Årsstudium

Friluftsliv

Årstudium i friluftsliv gir deg kompetanse i undervisning og rettleiing i friluftsliv med den spektakulære sunnmørsnaturen som klasserom. Studiet er svært relevant for lærarar og andre yrkesgrupper som vil arbeide med barn og unge. 

Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
60
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Årsstudium
Søk frå:
01.02.2026 - 15.04.2026

Kva lærer du?

Du får kunnskap om og allsidig kjennskap til ferdsel i ulike former for natur under vekslande tilhøve. Du får mellom anna:

  • kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid

Vil du studere vidare?

Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, kan du få godskrive årsstudiet i Bachelor i friluftsliv, leiing og naturguide ved Høgskulen i Volda. 

Følg oss på Facebook og Instagram! 

Årstudiet skal gi deg kompetanse til å kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Du skal også opparbeide kunnskap til å kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv i skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar.

Innblikk i studiekvardagen

Kunnskap om skred er ein viktig del av undervisninga til studentane på friluftsliv. Vi vart med til Standaleidet som byr på eit fantastisk læringsterreng.
Vis mer
Velkomen til digitalt ope hus på Friluftsliv! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april! 
Vis mer
Fire smilande studentar oppstilt ved fjorden
– Tryggleik, turplan, lover og reglar, snø og bre, ski og utstyrsreparasjon, opplevingsdesign. Så mykje spennande! Det er jo ein grunn til at vi kallar turen vår for «ei utvida bacheloroppgåve», seier dei fire studentane ved Høgskulen i Volda som ønskjer å krysse Grønlandsisen – heilt på eiga hand.
Vis mer
Windjammer
Bli med inn i en av Norges mest kjente seilskuter, der Volda-studenter har praksis og får lære å seile på den tøffe måten, samtidig som de støtter ungdom i utenforskap som også er med på seilasen.
Vis mer
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. 

Enkelte ferdigheitsprøver er lagt inn. Les meir i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudiet kvalifiserer for arbeid i mellom anna skuleverket, reiselivet og organisasjonar. Det kan godskrivast i Bachelor i friluftsliv, leiing og naturguide ved Høgskulen i Volda.

Studieplan - Heiltid

Friluftsliv - årsstudium

Studieprogram: 
Friluftsliv - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • har kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
  • har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • har solide grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
  • Kan organisere og leie grupper i ulike naturtypar under vekslande forhold
Generell kompetanse

Studenten 

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng. Emne IKF107 byggjer på emne IKF106.
Arbeidsmengda skal vere omlag 1.600 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

Undervisninga baserar seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyrte aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Enkelte ferdigheitsprøver er lagt inn. 

Studieprogresjon 

Studiet er bygget opp slik at studentane stegvis beveger seg mot meir krevande oppgåver. Vi kan dermed arbeide med ”Tur/oppgave etter evne”. Den ”eigenaktiviteten” studentane har i form av praksis og turar skal være innen rammar, område- og aktivitetstype som er gjennomgått i undervisning. 

Friluftsliv - årsstudium
Navn: 
Friluftsliv - årsstudium
Informasjon

Studiet er sett saman av to emne på 30 studiepoeng. 

Friluftsliv årsstudium kvalifiserer deg til å arbeide med grupper i varierte naturtypar. Studiet gir deg moglegheit til å vere fysisk aktiv, og studenten lærer å ha ansvar for og leie grupper med tanke på tryggleik, oppleving og læring.  

IKF 106  Friluftsliv 1.
Det første emnet har vekt på basisferdigheiter og kunnskapar for å kunne arbeide med grupper i naturen. Studiet er bygt opp rundt friluftsliv ved kysten, friluftsliv frå fjøre til fjell, kanopadling og ferdsel i fjell- og brelandskap. I tillegg til dagsturar blir det ca fem veker til saman med overnatting ute. Det er lagt inn ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur. I tillegg til dette er det ca. ei veke med observasjonspraksis. Viktige tema er veglederlære og turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.

IKF 107 Friluftsliv 2.
Det andre emnet har hovudtema snø, ski og fjell. Faglig målsetting er å gjere studentane i stand til å ha med seg ulike grupper ute om vinteren. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren, før studieturar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling. I tillegg til rundt tre veker med utandørs overnatting med vegleiar, kjem ein til å ha ei veke med veglederpraksis og ei veke med eigenferd.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Praksis

Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.

Kostnader

Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

Ansvarleg
Audun Røhnebæk Stikbakke