Volda imponerte europeiske lærarutdannarar

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Tretti europeiske lærarutdannarar samlast i Volda for å dele erfaringar og idear. Dei var fulle av lovord om høgskulen, studiebygda og norske klasserom.

Høgskulen i Volda (HVO) er åleine i Noreg om å vere med i Symposion – eit europeisk nettverk for lærarutdanningsinstitusjonar. Tett på grunnlovsdagen og i upåklageleg maivêr var Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO vertskap for det årlege Symposion-møtet for første gong.

Symposion. Christian.
Christian Kogler in the Symposion steering team. Photo: VUC / Steinarr Sommerset.

Tretti lærarutdannarar frå land som Irland, Serbia, Nederland, Spania, Austerrike og Frankrike har sett fram til besøket, og påmeldingstalet skal ha gått i vêret då den årlege destinasjonen blei Sunnmøre.

– Vi fekk ein veldig god presentasjon av Volda på møtet vårt i Frankrike i fjor, så alle sa: «Vi vil til Volda!» Og vi ser jo at det var rett å leggje turen hit, smiler austerrikaren Christian Kogler i den sommarvarme parken framfor den gylne, tradisjonsrike lærarskulefasaden frå 1922.

Fulle av positive inntrykk

Under omvisinga på høgskuleområdet er det tydeleg at mange av dei internasjonale gjestene lèt seg begeistre og inspirere av kva studiebygda Volda har å by på.

I det flotte vrimleområdet «Folkelivet» i det nyoppussa Hans Strøm-huset:

– Så … er dette for lærarane?
– Nei, her er det studentane som kan sitje og jobbe saman eller slappe av.

Etter ein presentasjon av det internasjonale treffpunktet Pangaia:

– Vi skulle absolutt hatt ein slik eigen internasjonal stad for studentane på vårt universitet også.

På tur gjennom Henrik Kaarstad-huset, pryda av kreativiteten til Institutt for design, kunst og handverk:

– Er desse modellane verkeleg studentarbeid? Wow.

På høgskulebiblioteket forsvinn fleire rett i hyllene for å utforske bøker. Og då gjestene skjønar at HVO-arar snart kan ta seg eit morgonbad i den komande symjehallen på campus, er det ikkje fritt for drøymande blikk.

Stort potensial for internasjonalt samarbeid

Arrangørane har lagt opp til både grilling og 17. mai-oppleving i tillegg til eit breitt fagleg innhald. Nettverket skal både diskutere dei store linjene i europeisk lærarutdanning, kome under huda på HVO og få besøkje Volda ungdomskule, Velle skule i Ørsta og Ørsta vidaregåande skule. Det dei opplever på skulebesøka, blir utgangspunkt for tematiske diskusjonar.

– Ute i Europa skryter dei av lærarutdanninga vår og den norske skulestrukturen. «De er ikkje klare over kor avansert undervisning de har», har vi høyrt frå deltakarane i nettverket, fortel førsteamanuensis Hjalmar Eiksund, som er med i vertskapet for noregsbesøket til Symposion-nettverket.

Seniorrådgjevar Arne Humberset, som leier internasjonalt kontor ved HVO, dreg fram at det også er verdifullt for HVO å få oppleve korleis lærarutdanningsinstitusjonar i andre land ser på Volda som eit ideal.

– Denne sektoren er veldig sjølvkritisk når det gjeld både norsk skulekvardag og lærarutdanning, så det er svært nyttig å få dette utanfrå-perspektivet og skjøne at vi faktisk er kjempegode i ein europeisk målestokk. Gjennom slike samarbeid kan vi inspirere andre, men også lære mykje av impulsane utanfrå.

Humberset ser fleire potensial i tettare internasjonale band ved høgskulen.

