PhD Doktorgrad
Forskingsmetodar
Hovudmålet med ph.d.-emnet er å gje kandidatane inngåande kunnskap om og kjennskap til kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og til mixed methods.
 
 - Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- PhD Doktorgrad
- Søk frå:
- 31.10.2025 - 01.12.2025
Det vert forventa at kandidatane skaffar seg innsikt i ein del klassiske og nyare metodiske verktøy som set dei i stand til å argumentere for dei metodane dei vel å bruke i eiga forsking. Dei skal også lære å planlegge og utføre analysar av ulike datakjelder som intervju, samtalar, observasjon, skriftlege tekstar og spørjeundersøkingar. Ulike forskingsmetodiske moglegheiter, avgrensingar og særpreg ved ulike tilnærmingar vil verte vektlagde.
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-emnet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.
Søkjarar må kunne dokumentere kunnskap i engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
På seminardagar vil m.a. presentasjon av forskingsprosjekt med bruk av kvalitativ-, og kvantitativ metode med og utan Mixed Methods design som er publiserte i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift utgjere ein del av læringsprosessane i emnet.
Det er ein føresetnad at kandidaten deltek aktivt på seminaropplegget i diskusjonar rundt val og bruk av ulike forskingsmetodar. Undervisninga er samlingsbasert.
Kandidatane presenterer og diskuterer forskingsdesign og val av statistiske analysemetode(r) for medkandidatar og faglærar både ut frå eige prosjekt og tidlegare publiserte studiar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet inngår i ph.d i Utdanning, språk og kultur.
