Årsstudium

Naturguideutdanning

Heiltid

Praktisk informasjon

Velkommen som student ved seksjon for idrett og friluftsliv!

 

Studiestart

  • Tirsdag 14. august kl. 12.00 blir det offisiell åpning av studieåret.

Studenter får møte klassen sin, får tildelt en fadder og en faddergruppe, og vil bli vist rundt på høgskolen i Volda. Nærmere program for denne dagen vil bli lagt ut på høgskolens nettside under oppstart. Du møter klassen din kl. 13.15-14.15 i salene i idrettsbygget

 

  • Onsdag 15. august blir det felles oppstart for Avdeling for kulturfag.

Kl. 11.00 vil det bli servert gratis frokost for alle studenter tilhørende AKF i Kaarstadparken. Vi trekker innendørs i Kaarstadbygget ved dårlig vær.

Kl. 12.00-13.00: Praktisk informasjon/ foredrag for nye studenter: «Fra elev til student» i konsertsalen ved Catarina Andersson og Hege Holmqvist Synnes.

 

Denne veka blir det samling i klassa og undervisning ute og inne. Undervisninga denne veka (33) er obligatorisk og viktig å få med seg!

Sjå utstyrsliste under fana "annan informasjon"

Annan informasjon

PERSONLEG GRUNNUTRUSTNING FOR STUDIET

Denne lista er meint som utgangspunkt for vurderingar som du sjølv må gjere. Vi har kvart år diskusjonar om kva kvalitetar og prisnivå ein skal legge seg på. Vi snakkar også om kva slags funksjonar utstyret skal dekke. Vi meiner det handlar om å finne utstyr som er GODT NOK til vårt bruk. Vi skal gje meir konkrete råd om alt utstyret i samband med planlegging til dei ulike aktivitetane og turane. Vent med nye og dyre innkjøp til etter studiestart - det er vårt råd ! (Det er ikkje alltid slik at sportsbutikkane/ turutstyr-bransjen kjenner våre behov - eller kan gi særleg gode råd). Og særleg vinter og vårutstyret bør du vente med. Du får likevel ein liste her slik at du allereie nå har ein oversikt over kva du bør ta med hit og kva du må skaffe.

 

PERSONLEG UTSTYR SOM EIN  HA:

  • Ryggsekk (god å bere, stor nok til teltturar– alle må medverke og bere felles utstyr. Minst 65 ltr, gjerne større) Dagstursekk (gjerne 40-50 ltr eller meir)
  • Sovepose (varm nok, Til vinterturane må du vente ned mot minus 20C) og liggeunderlag
  • Ullklede inn mot kroppen er anbefalt av alle tidlegare studentar !
  • Ytterklede: vindklede / regntøy
  • Lue + vottar + skjerf/hals + ullsokkar
  • Tjukk ullgensar (eller tilsvarande)
  • Solid fottøy. T.d fjellstøvlar. (nye støvlar bør gås inn før lengre gåturar)
  • Kopp + skei.
  • Kniv (som du også kan spikke med)
  • Haudeljos (hodelykt)
  • Kompass + kartmappe + blyant + notatbok.
  • Personleg førstehjelpsutstyr (Vi kjem nærare tilbake om innhald)
  • Skiutstyr – Vi kjem nærare tilbake til vinterutstyr utpå hausten
  • Snøspade og søkestang (her vil vi komme med gode råd om type utpå hausten)

 

PERSONLEG UTSTYR SOM EIN BØR HA:

  • Gummistøvlar og solid vanntett regntøy er veldig lurt på Sunnmøre om hausten!
  • Gamasjar og fotposar (sy sjøl?)
  • Ekstra ullklede + ekstra ullsokkar (+ kort ullunderbukse/ ullBH)
  • Kortbukse eller badebukse
  • Tallerken + gaffel + drikkeflaske + Termos
  • Solbriller (nødvendig til vinteren)
  • Oppslagsbøker : blomar og tre, fuglar og fisk (jf. anbefalt litteratur, emneplan)
  • Fotoapparat (digitalt kamera vil vere nyttig i undervisninga, f.eks ved dokumentasjon i samband med turar)

 

PERSONLIG UTSTYR SOM DET KAN VÆRE KJEKT Å HA:

  • Tursag + turøks.
  • Fiskestang , fiskesnøre.
  • Kikkert
  • Myggmiddel. Finmaska myggnett mot knott
  • Kokeapparat (f.eks primus), kaffekjele
  • Tarp (gapahukduk)

Norsk reiseliv har som mål å bli leiande på «tematurisme», og vil sette fokus på turar og opplevingar i norsk natur. Høgskulen i Volda er glade for å kunne tilby Naturguidutdanninga, som gir deg eit godt teoretisk og praktisk grunnlag for å kunne gi turistar/ turistgrupper gode og trygge friluftslivopplevingar. Studiet kvalifiserar for å søkje sertifisering som godkjent Norsk Naturguide gjennom Norsk Naturguideforbund (NNG). 

Stengt for søking

Søknadskode : 4143

Innblikk

Sol Idland

For Sol Idland vart friluftsliv ein livsstil og karriere. Vi vart med vår tidlegare student på jobb i Odda der ho arbeidar for Trolltunga Active.

