– BEHOV FOR FLEIRE NATURGUIDAR

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Det er eit stort behov for naturguidar, seier dagleg leiar i 62°NORD Knut Flakk og fagmiljøet i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Det ligg no an til eit samarbeid mellom 62°NORD og Høgskulen i Volda (HVO) for å gjere naturguideutdanning meir kjent, auke talet på studieplassar og å utvikle reisemål i sunnmørsk natur.

62°NORD er ei verksemd i Ålesund som utviklar og sel unike reiselivsopplevingar på Sunnmøre. Med ein stor båt- og helikopterflåte skreddarsyr 62°NORD turar med overnatting og aktivitetar i den spennande naturen i regionen.

Bergensaren Finn Knudsen i 62°NORD boblar over av entusiasme over kor rik og mangfaldig naturen på Sunnmøre er. Han meiner at potensialet for å selje opplevingar av alle slag til kvalitetsmedvitne turistar er stort.

– Kajakk, båt, sykling, fotturar, skiturar, toppturar. Sunnmøre har alt, slår han fast og legg til at kvalifiserte naturguidar er den knappe ressursen vidare utvikling står på.

Populær utdanning

Høgskulen i Volda tilbyr naturguide som ein del av ein bachelor i friluftsliv. Studiet er faktisk den mest populære utdanninga ved høgskulen med ca. 8 søkjarar per studieplass. Populariteten og den knallharde konkurransen om å kome inn på studiet medfører at studiet rekrutterer frå heile landet og nokså få frå Nordvestlandet får studieplass. Fagmiljøet i friluftsliv ved Høgskulen i Volda er ein del av Seksjon for idrett og friluftsliv ved Avdeling for kulturfag. Naturguide kan både vere eit påbyggingsstudium og ein del av bachelorstudiet. I tillegg til bachelorgraden tilbyr høgskulen eit årsstudium i friluftsliv.

Undervisninga på friluftsliv skjer både ved havet, i låglandet og i høgfjellet. Høgskulen har blant anna kystbase på Yksnøya der det blir gjeve undervisning i mellom anna segling med klassiske trebåtar.

Fagmiljøet tilbyr også som det einaste i landet, utdanning som tindevegleder.

Treng fleire naturguidar

Høgskulen har difor foreslått overfor Kunnskapsdepartementet at det bør satsast sterkare på denne utdanninga ved å tilby fleire studieplassar. Det vil føre til at budsjettet må styrkast.  For 20 nye studieplassar er det snakk om ein årleg kostnad på ca. 2-3 millionar kroner.

No kjem altso Flakk Gruppen, som eigar av 62°NORD, på banen. Etter deira syn har Sunnmøre eit utruleg godt utgangspunkt for naturbaserte opplevingar i vill og vakker natur.

Svært mange turistar treng ein naturguide som kan legge opp ruter tilpassa turistane sine førehandskunnskapar og utstyr. Slik kan naturguidane vere med på å sikre at turen vert ei god oppleving same kva vêr og vind og føreforhold som rår. Naturguidane kan også ta ansvar om uhellet skulle vere ute, og dei kan bidra med kunnskapar om lokal kultur og natur.  

Næring i vekst

– Reiseliv er ei næring i vekst, både i Noreg og internasjonalt.  Aktivitetsbasert turisme er eitt av dei områda som veks raskast innan denne marknaden, seier Knut Flakk.

Flakk Gruppen planlegg difor eit nytt, naturbasert aktivitetshotell med 75 rom på Hellesylt. Den nye hotellsatsinga, som har fått namnet Basecamp Hotel Hellesylt, har som mål å arbeide for å bringe fleire menneske nærare naturen og legge til rette for at alle, uavhengig av førehandskunnskapar, skal få endå større glede av fjorden, fjellet, skogen og vidda.

– Dess meir ein opplever av naturen dess større verdi ser ein i å ta vare på og beskytte den, seier Knut Flakk.

 

Naturguidar vil spele ei nøkkelrolle i framtidas grøne og berekraftige reiseliv.

Samarbeid

Knut Flakk og Finn Knudsen i 62°NORD har stor tru på at naturguidar vil spele ei nøkkelrolle i framtidas grøne og berekraftige reiseliv. Fagmiljøet ved Høgskulen i Volda er samde med 62°NORD på dette punktet. Det er også deira inntrykk at reiselivsnæringa i Noreg har eit stort behov for fleire kvalifiserte naturguidar.

– Det er ikkje uvanleg at utanlandske turfølgje har med seg guide frå sitt eige heimland fordi det ikkje finst nok norske guidar med papira i orden. Dette er viktig blant anna med tanke på reiseforsikringar då det i andre land kan bli stilt krav om kvalifisert guiding, seier høgskulelektor Stig Løland ved Seksjon for idrett og friluftsliv.

62°NORD og fagmiljøet ved Høgskulen i Volda er no interesserte i å vidareutvikle samarbeidet gjennom prosjektutvikling, praksisplassar for studentar og utveksling av kompetanse.

Gjennom 62°NORD tilbyr Flakk Gruppen alt skreddarsydde opplevingar for turistar på Sunnmøre. Hotel Brosundet, Storfjord Hotel og Union Hotel Øye får no selskap av det nye Basecamp Hotellet som skal byggjast på Hellesylt.

Høgoppløyseleg foto av Molladalen.

Molladalen 2

Del på