Slik vart Kaarstad-festen

Tekst: Karl August Swanstrøm , Foto: Karl August Swanstrøm

- Oppdatert

Henrik Kaarstad-huset jubilerte 100 år onsdag 16. november til storslått fest. Det vart seminar, allsong, talar, korsong, spel frå symfoniorkesteret og helsing frå Forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe.

Sola skein på det monumentale gule bygget som på den nokso varme novemberdagen fekk konstatere at det har stått i 100 år. Dåverande Volda Lærarskule blei i 1994 slått saman med Distriktshøgskulen i Volda til Høgskulen i Volda (HVO) og huset skifta namn til Henrik Kaarstad-huset, til ære for rektoren som fekk bygget oppført.

Klokka 11.00 starta dagen i kantina på Berte Kanutte-huset der prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskja tilsette og inviterte gjestar velkomen til markeringa.

Så fortalde rektor Johann Roppen om historia til lærarskulen og kvifor Henrik Kaarstad bygde huset som skulle bli Nordens største lærarskule.

Johann Roppen

Ordførar Sølvi Dimmen gratulerte høgskulen med jubileet, snakka om betydninga huset og lærarskulen har hatt for bygda og Søre Sunnmøre og overrekte frå kommunen eit stort fotografi som gåve med bilete frå eit av fjella i nærleiken av Hjørundfjorden.

Sølvi Dimmen overrekker et fotografi til prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim

Banksjef Hege Karete Hamre ved Sparebanken Møre Volda hadde også ei gåve på lur, men denne adresserte ho direkte til studentane og Studentparlamentet i form av ei sjekk på 100.000 kr(!). Ho tala varmt om betydninga av eit levande studentliv og engasjement i studentorganisasjonane som har hatt utfordringar med rekruttering i kjølvatnet av koronapandemien. Dette ønskjer ho og Sparebanken Møre og gjera noko med, og Studentparlamentsleiar Trond-Fredrik Hoddevik kunne glede seg over den sjenerøse gåva.

Banksjef Hege Karete Hamre ved Sparebanken Møre, avd. Volda og Studentparlamentsleiar Trond-Fredrik Hoddevik

I mellom talane vart det allsong, og deretter fekk gjestane gå turen vidare til jubilanten sjølv, og på Henrik Kaarstad-huset vart det gjennomført ulike seminar, utstillingar og servering.

Rektor Johann Roppen og Forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe
Rektor Johann Roppen og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe framfor den jubilerande 100-åringen.  

På ettermiddagen starta det opne programmet i Berte Kanutte-huset med fanfare frå Symfoniorkesteret, ei ny helsing frå rektor, og ei lengre helsing frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Ministeren tok blant anna opp dei breiare perspektiva om kor unikt og banebrytande Volda lærarskule var i si tid, og syntest det var ei fin gest av HVO å gi namn til husa på høgskule-området til føregangsfolk innan skule og opplysning frå bygda.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe

Koret ved Høgskulen i Volda og dirigent Elizabeth Oltedal framførte musikk og det kan merkast at koret består nesten utelukkande av musikk-studentar skolert ved HVO.

Høgskulekoret

Så vart det framføring av Kari Hasle og Kjell Arild Madssen der dei viste bilete frå livet i Henrik Kaarstad-huset gjennom tidene ved hjelp av teknikken digital historie-forteljing.

Livet i Henrik Kaarstad-huset gjennom tidene

Tidlegare tilsett Norleif Vik heldt føredrag om kortradisjonen og ringverknadene frå Volda lærarskule og Volda mannskor kunne saman med Symfoniorkesteret avslutte dagen med verka Slavekoret, Mori syng og Landkjenning.

Ein 100-åring fekk ei verdig feiring som tilhaldsstad for kunnskap og utdanning, og vi kryssar fingrane for at det held fram slik i fleire hundre år framover.

Sjå fleire bilete frå markeringa i karusellen under

Del på