Nyhende

  • Søkjartala aukar ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    – Siste månaden har vi gått fram med 229 nye førsteprioritetssøkjar, fortel Ragne Ørstavik Sørheim, opptaksansvarleg ved Høgskulen i Volda. Heile 143 av desse er søkjarar til mastergradsprogram/mastergradsnivå, fortel ho.

  • Stephen J. Walton er tildelt Melsom-prisen 2009

    Publisert

    Professor Stephen J. Walton ved Høgskulen i Volda er tildelt Melsom-prisen 2009 for boka Skaff deg eit liv! Om biografi. – Dette er ei veldig kjekk påskjøning, kommenterer ein oppglødd professor frå Lillehammer, der utdelinga fann stad under Norsk Litteraturfestival torsdag kveld.

  • Verdensarvområdet i Geiranger blir eget studium

    Publisert

    Høgskolen ønsker å nå ut til studenter fra hele verden med det nye studietilbudet World Heritage – Geirangerfjord. Studiet baserer seg på naturen og kulturen i verdensarvområdet, og gir kompetanse i natur- og kulturformidling. – Dette er det første studiet i landet som kombinerer friluftsliv, erfaringslæring og mediefag, sier studieleder Helga Synnevåg Løvoll.

  • Godt samarbeid om brubygging mellom Nord og Sør

    Publisert

    Fredskorpsstudiet Exchange for Development ved Høgskulen i Volda er eitt av dei største Fredskorpset-Ung-prosjekta til denne tid, og det einaste med utveksling av lærarstudentar. Ein rapport på norsk er no klar, etter at prosjektet vart avslutta i 2008.

  • Språk – ein føresetnad for kommunikasjon

    Publisert

    Både kulturen vi lever i og identiteten til den einskilde blir forma gjennom språk, som er ein føresetnad for kommunikasjon. Mastergradsstudium i nynorskskriftkultur gir brei språk- og kulturkompetanse, og formidlar innsikt i skriftkulturen gjennom ulike fagdisiplinar.

  • Nytt studietilbod: Arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning

    Publisert

    I dag manglar det om lag 140 førskulelærarar for å dekkje kravet til førskulelærar i pedagogisk leiarstillingar/styrarstillingar i barnehagar i Møre og Romsdal. For å møte dette behovet, etablerer høgskulen i samarbeid med barnehageeigarar arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning med oppstart i november 2009.

  • HVO-professor i internasjonalt forskingssamarbeid

    Publisert

    Professor Rune Kvalsund ved Institutt for sosialfag har bak seg fleire års samarbeid med forskarkollegaer ved fakultetet for skule- og utdanningsforsking ved Universitetet i Cambridge, England. Slikt samarbeid gir viktige tilskot til kvaliteten i undervisninga og forskinga ved høgskulen, og høgskulen gir på ulike måtar støtte til slik internasjonal fagleg utveksling.

  • Uniqe course: World Heritage Experiences

    Publisert

    World Heritage Experiences: Geiranger World Heritage - Fjord and Mountains [30 ECTS] is a uniqe course that will provide increased competence within nature- and culture based tourism and mediation/promotion. Open for Volda-students.

  • Eksamen i musikk på Rust i Ørsta

    Publisert

    Øyvind Krøvel avsluttar no bachelorgradsstudiet i musikk med eksamenskonsert på Rust Club & Scene tysdag 19. mai. Konserten har namnet ”Musikk for Natur” og skal ta publikum med på ei reise gjennom ulike naturlandskap.

  • Eksamen frå scena: bachelorkonsertane startar onsdag

    Publisert

    Janne M. Grytten Skarstein er ei av studentane som avsluttar bachelorgradsstudiet i musikk i år, og ho har eksamen frå scena på Rokken 14. mai. Frå onsdag 13. mai startar to veker med eksamenskonsertar på høgskulen, studenthuset Rokken, Rust i Ørsta og på andre scener.