Forskingspris til Ingrid (25): – Veldig motiverande

To utmerkte forskingsarbeid innan norsk som andrespråk er heidra med Anne Hvenekilde-prisen under den nasjonale forskarkonferansen NOA 2023 i Volda.

Randi Myklebust og Ingrid Vee Hagestuen.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

To utmerkte forskingsarbeid innan norsk som andrespråk er heidra med Anne Hvenekilde-prisen under konferansen NOA 2023 i Volda. Prisen går til Ingrid Vee Hagestuen (mastergrad) ved HVO og Gølin Christine Kaurin Nilsen (ph.d.) ved UiS.

– Dette var veldig gøy. Anne Hvenekilde-prisen er verkeleg ei stor anerkjenning å få på dette fagfeltet, så dette set eg stor pris på, smiler den ferske prisvinnaren Ingrid Vee Hagestuen.

Gølin Christine Kaurin Nilsen.
Prisvinnar Gølin Christine Kaurin Nilsen under Anne Hvenekilde-forelesinga.

Den unge høgskulelektoren ved Høgskulen i Volda (HVO) har nett halde Anne Hvenekilde-forelesinga under NOA-konferansen for eit lydhøyrt publikum av fagfolk frå heile landet. Her presenterte ho mastergradsarbeidet sitt Underveisvurdering i den særskilte norskopplæringen. En casestudie av en innføringsklasse på ungdomstrinnet (2022).

I grunngivinga for pristildelinga står det mellom anna at arbeidet til Hagestuen «gir et interessant og nyttig bidrag til fagdebatten om hva som er god underveisvurdering i den grunnleggende norskopplæringen».

Hagestuen deler prisen med Gølin Christine Kaurin Nilsen, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, som får prisen for doktoravhandlinga Substantivfrasens kompleksitetsutvikling i innlærerspråk: En konstruksjonsgrammatisk analyse av skriftlig produksjon fra A1- til B2-nivå (2022).

Motiverande pris

Anne Hvenekilde (1940–2001) var den første professoren i norsk som andrespråk. Prisen som ber namnet hennar, skal stimulere til forsking på dette fagfeltet.

Hagestuen er ikkje i tvil om at tildelinga fungerer etter intensjonen.

– Det er klart det gir meirsmak å få så gode tilbakemeldingar gjennom ei slik tildeling. Det motiverer til å følgje opp spørsmåla ein stiller i arbeidet sitt.

Kvifor landa du på dette temaet for masteroppgåva di?

– Det var todelt. Undervegsvurdering er godt integrert i lærarutdanninga her i Volda, så det har eg møtt gjennom fem år som student, og eg har verkeleg fått ei forståing av kor viktig det er for elevane si læring. Norsk som andrespråk har vore eit emne i undervisninga her som eg trur inspirerte fleire av studentane til vidare utforsking. Det var kombinasjonen av desse to eg såg som relevant å undersøkje, altså korleis undervegsvurdering blir brukt overfor denne spesifikke elevgruppa, forklarer Hagestuen, som ikkje er framand for å forske vidare på temaet i framtida.

– Vel det som interesserer deg

Hagestuen er positiv til tilrettelegginga for forsking ved HVO.

– Vi har relativt god forskingsprosent i stillingane våre her. Eg synest også at kollegiet motiverer godt ved å stille spørsmål til, vise interesse for og støtte forskinga til kvarandre. I tillegg er dei ulike forskingsgruppene ved HVO verkeleg ein arena for å utveksle erfaringar.

Kva råd vil du gi til studentar som lurer på om forskingsarbeid er ein veg å gå?

– Å velje eit tema ein er interessert i, rett og slett. Får du til det, er mykje gjort. Å skrive ei masteroppgåve er sjølvsagt ikkje alltid noko ein kosar seg med, og oppgåva skriv seg absolutt ikkje sjølv, ler Hagestuen.

– Men finn du eit tema, og ikkje minst ein metode, som du synest det er spennande å jobbe med, kan det bli eit springbrett til å gjere arbeidet med forsking veldig kjekt.

Del på: