Studere i haust? Registrer deg no!
Fram til 1. september kan du semesterregistrere deg som student ved Høgskulen i Volda. Som ny student vil du få ein e-post før du kan registrere deg.

Uansett om du er ein ny eller erfaren student, må du hugse å registrere deg kvart semester. Slik får du som student mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og moglegheit til å få lån og stipend gjennom Lånekassen.
Frå og med 1. august kan du registrere deg for haustsemesteret, og det er lurt å gjere dette tidleg, så du ikkje går glipp av noko viktig i starten av semesteret.
OBS! For at du som er ny student skal kunne registrere deg, må du ha fått ein e-post frå høgskulen om dette først.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Studentsørvis
På sida Studiestart 2025 finn du informasjon om registrering og andre nyttige ting i samband med studiestart.
Er det noko du lurer på eller ikkje får til, kan du få hjelp av dei hyggjelege folka på Studentsørvis! Send ein e-post til studentsorvis@hivolda.no eller ring 70 07 50 18 (mellom kl. 8 og 15 frå måndag til fredag) – då er du i gode hender.
Velkommen som student ved Høgskulen i Volda!
Les også: Treng du tilrettelegging i studiekvardagen? – Snakk med oss!