasjon og media, går dei fram med om lag 13 prosent frå fjoråret.
Fleire ønsker også bli lærar i Volda. HVO tilbyr barnehagelærarutdanning både på heil- og deltid, begge har ein markant framgang frå fjoråret – samla sett har dei om lag 31 prosent fleire søkarar enn i 2024. Nasjonalt er det ein nedgang på 16 prosent for denne utdanninga.
Etter år med nedgang og mykje nasjonal merksemd kring lågare søkartal til grunnskulelærarutdanninga, er det i 2025 om lag 15 prosent fleire søkarar nasjonalt. For grunnskulelærarutdanning 1.–7. steg er søkartalet det same som i 2024 ved HVO, medan for 5.–10. steg er det ein oppgang på 28 prosent.
– Vi gler oss over å sjå desse tala, og at vi har utdanningar som er relevante og populære. No ser vi fram til å ta imot mange nye studentar til hausten og ønske dei velkommen inn i Volda-familien. Det skal vere kjekt og trygt å studere i Volda, samtidig som du får ei solid utdanning. Det er ikkje utan grunn at mange studentar reiser herifrå og seier at dei har hatt den beste tida i livet sitt her – for til Volda er alle velkomne og vi har det godt i lag, smiler rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.