Nyhende

  • Facebook i barnehagen?

    Publisert

    Tema for årets Barnehagekonferanse i Ålesund er korleis ein kan styrkje fagleg bruk av IKT, og korleis ein kan medverke til at IKT blir ein drivar for pedagogisk innovasjon i barnehage og skule.

  • Fagdag: Slik blir musikk til terapi

    Publisert

    Førstkommande fredag har institutt for sosialfag og musikkseksjonen på HVO gleda av å invitere til gratis fagdag: Slik blir musikk til terapi. Song og musikk kan hjelpe personar med demens å hente fram minne og ord, sjølv om språket og hukommelsen er svekka.

  • Studiestart for vidareutdanning i aktiv omsorg

    Publisert

    Sist veke var det studiestart for vidareutdanning i aktiv omsorg: «Musikk i målretta miljøarbeid». Leiaren ved Institutt for sosialfag Hallgerd Conradi og dei fagleg ansvarlege, Øystein Salhus (Avdeling for kulturfag) og Anne-Sofie Egset (Avdeling for samfunnsfag og historie), kunne ønske 18 nye studentar frå Averøy, Aure, Kristiansund, Molde, Ålesund, Herøy, Ørsta og Volda velkomne.

  • Forskingsveiledning i høgare utdanning

    Publisert

    Utdanningssystemet vert reformert. Det vert m.a. stilt krav om at studentane skal skrive bacheloroppgåve. Høgskular og universitet får tildelt fleire masterutdanningar. Til saman skaper dette store utfordringar for utdanningsinstituasjonane. Ei av dei er å auke kompetansen til faglærarane som skal rettleie studentane i skriving av bachelor- og masteroppgåver. Det er strenge krav til vitskapleg innhald i slike oppgåver og strenge krav til nivået på rettleiinga.

  • Musikk i demensomsorga

    Publisert

    Rundt femti aktive og engasjerte deltakarar frå pleie og omsorgssektoren er i dag samla på Høgskulen i Volda for å oppleveseminaret Musikk i demensomsorga.

  • FRAM10- Barnehagekonferansen 2012

    Publisert

    1. og 2. november arrangerer Høgskulen i Volda Barnehagekonferansen saman med Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga. Konferansen har vorte ein populær og etterspurt fagleg møteplass for pedagogisk personale i barnehagesektoren. Med FRAM10- Barnehagekonferansen 2012 markerer vi tiårsjublieumet for samarbeidsprosjektet på Rica Parken Hotel i Ålesund!

  • Fagdag Barnehage 2012: Møtearena forsking

    Publisert

    Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda samlar studentar, praksislærarar og styrarar i praksisbarnehagane og faglærarar til fagdag 22.mars. Med fagdagen Møtearena forsking vil førskulelærarutdanninga dele ny forsking og nye utviklingsarbeid som går føre seg i barnehagefeltet og/eller i førskulelærarutdanninga.

  • Glimt i bilete frå Internasjonal dag

    Publisert

    Pirrande matlukt, fargerike stands og dans med Samsaya så tidleg som klokka tolv på dagen- Internasjonal dag 2012 vart ein strålande suksess. Sjå nokre bilete frå den livlege dagen.

  • Kom på Internasjonal dag!

    Publisert

    I morgon klokka 11.15 går fanfaren for Internasjonal dag i Berte Kanutte. Fram til klokka 14.30 vert det eit levande program spekka av god musikk, informasjon, fargerike stands og gratis internasjonal mat i kantineområdet og Store BK auditorium.