Fire mill. til studietilbod i Kristiansund

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) har fått midlar frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) til planlegging og drift av Praktisk-pedagogisk utdanning i Kristiansund. HVO har også fått midlar til å planlegge ei desentralisert grunnskulelærarutdanning på same stad. I begge prosjekta samarbeider høgskulen tett med interessentane i Campus Kristiansund.

– Det er svært gledeleg at vi har fått gjennomslag for dette. PPU får 2,7 millionar og planlegging av grunnskulelærarutdanning (GLU) får 1,2 millionar. I ein hard konkurranse med andre institusjonar har dei involverte ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning skrive gode søknader. Dette er også gledeleg fordi Campus Kristiansund (CKSU) er viktig for heile regionen, seier rektor Johann Roppen.

Mauseth
Roland Mauseth er dagleg leiar ved Campus Krisiansund.

– Eit stort steg framover

– Dette er kjempespennande og eit stort steg framover i arbeidet med å få på plass ei grunnskulelærarutdanning i Kristiansund. Vi har hatt eit godt samarbeid med Høgskulen i Volda så langt, og vi gled oss til framhaldet, seier dagleg leiar ved Campus Kristiansund Roland Mauseth.

Mauseth kan også fortelje at Fylkestinget har løyvt pengar til ein prosjektleiar på CKSU som skal jobbe utvikling av studietilboda og der GLU er eitt av satsingsområda.

Nye studentgrupper

I eit intervju med Khrono seier direktør Sveinung Skule i HK-dir mellom anna at det er eit overordna mål å gjere utdanning meir tilgjengeleg der folk bur og då blir det særleg viktig å sørge for god geografisk spreiing av tilboda.

Gjennom å etablere desentralisert grunnskulelærarutdanning (DGLU) og PPU ved Campus Kristiansund, vil HVO nå studentgrupper som så langt ikkje har hatt tilbod om slike utdanningar i sin nærregion.

PPU

Studieleiar Bjørnar Sæterås ved Praktisk pedagogisk utdanning fortel at HVO ønskjer å vere ein tydeleg og tilgjengeleg tilbydar av høgare utdanning i regionen.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med miljøet i Kristiansund. Vi kjem til å tilby både PPU-allmennfag og PPU-yrkesfag på deltid i Kristiansund frå hausten 2023, seier han.  

DGLU

– Planlegging og oppstart av DGLU i denne regionen vil krevje mykje ressursar og i fyrste omgang søkjer vi midlar til å utvikle fleksibel og desentralisert GLU og vonleg legge til rette for oppstart hausten 2024, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Del på