Kurs, konferanser og seminar o.l.

  • Thumbnail

    – Lærer mykje

    Publisert

    – I dag har eg lært meir enn det eg har lært på skulen om vegar eg kan gå vidare i livet, seier Emma Marie Ristesund Beitveit. Emma og 800 andre tiandeklassingar frå kommunane på Sunnmøre vitjar Høgskulen i Volda i samband med Karrieredagane 2019.

  • Thumbnail

    Symposium om komposisjon og improvisasjon

    Publisert

    Ei forskingsgruppe med forankring i Høgskulen i Volda (HVO) med fokus på skapande læringsprosessar i musikk gjennomførte i førre veke eit symposium med tittelen «Creative learning processes in music: Pedagogies, or provocations?» Symposiet hadde også ein workshop for studentane ved musikkutdannninga.

  • Thumbnail

    Vidareutdanning: Helsefag for sosialarbeidarar

    Publisert

    Endringar i organiseringa av velferdstilbod fører til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste høgskulen i landet vidareutdanninga «Helsefag for sosialarbeidarar». Det tredje kullet startar på nyåret 2019.

  • Thumbnail

    Fire vidareutdanningstilbod for lærarar i KfK

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal tilby fire vidareutdanningstilbod for lærarar i dei neste 3 åra innanfor strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). – I alt betyr dette 170 nye vidareutdanningsplassar for lærarar i faga kunst og handverk, programmering og spesialpedagogikk, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for lærarutdanning.

  • Thumbnail

    Flott om AnimationVolda

    Publisert

    Nancy Denney-Phelps er en animasjonsjournalist, historiker og musikkprodusent. Hun har skrevet om animasjonsfilm og festivaler fra hele verden over mange år. På bloggen hennes på Animation World Network har hun publisert en fin presentasjon av siste AnimationVolda.