– No når vi har fått Symposion hit, ønskjer vi å få kopla nettverket til fleire i fagmiljøet vårt, nettopp for å styrkje det internasjonale samarbeidet ved lærarutdanninga vår. Den norske skulen er også meir mangfaldig enn før, og internasjonal kompetanse er derfor viktig i utdanningane våre. To møtedagar går fort, men vi håpar dette kan vere starten på fruktbare moglegheiter til meir samarbeid rundt utveksling, praksis og internasjonalisering.

Må vere saman for å skape ideane

Under arbeidsøktene i nettverket diskuterer deltakarane opent med stort engasjement. Det handlar om alt frå nye undervisningsmetodar og korleis enkeltpersonar på utveksling kan kome heile institusjonen til nytte, til korleis ein kan samarbeide om innhaldet i internasjonal lærarutdanning og tilrådingar til styresmakter.

Symposion. Stephane.
Stephane Brunel frå styringsteamet i Symposion. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

– Målet med samlinga vår er ikkje å lage noko handfast, men å utnytte verdien som ligg i personlege møte, seier Stephane Brunel frå Université d’Orléans.

Nettverket har flat struktur, men Brunel og tidlegare nemnde Kogler frå Pädagogische Hochschule Oberösterreich i Linz sit i styringsteamet.

– Eg samanliknar dei årlege, fysiske møta våre med bønder som pløyer marka før dei skal så. Vi legg grunnlaget for det som kan vekse fram seinare, og skal ein få til å tenkje utanfor boksen saman, ein møtast fysisk og også vere sosiale og uformelle saman. Det er då ideane kjem, seier Kogler, og legg til at vertskapet i Volda har gjort ein kjempejobb med å organisere besøket.

Tek med inspirasjon frå sunnmørske klasserom

Etter skulebesøka i Volda og Ørsta oppsummerer Brunel opplevingane som berikande for den europeiske delegasjonen.

– Gruppa har fått erfare både gode og uvande klasseromspraksisar. Til dømes er den norske bruken av karakterar ganske annleis for mange av oss, og sidan vi til og med fekk snakke med elevane om deira inntrykk av systemet, gav dette oss etterpå ein fruktbar diskusjon om kva vurdering i skulen inneber. I tillegg er sjølvsagt fridomen i klasserommet her ulik mange av våre land. Som lærarar veit vi at det ikkje finst ein fasit for den perfekte skulen, men når vi får erfare ulikskapane saman, skaper det gode refleksjonar.

Symposion. Velle skule.
From the school visit at Velle primary school in Ørsta. Photo: private.

Kogler, som også kjenner norsk skule litt frå privaten, skryter av det som blir gjort i klasseromma.

– Eg trur ikkje nordmenn er klare over at dei faktisk har ein svært god skule dei kan vere stolte av. Mitt inntrykk er at norske lærarar har ei særs respektfull og omsorgsfull tilnærming, og at dei fleste barn trivst.

Kva konkret får de ut av å bli kjende med klasserom i andre land?

– Eg kan gi deg eit døme. På ein skule i Linz var det problem med vandalisme. Eg blei kjend med ein skule i eit vanskelegstilt område i Sveits som hadde liknande utfordringar. Men der prøvde dei noko nytt. Dei gav skulenøkkelen til tenåringane og sa: «Bruk skulemiljøet når de vil, det er dykkar skule.» Vandalismen tok slutt! Dei tok ein risiko, så klart, men slike døme er det som kan inspirere oss til nye løysingar. Vi har mykje bra på kvar vår kant, men samlar ikkje alltid trådane – nettopp derfor treng vi internasjonale møtepunkt som Symposion, meiner Kogler.

Og de skal krone opphaldet med å oppleve 17. mai i strålande vêr i Volda?

– Ja, dei fleste av oss, og sjølv ser eg veldig fram til det, smiler Kogler.

 – Eg får det dessverre ikkje med meg, men eg veit at eg går glipp av noko stort, ler Brunel.

Symposion feira 17. mai i Volda.
Happy international guests enjoying the May 17th celebrations in Volda. Photo: private.

Del på