Bygga på Høgskuleområdet
Lærarutdanninga starta i Volda med Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Skoleholdere i 1861. Med nokre korte opphald undervegs har det i Volda blitt utdanna lærarar i over 150 år. I 1971 vart Møre og Romsdal distriktshøgskule i Volda (MRDH-V) etablert. Distriktshøgskulen i Volda utmerka seg mellom anna med ei nasjonalt leiande medieutdanning. Distriktshøgskulen og Volda Lærarhøgskule vart i 1994 slått saman til Høgskulen i Volda.

Sivert Aarflot-huset er det nyaste huset på høgskuleområdet. Det vart tatt i bruk som eit topp moderne mediehus til semesterstart hausten 2021. Alle medieutdanningane er samla der, som betyr at Sivert Aarflot-huset huser om lag 500 mediestudentar og 50 tilsette. Det er også eit senter for arbeid med digital kompetanse i læring.
Huset inneheld ei rekke spesialrom knytt til medieutdanningane som radiostudio, fjernsynsstudio, redigeringsrom, redaksjonslokale og framtidslaboratorium. Dei tilsette ved Avdeling for mediefag har sine arbeidsplassar i huset.
Huset har fått sitt namn etter Sivert Aarflot (1759-1817) som var ein pioner for opplysning gjennom medieverksemd. Han var bonden frå Ørsta som vart lærar og deretter lensmann i Volda, og han skipa den første folkeboksamlinga, det første prenteverket og den første avisa på landsbygda i Noreg.
Trykkeriet skipa Aarflot i 1809 og i 1810 gav han ut den første avisa på landsbygda i Noreg, Norsk Landboeblad. Dette er forgjengaren til dagens lokalavis i Volda, Møre.

Henrik Kaarstad-huset er det eldste huset ved Høgskulen i Volda. Det er teikna av arkitekt Øyvin Berg Grimnes og stod ferdig i 1922. Bygget har fått namn etter Henrik Kaarstad, ein av grunnleggjarane av og mangeårig rektor ved Volda lærarskule. Volda Lærarskule var i 1922 den største lærarskulen i Skandinavia. Det monumentale murbygget på 2570 m² var i si tid eit bygningsmessig storprosjekt på landsbygda. Henrik Kaarstad-huset har vorte bygd på i både 1982 og 2001. Hovudhuset vart i 2016 oppgradert innvendig og er i bruk til undervisning. Framfor det gule bygget ligg ein idyllisk park.

Då MRDH og Volda Lærarhøgskule vart slått saman i 1994, vart det behov for eit nytt bygg. Berte Kanutte-huset, lokalisert midt mellom dei to gamle institusjonane, vart teke i bruk i 1998 og er med sine 8000 m² det største bygget ved høgskulen. Bygget inneheld mellom anna auditorium, undervisningsrom, grupperom, kantine, bibliotek, kontor og vrimleareal. Her held også administrasjonen med rektor og direktør til. Berte Kanutte-huset er sentralt plassert på campus med Hans Strøm-huset og Ivar Aasen-huset i sør og Henrik Kaarstad-huset og Idrettsbygget i nord. Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) er den fremste av dei haugianske forfattarane og ein av dei mest sungne av alle norske salmedikterar på 1800-talet. Voksterbakgrunnen hennar er på den eine sida det litterære miljøet i barndomsheimen på Ekset i Volda, på den andre sida Haugerørsla. Då høgskulestyret skulle bestemme namnet til det nye huset i 1998, vann Berte Kanutte med ni mot to stemmer over faren sin, Sivert Aarflot.

Synnøve Riste-huset vart opna i 2010. Kontorbygget på tre etasjar samlar store delar av dei tilsette ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Synnøve Riste (1858-1889), oppvaksen i en politisk aktiv familie på Rotset i Volda, var kjend som redaktør, målkvinne og kvinnesaksforkjempar. Ho var ei av dei første kvinnene i norsk presse som skreiv nynorsk.

Distriktshøgskulen fekk etter kvart behov for større areal, og løysinga vart Hans Strøm-huset som stod klart i 1984. I tillegg til undervisningsrom, auditorium og kontor, inneheld huset ulike produksjonsrom for mediefaga, som tv- og radio-studio og redigeringsrom. Hans Strøm (1726-1797) var prest i Volda, naturforskar og topograf, med tittelen professor. Han er mest kjend for si topografiske framstilling av Sunnmøre og ei tilsvarande framstilling av Eiker i Buskerud, men han lét etter seg eit omfattande forfattarskap med emne frå svært ulike fagfelt.
Ivar Aasen-huset
I 1972 vart Ivar Aasen-huset ferdigstilt i samband med at Distriktshøgskulen i Volda (DH) vart etablert. Huset, som er eigd av Volda kommune, er nytta til undervisning med auditorium, undervisningsrom og grupperom og inneheld også kontor og lokale til studentradio. Språkforskaren og diktaren Ivar Aasen (1813-1896) er mest kjend for å ha skapt landsmålet, opphavet til moderne nynorsk. Han reiste rundt i landet og noterte særtrekk ved dialektene i Noreg, som gav grunnlaget for det nye norske skriftspråket.