Statsråden lytta til behov ved Høgskulen i Volda

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland fekk høyre om all den gode satsinga som skjer ved Høgskulen i Volda, men også utfordringar skulen står overfor, då ho besøkte Volda.

Odd Helge Mjellem Tonheim og Sigrun Aasland

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland snakka godt saman under besøket ved Høgskulen i Volda.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Det er ikkje kvar dag ministeren som har høgskulen som sitt ansvarsområde kjem til Høgskulen i Volda (HVO) – difor nytta leiinga ved HVO seg godt av den tilmålte tida dei fekk av ein statsråd på rundreise og i valkampmodus.

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim opna med å forklare kor tett høgskulen er på både sine eigne studentar, men også regionen rundt. At HVO med berre eit campus, som slett ikkje er vanleg i sektoren lenger, har mange fordelar av det.

Likte sjukepleiarinitiativ

Høgskulestyret la i styremøtet i juni oppstart av ei ny sjukepleiarutdanning på is. I møte med statsråden kunne dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Jorunn Sem Fure, fortelje at høgskulen har det aller meste på plass for å kunne starte opp sjukepleiarutdanning.

– Vi har ni kommunar i ryggen, sju på søre Sunnmøre og to i Nordfjord, som sterkt ønsker seg og ser eit stort behov for ei slik utdanning i regionen. Det var kommunane som for tre-fire år sidan kom til høgskulen med ønske om denne utdanninga. Volda sjukehus er også svært positive, og har klart å sy saman eit opplegg for praksisplassar for studentar. Vi har ein avtale med helseføretaket om at dei skal ta imot våre studentar i praksis. Det er snakk om ei utdanning på deltid, som dei ikkje har i Molde og Ålesund, og som vi ser for oss ville ha rekruttert regionalt, forklarar Sem Fure.

Men:

– Vi treng å bygge ut fagmiljøet vårt med to stillingar innan klinisk sjukepleie. Vi lyste ut etter desse og fekk mange gode kvalifiserte søkarar. Eg har også fått mange spørsmål frå aktuelle studentar om når dei kan starte opp hos oss. Men dette er ei ganske dyr utdanning å drifte med utstyr og lokalitetar som krevst. Difor manglar vi finansiering. Det er der vi står i dag, konkluderte Sem Fure og fekk støtte frå både konstituert høgskuledirektør Oddrun Rangsæter og rektor.

Statsråd Aasland lytta godt til saka, og hadde fleire spørsmål, men kunne ikkje love friske midlar på ståande fot.

– Vi tek med oss innspelet. Vi veit det er eit fagområde det er stort behov for kvalifisert personell i i framtida, og det er bra de tenker i desse banar. Men, som eg har sagt til fleire andre også, så må ein sjå på prioriteringa av studieplassar og om ein kan flytte på studieplassar internt på høgskulen. Eg veit at det ikkje treng å vere enkelt, ein må prøve å tenke smart, var svaret frå Aasland.

Sigrun Aasland på besøk ved Høgskulen i Volda
Jorunn Sem Fure (t.v.) gav Sigrun Aasland (t.h) ein grundig gjennomgang av arbeidet med sjukepleiarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Kutt i studieavgift

For to år sidan vart det bestemt at studentar utanfor EØS og Sveits måtte betale for å studere i Noreg. Det har ført til at delen av studentar frå desse landa har gått ned betrakteleg.

Ein har også merka det i Volda:

– Dette har hatt ein del å seie for Master in media practices hos oss. Vi hadde ein del studentar frå desse landa tidlegare, men no kjem det ikkje fleire. Vi mistar det mangfaldet som er så viktig, både for utdanninga og studentmiljøet, poengterer rektor Tonheim, og held fram:

– Vi kan spele ei kjempeviktig rolle ved å ta imot studentar frå land i Afrika til dømes, som sjølv ikkje har ei fri presse. Vi kan vere med på å påverke, og andre studentar som er her kan lære av dei igjen.

Aasland forklarte at det er gjort ei endring, slik at institusjonane no sjølv kan bestemme kor mykje dei vil ta i skulepengar av desse studentane. Men ho hadde ingen pengar å love bort, dette må universiteta og høgskulane sjølv finansiere over gjeldande budsjett.

– De må ikkje ta kostpris i studieavgift for desse studentane no, men ein lågare pris, som igjen kan gjere det enklare å få dei til Noreg og Volda.

Oddrun Rangsæter, Sigrun Aasland og Odd Helge Mjellem Tonheim.
Konstituert høgskuledirektør Oddrun Rangsæter, forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim samla under ministerbesøket 8. august.

Kan endre lærarutdanninga

Statsråden vart også grundig informert om korleis stoda er for lærarutdanningane, og korleis det vert jobba med dei i Volda, av dekan ved Avdeling for humanistiske fag- og lærarutdanning, Silje Ims Lied.

Sjølv om det var ein liten oppsving for HVO i år, er nedgangen i studentar stor dei siste seks-sju åra, slik den også er i resten av landet.

Ims Lied fortalde anna på det tette samarbeidet høgskulen har med barne- og ungdomsskulane i regionen for å gjere utdanninga best mogleg og kampanjen LærariNordvest, der høgskulen har reist rundt til alle kommunar i fylket og snakke med folk om lærarutdanning for både skule og barnehage.

– Eg liker initiativa. Og vi har høyrt frå fleire lærarstudentar at dei synest dei har for lite praksis, det lyttar vi til. Vi er opne for å gjere om på lærarutdanninga i framtida, slår Aasland fast.

Opptatt av campusstudenten

Aasland fekk ei kjapp omvising på Sivert Aarflot-huset, der mediefaga held til. Ho peikte på viktigheita av redaktørstyrte media i framtida.

– Det er noko vi har tatt høgde for i utdanningane våre. I ei verd der nesten alle kan presentere nyheiter på nettet i ulike kanalar, blir redaktørstyrte medium og utdanningane våre stadig viktigare, peika Ivar John Erdal, dekan ved Avdeling for mediefag på.

Sigrun Aasland og Ivar John Erdal
Dekan ved Avdeling for mediefag Ivar John Erdal snakk til Sigrun Aasland om mediefagsutdanningane ved HVO under omvisinga ved Sivert Aarflot-huset.

Rundturen på Sivert Aarflot-huset gav Aasland eit lite innblikk i korleis det vert jobba med nokre av bachelorgradsprogramma ved HVO. Og Aasland var spesielt opptatt av desse type utdanningar.

– Grunnutdanningane må vere sjølve grunnmuren. Vi kan ikkje gjere alle grunnutdanningar til nettutdanningar. Vi er litt bekymra for at kanskje litt for mange studerer grunnutdanningar på nette etter pandemien. Studentane treng kunnskapen dei får gjennom å vere med medstudentar og lærarar på eit campus. Det er viktig for framtida, var ministeren tydeleg på.

Campusstudentar er også Studentsamskipnaden i Volda glade i. Dei avslutta ministerbesøket med eit innlegg frå direktør Rune Aasen, som kom med ønske om framleis gode rammer for å bygge og rehabilitere studentbustadar i framtida. Før det hadde Aasland fått ei innføring i Aasenkvartalet, som kan bli realisert på campusområdet, av kommunedirektør i Volda, Rune Sjurgard.

Del på: