No kan du ta ph.d.-kurs om forskingsmetodar
Doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur» tek snart opp nye stipendiatar. I januar 2026 byrjar det tredje emnet på forskarutdanninga i Volda, og kurset om forskingsmetodar kan fleire søkje plass på.

Frå venstre: professor Per Halse, leiar for doktorgradsprogrammet, professor Siv M. Gamlem, emneansvarleg for ph.d.-kurset om forskingsmetodar, professor Inger Marie Okkenhaug, som er mellom faglærarane på kurset, og stipendiatane Sondre Johan Chesney Kvamme og Rebecca Linnèa Söderström Barreng, som er del av det første forskarkullet på ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur». Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Ph.d.-tilbodet Utdanning, språk og kultur (USK) ved Høgskulen i Volda (HVO) byrja vårsemesteret 2025, og i desse dagar går det ut tilbod til forskarkull nummer to.
Mellom dei aller første USK-stipendiatane er Rebecca Linnèa Söderström Barreng og Sondre Johan Chesney Kvamme, som begge er særs nøgde med forskarutdanninga i Volda så langt.
– Det har vore veldig gøy og lærerikt, og vi stortrivst. Eg flytta hit frå Austlandet for dette, og frå dag éin blei eg godt teken imot. Rettleiarane møtte meg med ein gong og viste meg rundt, og det har vore hjelp å få heile vegen – så dette har vore heilt fantastisk, smiler Rebecca.
Går både praktisk og teoretisk til verks
Det tredje obligatoriske ph.d.-emnet har premiere i januar 2026 og tek føre seg forskingsmetodar. Kort fortalt handlar det om kvalitativ og kvantitativ forskingstilnærming og mixed methods-forsking (blanda metodar). Deltakarane blir introduserte for metodelitteratur og dessutan korleis ein arbeider med og analyserer datamateriale i forsking.
– I forskarutdanninga vår kjem kandidatane inn frå ulike fagfelt, så her møtest ulike tradisjonar som kan lære om og av kvarandre – dette gjer ph.d.-programmet vårt både nyttig og interessant, seier emneansvarleg Siv M. Gamlem, som er professor ved Institutt for pedagogikk på HVO.
Gamlem fortel av det nye emnet både skal djupt inn i teoretisk substans og ha ei praktisk tilnærming:
– Studentane skal til dømes forstå ulike paradigme gjennom sentral metodelitteratur og lære formidling gjennom å presentere eiga forsking som konferanse-poster.
- Heile emneplanen kan du lese her: DRUSK903. Vil du utforske faglitteraturen, kan du sjå pensumlista her.
Teksten held fram under videoen.
Bli medstudent med nøgde stipendiatar
Gamlem underviser på kurset saman med tre HVO-professorar frå ulike fag: Wenke Mork Rogne (språk og litteratur), Helga Synnevåg Løvoll (idrett og friluftsliv) og Inger Marie Okkenhaug (historie).
– HVO er ein liten institusjon, noko som gjer at ph.d.-studentane her får veldig tett oppfølging, sit samla og har kort veg til fagmiljøa – som tek godt vare på dei, seier Okkenhaug.
Stipendiat Sondre Kvamme er godt nøgd med korleis dei obligatoriske emna har vore så langt for HVOs første doktorgradskandidatar i utdanning, språk og kultur:
– Sjølv er eg litteraturvitar med nærlesing som metode. Ofte kan eg føle meg som ein metodisk outsider, men då er det veldig interessant å få sett prosjektet sitt i perspektiv. Det å bli bevisst på korleis ein tilnærmar seg forsking, er kjempeviktig. Og for eit framtidig perspektiv: Når eg allereie no rettleier masterstudentar på lærarutdanninga, har det utruleg stor verdi for meg å lære meir om dette.
Søk på emnet innan 1. desember
Det nye ph.d.-emnet er ope for søking fram til 1. desember. Det blir to fysiske samlingar i Volda: 14.–15. januar og 17.–19. februar 2026. Grunnlaget for opptak er mastergrad med karakteren B eller betre.
- Meir informasjon om mellom anna opptakskrav og gjennomføring finn du i studiekatalogen.
Dersom ein ph.d. i utdanning, språk og litteratur på HVO kan vere noko for deg, er det berre å følgje med på nye utlysingar av stipendiatstillingar.
– Vi held akkurat no på med å ta opp det andre forskarkullet, som byrjar rett over nyttår. Prosessen er grundig og tek tid, så eg håpar vi får lyse ut tredje runde med stipendiatstillingar så raskt som mogleg, smiler programansvarleg og professor Per Halse.
- Les også om det første emnet og det andre emnet i det som er HVOs første ph.d.-program i humanistiske fag og utdanningsvitskap.