Ytste Skotet

Fikk naturguideutdanning og bachelorgrad i ett

Daniel Strand manglet ett år med studier for å fullføre en bachelorgrad i friluftsliv. Da han fikk høre at naturguideutdanninga ved Høgskulen i Volda var et alternativ til det, heiv han seg på med en gang.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 60

Start Haust

Søknadsfrist 24.08.2018

Studieinnhald

Naturguideutdanning har fokus på guiding i kyst- og fjordlandskap, både sommar og vinter, og du vil lære å utvikle eit guida reiselivsprodukt i dette landskapet. Du vil få innsikt og trening i risikovurderingar og trygg ferdsel, formidling av opplevingar og informasjon, og organisering og leiing av turar. Studiet har eit særskilt fokus på lokalgeografi, lokalhistorie og lokale naturbrukstradisjonar. Det legg også vekt på reiseliv og opplevingspsykologi.

 

 

 

 

 

Opptakskrav

60 stp friluftsliv

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i naturguideutdanninga varierer mellom praktisk undervisning med turar ute i naturen og klasseromsundervisning. På overnattingsturane skal du bu i telt, bevege deg i ulendt terreng og bere oppakning. Som student vil du være med å organisere samlingane, og ha ansvar for alt i frå transport til og frå samlingane, tilrettelegging av utstyr, innkjøp av mat og organisering av matlaging. Det blir stilt krav om oppdaterte ferdigheiter slik som førstehjelpskurs og skredkjennskap.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og  emneplanane.
 

Aktuelle yrke og vidare studium

Utdanning som naturguide gir deg etterspurd kompetanse innanfor reiseliv og turisme. Studiet er retta mot deg som driv eller ønskjer å starte naturguiding som eiga næring eller vil kvalifisere deg til arbeid hos eksisterande reiselivsaktørar. 

Kontakt

Nils Ola Skuset

Studieprogramansvarleg

nos@hivolda.no       

Har du spørsmål om studiet, ta gjerne kontakt med studieprogramansvarleg.

Øvrige spørsmål kan rettast til Sørvistorget, tlf. 7007 5018, sorvistorget@hivolda.no

Du finn også litt om naturguidestudiet og studia elles på Seksjon for idrett og friluftsliv her: https://www.facebook.com/friluftslivvolda/

 

 

Studieplan

Naturguide fordjupning

Studieprogram: 
Naturguide fordjupning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 

60 studiepoeng friluftsliv. 

Om studiet: 

Studentane skal tileigne seg kunnskapar, ferdigheiter, kjennskap og innsikt, som grunnlag for å kunne gje gjestar og turistgrupper gode og trygge opplevingar i norsk natur. Studiet skal kvalifisere for arbeid som naturguide i høve Norsk Naturguideforbund sin Bransjestandard for naturguide.

Studiet kvalifiserer ikkje for aktivitetar som til dømes klatring, brevandring og bratt skikøyring. I tillegg til den emnebaserte undervisninga kan det verte tilbod om ulike kompetansegjevande og dels sertifiserande kurs mot kursavgift.

Studiet er eit sjølvstendig studium, og kan inngå som del av Bachelor friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar: 

Studenten har

  • kunnskapar om reiseliv/turisme og friluftsliv som fenomen i det norske samfunnet.
  • kunnskapar om lokalgeografiske og lokalhistoriske tema, lokalkultur og tradisjonell bruk av ressursane i kyst- og fjordlandskapet i utvalde regionar.
  • kunnskapar om leiing av grupper og om trygg ferdsel for gjestar og turistgrupper.
  • kunnskapar om det juridiske ansvaret ein naturguide har i høve annonsering av, samarbeid om, gjennomføring av naturbaserte reiselivsprodukt og tilgrensande tilhøve ved til dømes pakkereiser.
Ferdigheiter: 

Studenten 

  • meistrar friluftsliv i kyst- og fjordlandskap gjennom alle årstidene.
  • kan planleggje, organisere, tilretteleggje og gjennomføre leiing av turar med gjestar og turistgrupper i kyst- og fjordlandskap i alle årstidene.
  • kan formidle fakta, historier og forteljingar rundt lokalgeografi, lokalhistorie og tradisjonell naturbruk i kyst- og fjordlandskap.
  • kan gjere gode vurderingar i risikoproblematikk, frå internkontroll til praktisk handling.
  • kan ivareta sin eigen, gruppa og einskildpersonar sin trivsel og overskot undervegs på tur.
Generell kompetanse: 

Studenten 

  • har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte skjønn.
  • kan delta i fagleg utviklingsarbeid knytt til naturguiding for reiselivet.
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet vekslar mellom klasseromsundervisning og praktisk undervisning ute. Studentane skal ha medansvar i organisering av transport, fellesutstyr og matstell til undervisningsopplegga ute.

Emne- og semesterplanar gir informasjon om krav til frammøte og obligatoriske delar av studiet.

Krav til utstyr eller ferdigheiter: 

Vi føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å ha ansvar for seg sjølv og ta aktivt del i undervisningsopplegga ute. Ein vil bevege seg i ulendt terreng på barmark og i snø og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige og kunne ta seg fram på ski. Liste over utstyr gjerast kjend før studiestart.

Praksis: 

Studentane skal delta i å leggje til rette utandørsopplegga, dei skal gjennomføre praktiske og guide-relvante arbeidsoppgåver og dei skal gjennomføre studieferd/ekstern praksis. Studieferd/praksis skal vere godkjent av faglærar.

Kostnader: 

Kr. 400,- pr. semester i materialpengar. 

Anna: 
Fullført studium gir muligheit til å søkje om opptak i Norsk Naturguideforbund.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Ansvarleg: 
Nils Ola Skuset